Kommentar

Skjermbrukutvalet har levert sin rapport. Han kunne vore skriven av ein chatbot.

Publisert

Dei siste 10–15 år har Noreg vore gjennom ein stille revolusjon. Skulane våre, og i mange tilfelle barnehagar, er blitt digitaliserte. iPadar og digitale læremiddel har mange stader tatt over for papirbøker, penn og papir, som har vore verktøy for læring sidan tidleg mellomalder.

Ingen undersøkte om endringa var bra for barna og læringa deira. Svært mykje forsking, for ikkje å snakke om erfaringar frå foreldre og lærarar, viser det motsette: at skjermbruken går negativt ut over barns lese- og konsentrasjonsevner. Digitalisering blei eit mål i seg sjølv, mens ein i stor fart suste forbi alle fareskilt. Å kalle det som har skjedd, «systemsvikt», er neppe for sterkt.

Som kunnskapsminister har Kari Nessa Nordtun (Ap) sett i gang ei realitetsorientering og ein snuoperasjon. Derfor blei Skjermbrukutvalets rapport (NOU 2024: 20), som blei levert denne veka, møtt med uvanleg stor interesse. Utvalet skulle sjå på korleis skjermbruk påverkar helse, oppvekst, læring og trivsel i barnehagen, på skulen og på fritida.

Tittelen på rapporten, Det digitale (i) livet, lovar ikkje godt. Han er som skapt til å føre lesaren rett inn i ein mental tåketilstand alt før sjølve lesinga tek til. Men la det vere sagt med ein gong: Om ein greier å kjempe seg gjennom dei nær 300 sidene, finn ein mange klare tilrådingar. Skjermbruken bør avgrensast, stort sett over heile linja. Det finst ikkje haldepunkt for at han fremjar læring.

Likevel, tonen i rapporten seier ofte meir enn sjølve innhaldet. Det er som om forskarane bak teksten sjølv er fanga av problema dei skal analysere. Språket er heile tida fullt av sjølvsagde formuleringar, ein slags medviten naiv-diplomatisk stil. Eit av mange eksempel er: «Barn og unge opplever mange gleder og positive sider ved sosiale medier og dataspill. En vesentlig del av barn og unges sosiale liv utspiller seg på skjermene, og de er i dag en viktig arena for å få og opprettholde vennskap. Sosiale medier gir underholdning, inspirasjon og kontakt med venner og kjente.»

Ja, greitt. Men er ikkje poenget at dette «sosiale livet» har kolonisert – og for mange erstatta – det sosiale livet og leiken i den verkelege verda? Og er det ikkje nett dette som sannsynlegvis er årsaka til så mange problem av psykisk og fysisk art, som angst, depresjon, dårleg motorikk, overvekt og lærevanskar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement