JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sjukehuset USA

Amerikanarane vert stadig sjukare, feitare og meir ulukkelege.
No døyr dei sju år før nordmenn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det vert aldri semje om kvifor amerikanarane vert feitare og feitare, men auka kaloriinntak og redusert fysisk aktivitet kan ikkje vera heile forklaringa.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

12173
20230310

Bakgrunn

I Noreg deltek 77,1 prosent av alle mellom 20 og 66 i arbeidsstyrken.

I USA er det same talet 62,4.

Narkotikadødsfalla er nesten firedobla sidan 2000.

Helse

jon@dagogtid.no

Verda er på veg inn i ein kald krig, denne gongen er det ikkje USA mot Sovjetunionen, men USA mot Kina. Den førre kalde krigen vart vunnen med økonomiske musklar. Amerikanarane var langt meir nyskapande og produktive enn russarane. Dessutan hadde dei langt betre helse og mykje mindre rusmisbruk enn sovjetrussarane. Denne gongen er ikkje biletet like roseraudt. USA slit, og pilene peikar i feil retning.

USA nyttar 20 prosent av bruttonasjonalproduktet på helse og omsorg. Vi i Noreg nyttar 12 prosent. Det skulle ein tru synte att i ein eller annan statistikk. Det gjer det kanskje i statistikkar om sløsing, men ikkje i statistikkar om folkehelse. USAs folkehelse er elendig og vert stadig verre. Om ein meiner at gode helse er lik god økonomi og evne til høg arbeidsinnsats, er USA ikkje landet ein bør investera i.

I Noreg er arbeidsdeltakinga i gruppa mellom 20 og 66 år 77,1 prosent, i USA er den tilsvarande deltakinga 62,4. I det minste i teorien burde det vera slik at dersom ein har gode trygdeordningar, som vi har i Noreg, men som dei ikkje har i USA, er det eit incitament til å arbeida mindre. Men slik er det ikkje for amerikanarar. Sysselsetjinga er langt lægre i USA enn i Noreg, og den gjennomsnittlege arbeidsveka er like kort i Noreg som i USA.

Mange amerikanarar er så gåne og slitne at dei enkelt og greitt ikkje maktar å arbeida, sjølv om det gjer dei fattige. Seks av ti amerikanarar seier dei lid av minst éin kronisk sjukdom, fire av ti seier dei har to eller fleire.

11 millionar stillingar

Per no er det 11 millionar ledige stillingar i den amerikanske økonomien, og løningane er kraftig på veg opp. I fjor var faktisk medianløna i USA komen opp i 54.000 dollar, som er nett den same medianløna som i Noreg. Likevel er det berre 5,7 millionar amerikanarar som aktivt seier at dei er på utkikk etter arbeid. Sidan covid-19 kom i mars 2020, har 2,8 millionar amerikanarar forlate arbeidsstyrken eller late vera å gå inn i han. Tre millionar «ekstra» amerikanarar over 55 år tok enkelt og greitt pensjon.

Det er ingen teikn til at dei kjem attende. Som det amerikanske handelsdepartementet skriv: «Vi er inne i ei nasjonal krise. I dag er det langt fleire ledige jobbar enn folk som vil ha dei. Resultatet er at amerikansk næringsliv ikkje kan veksa og konkurrera.» Vi må attende til 1970-åra for å finna ei lægre arbeidsdeltaking mellom kvinner enn i dag. 28 prosent av dei som slutta i arbeidslivet under pandemien, seier dei har for dårleg helse til nokon gong å koma attende til arbeidslivet.

Stadig mindre

USA er ein krigarnasjon. Det er dei som skal forsvara til dømes oss om noko går gale. Høgde, sjølv om vi ikkje liker å snakka om det, er eit godt mål for helse, styrke og kognitive evner. Di høgre ei folkegruppe er, di betre kan vi rekna med at den folkegruppa gjer det i både krig og fred. Forfattaren og historikaren Adrian Wooldridge, som skriv for Bloomberg, har sett nærare på korleis høgde har utvikla seg mellom rekruttar som er på sesjon.

I kolonitida var amerikanske rekruttar 5 til 7 cm høgre enn rekruttar i Vest-Europa. No er det nesten omvendt. Høgda til amerikanske rekruttar er på veg ned. I dag er til dømes ein norsk mann 179,8 cm, ein amerikansk mann 175,4. Etter krigen var amerikanske menn høgre enn norske. Langt dei fleste amerikanske ungdomane som ynskjer å tenestegjera, vert avviste, tre av fire. Dei er ikkje i god nok form til å gjennomføra militærteneste.

Det er ikkje nett beinharde krav ein står overfor om ein vil skriva seg inn i ei av forsvarsgreinene. Kravet til kondisjon om du er mann, er at du maktar å springa to amerikanske mil, som er 3,2 km, på under 15,54 minutt. Det makta berre 25 prosent av amerikanske menn mellom 17 og 21.

Pentagon seier at dei vanlegaste grunnane til at rekruttar vert avviste, er helse, fysisk form, overvekt og rus. 77 prosent vert avviste, 31 prosent på grunn av for høg vekt og dimed dårleg form. General Thomas Spoehr seier det på denne måten: «Barn heilt ned til to år er no overvektige, og overvekt berre aukar på gjennom barne- og ungdomstida. Dette viser at vi må arbeida for å hindra overvekt alt frå tidleg barndom, gjennom skuletida og vidare i livet.»

Levealderen går ned

Men det er slutten av livet som er mest urovekkjande, for han kjem no tidlegare og tidlegare. I 2014 slutta ei utvikling som har gått føre seg heilt sidan USA vart ein sjølvstendig nasjon. Levealderen slutta å auka og byrja å gå attende. I Noreg er forventa levealder for kvinner 85 år, og 81,5 år for menn, altså er gjennomsnittleg levealder 83,2 år. Der er ikkje USA, for å seia det slik. Gjennomsnittleg levealder er no komen ned i 76,1 år.

Det er den same levealderen som i 1996, på berre åtte år er 25 år med levealderauke dimed rydda vekk. I 2018 levde tyskarar 2,5 år lenger enn amerikanarar, i 2021 var skiljet 4,3 år. I Frankrike levde dei fire år lenger i 2018, i 2021 var levealderen seks år høgre mellom franskmenn.

Store pengebruk

Og dette handlar verkeleg ikkje om manglande offentlege løyvingar. USA nyttar samla, målt i prosent av BNP, dobbelt så mykje på helse og omsorg som gjennomsnittslandet i EU, og sidan USA har mykje høgre BNP per innbyggjar enn EU, er den absolutte pengebruken meir enn 150 prosent høgre enn i EU.

Om vi tek med skattefrådraga som all privat helsepengebruk fører til i USA, er i røynda to tredjedelar av all pengebruk på helse og omsorg offentleg finansiert i USA. I absolutte pengar nyttar dimed det offentlege i USA dobbelt så mykje pengar som det gjennomsnittlege EU-landet. Det burde ein kunne få litt helse ut av.

Ja, det offentlege USA nyttar til og med meir pengar enn den norske staten og kommunane. Likevel er levealderen i store delar av sørstatane, til dømes i Vest-Virginia, lægre enn i Mexico, som også slit med ein overvektsepidemi. Men den amerikanske er verkeleg stygg. I 1980 var 15 prosent av amerikanarane sjukleg overvektige, i 2000 30,5 prosent og i 2022 41,9 prosent.

Ultraprosessert mat

Det vert aldri semje om kvifor amerikanarane vert feitare og feitare, men auka kaloriinntak og redusert fysisk aktivitet kan ikkje vera heile forklaringa. Det har til dømes ikkje vore ein nedgang å snakka om i fysisk aktivitet mellom 2000 og 2020, heller ikkje har kalorimengda gått særleg opp. Meir og meir peikar på at det er den omfemnande etinga av ferdigmat, såkalla ultraprosessert mat, som er alt frå lettbrus til kjøpebrød til potetgull og alle ferdigrettar ein kan setja i mikrobølgjeomnen, som er ein av hovudgrunnane.

Slik mat endrar mellom anna tarmfloraen og ser ut til å auka kaloriopptaket i tarmen. I USA har nesten alle slutta å laga mat frå botnen av. I byar er det no heilt vanleg å byggja leilegheiter utan kjøken. Det held lenge med ein mikrobylgjeomn. Amerikanarar flest kjøper no mat ute.

For å nå endå fleire svarte barn og ungdomar har McDonald’s no gått inn eit samarbeid med artisten Cardi B. Ho har no fått ein eigen meny som kostar 18 dollar, som er nokså dyrt, men som er billig om ein tel kaloriar, og absolutt alt er ultraprosessert.

2175 kaloriar

Det er 2175 kaloriar i menyen, som har vorte utruleg populær. McDonald’s lover gong på gong å laga sunnare mat med færre kaloriar. På lik line med alle andre hurtigmatkjeder bryt dei lovnaden, og for kvart år som går, nyttar dei stadig meir pengar på reklame som er særleg retta mot dei som har minst pengar og dårlegast helse frå før.

