Landbruk
Skogen som står i vegen
Ikkje alle tre står i ein skog. Det inneber ikkje at dei er utan verdi.
Skog ved veg vert ved: Meir trengst ikkje for å halde hushaldet mitt varmt ein vinter, tenker eg. Skog ved veg vert ved: Meir trengst ikkje for å halde hushaldet mitt varmt ein vinter, tenker eg.
Foto: Siri HelleFoto: Siri Helle
Lytt til artikkelen:
For eit par månader sidan fekk eg fylgjande tekstmelding av ein sambygding: «Ein venn av meg sa at du ville sage ved, sag so mykje du vil, det er heilt gratis og kloss i vegen.»
Avsendaren av meldinga har heilt rett: Eg likar å hogge min eigen ved. Det er kjekt arbeid som varmar godt. Og han hadde ikkje overdrive avstanden til vegen heller – snarare tvert om: Vedskogen vår denne vinteren, som skal halde oss varme neste vinter og kanskje vinteren etter det, er ein par hundre meter lang vegkant. På eine sida eit jorde, på andre sida ein kommunal veg og midt i mellom, altså, ei rekke tre av ulikt slag: bjørk, selje, hegg og hassel i små og mellomstore dimensjonar. Det kjem til å brenne, alt saman.
Grunneigaren får ikkje betalt for tømmeret. Vi får ikkje betalt for arbeidet. Men vi får ved, og han får rydda vekk skog som står i vegen.
Attgroing
Noreg 2020 har mykje slik skog. Skog som står om ikkje i for nær vegen, så på jordbruksland det ikkje er lønsamt å ha i bruk lenger, skog som krabbar seg oppover fjellsidene på grunn av temperaturstigning, skog som vart planta ein stad på ei tid tømmerprisane var annleis enn no, og som difor ikkje lenger er lønsam å ta ut. Noreg gror att, seier vi, og syner til skog og kratt på avvegar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.