Forteljingar om frykt – kvardagsliv i skuggen av krigen

Å skru klokka tilbake – til 2007

Vi hentar fram det som var kult då vi var unge. Men vi liker det ikkje.

Publisert Sist oppdatert

For nokre månadar sidan la eg den gamle Cowon-spelaren min ut på ei nettside der folk sel og kjøper ting. Det er snakk om ein multimediespelar som ser ut som han høyrer fortida til – ein tung kloss med skjerm der ein kan høyre musikk og sjå videoar som ein først må laste ned. Ingen lagar slike duppedittar lenger.

Det var litt trist å selje han. Eg trong han ikkje, men det var ein sjeldan modell av eit anerkjent merke. På ein måte har det blitt tristare etter som månadane har gått. No tenker eg, heilt uironisk, at det ville vore verdt å ta Cowon-spelaren i bruk igjen.

Og eg er ikkje den einaste som tenker slik. Å ta i bruk gamle duppedittar verkar mindre absurd for kvar dag som går, takka vere den russiske sensuren.

Eg veit ikkje kva syn europearane har på piratkopiering, men eg tippar, stereotypisk nok, at de har større respekt for digitalt innhald enn vi russarane har. Vi har sett på piratkopiering som noko legitimt, ja, nærast nødvendig.

På starten av 2000-talet spelte piratkopieringa ei stor, formativ rolle for hundretusenvis av russarar som ikkje fekk kjøpt bøker og CD-ar. Med eitt fekk vi tilgang til store mengder interessant innhald – heilt gratis. Eg tullar ikkje når eg seier at utan piratkopieringa hadde det vore langt verre å leve i Russland enn det har vore.

I dei seinare åra har den rådande oppfatninga vore at piratkopieringskulturen nærmast er utrydda. Kvifor bruke energi på å leite etter ein film og laste han ned eller sjå han på ei side full av reklame no, når nesten alle abonnerer på ei eller anna billig strøymeteneste?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement