Kommentar

Sjukehusføretak på felgen

Kvar vert det av helsa i helseføretaka våre?

Publisert Sist oppdatert

«Som følgje av uløyste utfordringar på 54,6 mill. i budsjettet for 2025 har klinikken eit forventa månadleg underskot på -4,5 mill. under løn- og personalkostnadar.»

Slik står det skrive i verksemdsrapporten til Kirurgisk klinikk ved Helse Førde frå august i år. Var det ein tung måte å starte ein tekst på? Ja, det er tunge tal. Helse Førde må spare om lag 60 millionar kroner i året for å nærme seg eit budsjett som i seg sjølv legg opp til underskot. I nord er tala endå større: Om Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) skal leve opp til krava frå eigaren Helse Nord om økonomisk balanse, må dei kutte utgifter på heile 600 millionar kroner. I hovudstaden står mykje i stampe medan ein ventar på eit nytt gigantsjukehus som truleg likevel vert for lite.

«Helseforetaksdyr»

Dette er nokre av årsakene til at Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ser det som ei hovudoppgåve å få vedtatt å skrote helseføretaksmodellen i det nye stortinget som snart trer saman. Der er det nemleg fleirtal for dette, meiner han: Med Frp, SV, Raudt og MDG kan denne utskjelte måten å drive sjukehus på verte historie.

Då Vedum denne veka vitja eit av sjukehusa som kan verte sterkast råka av kutt – Lærdal sjukehus har barselavdeling, medisinsk sengepost og ortopedisk avdeling som alle står i fare for å hamne i Førde – gav han føretaka den ikkje så positive nemninga «helseforetaksdyr» og hevda dei var til for å ta avgjerder «på armlengdes avstand frå politikken».

«Dyr» er likevel blant dei mildare nemningane helseføretaka har fått av kritikarar. Reforma vart vedteken av fyrste Stoltenberg-regjeringa i 2001 med mål om å effektivisere sjukehusdrifta og betre kostnadskontrollen. Pasientar og omsorg vart nedprioritert til fordel for effektivitet og økonomi, hevda kritikarane – og hevdar dei framleis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement