Skandinavisk rytme
Dei skandinaviske statane og folka som bur der, har vorte stadig likare i etterkrigstida. Men så var det dette med Sverige og innvandring, då. Dessutan har ikkje distriktspolitikken i Noreg vore særskilt vellukka.
Sverige var det typiske skandinaviske landet. No er det det mest utypiske, noko vi til dømes har sett under koronapandemien. Her statsminister Stefan Löfven framføre det svenske flagget.
Foto: Henrik Montgomery / TT / NTB scanpix
Ja, dei skandinaviske landa er like, men dei er òg ulike. Danske Rockwool Fonden, som både er ei stifting og ein forskingsinstitusjon, er illustrerande for skilnaden i skandinavisk kapitalisme, sjølv om det same Rockwool Fonden i den nyss utkomne boka Velfærdsstat og befolkning i Skandinavien seier at det knapt er skilnad mellom dei tre skandinaviske landa. Danmark og Sverige er fulle av gamle pengar, Noreg har knapt noko slikt.
Stiftingsstrukturen som pregar Danmark og Sverige er eit resultat av at familiar ikkje vil gje frå seg kontroll og arveavgift når éin generasjon tek over for ein annan. Rockwool Fonden og særleg Carlsbergfondet er to gigantiske danske stiftingar som har reell kontroll over selskapa dei er oppattkalla etter. Men sidan dei ikkje er eigde av personar, sjølv om dei delvis er kontrollerte av etterkomarar etter dei som stifta selskapa, betalar dei korkje arveavgift, kapitalskatt eller utbyteskatt, nett som det norske Oljefondet. Dimed vert kapitalen akkumulert. Og som Rockwool Fonden peikar på i boka si, har overskotskatten i alle dei tre skandinaviske landa nett som i OECD elles, gått kraftig ned dei siste tiåra. Dimed får slike stiftingar og fond stadig meir utbyte, som dei kan nytta til meir eller mindre gode føremål eller reinvestera i firmaa dei kontrollerer.
Skattesystemet
I Velfærdsstat og befolkning i Skandinavien – Træk af udviklingen siden 1960’erne, som kom denne veka, samanliknar ulike forskarar i regi av Rockwool Fondens Forskningsenhed dei tre skandinaviske landa gjennom dei siste 60 åra. Konklusjonen er at vi med to unntak, svensk innvandring og svensk kriminalitet (på båe felt ligg Sverige skyhøgt over grannelanda), har vorte stadig likare. Ein av illustrasjonane på nett kor like vi er, er at dei tre landa har fått nett den same overskotskatten, på 22 prosent, og det frå heilt ulike formelle nivå.
Samstundes syner grafen over den reelle historiske overskotsskatten ei nesten heilt lik utvikling for Danmark og Sverige, men ikkje Noreg. I etterkrigstida har verksemdene i Danmark og Sverige, og på fastlandet i Noreg, i røynda berre betalt 3 prosent av BNP i skatt, sjølv om dei formelle skatteratane lenge var ulike. Dei tre sosialdemokratiske styringspartia har i røynda alltid vore uviljuge til å skattleggja verksemder i særleg grad, og har i ein internasjonal samanheng i så måte lenge vore skatteparadis for kapitalistar som ikkje tek ut pengar til personleg bruk, men reinvesterer.
Men forfattarane forklarar ikkje i særleg grad det særnorske regimet for energi eller det faktum at Noreg i den demokratiske verda er heilt unik ved å ha ein statsdriven kapitalisme. I Noreg har verksemder i gode år betalt opp til 13 prosent av BNP i skatt, om vi ser på dei siste 30 åra. Og nett det forklarar også kvifor vi ikkje har særleg med gamle pengar og stiftingar i Noreg, Noreg er nemleg ein energinasjon. Og Noreg har, i motsetnad til Danmark og delvis Sverige, ikkje tillate at private har teke kontroll over energiproduksjon. Dei to selskapa i Europa som ligg som nummer éin og to i skatteinnbetaling, er Petoro og Equinor, som i verdssamanheng ligg som nummer 4 og 7 i skatteinnbetaling frå selskap. Også Statkraft, som er Europas største selskap innanfor fornyeleg energi, er ein enorm skatteytar. Så heilt like er vi ikkje. Noreg, i motsetnad til Danmark og Sverige, lever i høg grad av selskapsskatt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.