13 prosent av dei som er i arbeid i USA, har ei eller anna liding som kan knytast til overvekt. Amerikanske verksemder taper varsamt rekna 90 milliardar dollar i året på fråvær som handlar om overvekt, og dei som slit mest med overvekt, er svarte generelt og kvite utan utdanning spesielt. Den samla kostnaden for samfunnet av alle denne overvekta vart i ein større rapport frå 2020 fastslegen til 1,3 billionar dollar, som er 7 prosent av amerikansk BNP, og om lag dobbelt så høgt som forsvarsbudsjettet, som er suverent størst i verda.

Smertestillande

Men det kanskje aller verste er opioidepidemien. Etter beinhardt lobbypress frå slike som McKinsey og store valkamptilskot til nær sagt alle som vil verte valde til politiske embete, snudde amerikanske styresmakter det blinde auget til då farmasiindustrien byrja å pumpa enorme mengder tunge smertestillande tablettar inn i amerikanarane.

I 2000 var det 62 overdosedødsfall per 1 million amerikanararar, i 2022 var det same talet 277 per 1 million. Den samla kostnaden for USA er usikker, men vi kan enkelt og greitt fastslå at narkomane ikkje har mykje i arbeidsmarknaden å gjera, særleg ikkje om dei attpåtil er døde.

Sjølv om det til slutt kom restriksjonar på bruken av smertestillande tablettar, har talet på overdosedødsfall dobla seg mellom 2016 og 2022. Dei som vert avhengige av smertestillande, tyr særs ofte til heroin når dei ikkje lenger får tablettar. Det vil taka mange tiår å få ned att narkodødsfalla til dei nivåa dei var på i år 2000, om det i det heile teke er mogleg.

færre på college

Igjen er det dei fattigaste det går hardast ut over, særleg dei som før hadde manuelle jobbar med tungt kroppsarbeid. Mellom dei som ikkje har fullført college, er talet på overdosedødsfall minst fem gonger høgre enn mellom dei som har fullført. Det var stort sett dei med yrkesskadar som starta med opioid.

Pandemien har sjølvsagt ikkje hjelpt heller. Vaksinemotstanden har vore stor, igjen mest mellom svarte og dei med dårleg råd. Langt over dobbelt så mange amerikanarar som canadiarar har døydd av covid-19. Lang covid ser også ut til å vera eit problem. Ein rapport gjev eit overslag på 168 milliardar dollar i tapt arbeidsinnsats. Igjen er det slik at overvekt gjer covid-19 mykje verre. Er ein overvektig og i dårleg form, fører det til mykje gale.

Drakk seg frå jobben

At store delar av USA vart stengt ned, hjelpte heller ikkje. Dei som før nytta mykje alkohol og annan rus, auka forbruket sitt sterkt i tida heime. Det er mogleg at så mykje som 25 prosent av dei som har meldt seg permanent ut av arbeidsmarknaden, gjorde det av di dei hadde fått for store rusproblem under pandemien.

På toppen av det heile kjem det faktumet at unge amerikanarar har elendig psykisk helse. Det er usikkert kvifor det er slik, men det er eit faktum at ei rekkje granskingar syner at stadig fleire unge amerikanar ikkje toler nokså så enkelt som kritikk. Det er skrive mange bøker om dette, men eit hovudfunn er at sosiale medium gjer at særleg jenter kjenner seg konstant på utstilling.

Stort sett alle amerikanske universitet har no noko som vert kalla safe room, stader der ulike etniske grupper og andre som kjenner seg såra, kan trekkja seg attende og ikkje møta nokon krav. Eit fleirtal av unge amerikanarar seier no at dei ikkje lenger våger å seia kva dei meiner om likt og ulikt, og den pågåande kulturkrigen hjelper neppe på den psykiske helsa. Likevel er det unge gutar som slit mest. Over 50 prosent fleire skulegutar enn jenter stryk i rekning, naturfag og lesing.

Alltid urolege

Den amerikanske fysiske og psykiske helsa varslar om noko som kan gå verkeleg gale. Den gjennomsnittlege amerikanske arbeidaren, særleg dei som møter kundar eller har manuell jobbar, er ulukkelege, og i tillegg fattige. Rapportane om kor ulukkeleg dei er, er stadig fleire. Dei har ikkje råd til å spara, dei uroar seg over korleis det skal gå med borna, dei reknar med at dei vert verkeleg fattige når dei må gå av, lista berre går og går. Permanent stress vert til slutt permanent dårleg helse.

USA er no ein stat som seier at dei vil rusta opp i møte med det stadig fleire seier er ein komande krig med Kina. Joe Biden har lova og Kongressen har løyvd pengar til å reindustrialisere USA. Korleis USA skal få til alt dette når arbeidsstyrken vert stadig mindre, gjelda stadig høgre og helsetilstanden stadig verre, er meir enn uklart. «Eit sjukt USA kan ikkje konkurrera med Kina», som Wooldridge skriv. Eller for den del forsvara Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis