Skriv om dødens venterom
Vibeke Løkkeberg har ofte nytta sitt eige liv når ho har laga film eller skrive roman. Men arbeidet med Frokost på stupet blei meir akutt og tett på enn ho kunne ønskje.
Vibeke Løkkeberg har skrive ein roman om å leve saman med ein kreftsjuk ektefelle.
Foto: Solum / Bokvennen
At det har gått elleve år sidan sist bergenskunstnaren var ute med bok, heng ikkje berre saman med filmarbeid og internasjonal lansering av antikrigsfilmen Gazas tårer. At sambuaren hennar, Terje Kristiansen, fekk ulækjeleg beinmargskreft, har endra liva deira fullstendig og mellom anna sett i gang ein skriveprosess i Løkkeberg som ho lenge køyrde seg fast i, men som med god redaktørhjelp resulterte i litterær forløysing.
Ho skildrar sjølv bakgrunnen for romanen som «tydeleg autentisk», det har vore nødvendig for henne å skrive om den situasjonen pårørande kjem i når ektefellen har fått ein dødsdom. Boka har ei dobbel rørsle – mot døden på den eine sida, og mot at ei ny bok blir fødd på den andre. For denne romanen har eit klart metaperspektiv, som ikkje minst kjem fram ved at hovudpersonen, Alice, skriv på ein roman med tittelen Frokost på stupet. Ho lever saman med ein ulækjeleg kreftsjuk mann, Adam, og sjukdommen hans styrer tilværet deira i aukande grad.
Livserfaringar
– Kva har du gjort for at historia ikkje skulle bli for privat?
– Du gjer erfaringar i livet som blir så altoppslukande at du må finne eit språk og ein kunstnarleg kanal som gjer at stoffet ikkje berre viser til den private delen av deg. Det er tale om å skape eit univers kring ei kjensle, så det blir autentisk, men ikkje privat. Og då vil oftast, som i dette tilfellet, både dialogar og hendingar vere oppdikta.
Samtidig refererer ho til oppvekst i Bergen med element av gjenkjenning og som har skjedd. Det handlar om Alice som 15 år gammal dotter. Mora sender henne for å hente diakonen som skal klippe og barbere den alvorleg sjuke far hennar. Men ho veit ikkje at han også har med seg ei dødbringande sprøyte, som skal gjere slutt på livet og lidingane hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.