Sjømannskyrkje utan sjømenn

Stadig nye nordmenn kjem innom sjømannskyrkja i London. Dei er berre ikkje sjømenn lenger.

?Det er fullt i benkane til søndagsgudsteneste i sjømannskyrkja.
?Det er fullt i benkane til søndagsgudsteneste i sjømannskyrkja.
Publisert

Det er ikkje det at bygningen ikkje er storslått. For det er sjømannskyrkja i London, større enn eg hadde trudd, nærast ein litt ruvande murbygning med tårn og hage. Inne er det store, tunge dører som opnar seg mot store, tunge rom. Rom som sit godt i så vel tradisjonar som historie. Dei massive chesterfieldmøblane er like sjølvsagde som sjøfartsmåleria og kongebileta på veggane, og det diskré hylleskapet i hjørnet med Vesterålen fiskebollar og Kvikk Lunsj til sals.

Men det er lukta som slår meg fyrst. Ho er sterk, god og distinkt. Likevel klarer eg ikkje å plassere henne med ein gong. Kva er det det luktar her inne? Det fyrste som slår meg, er whisky, god, skotsk røykwhisky, men det kan jo ikkje stemme. Få veggar har sett mindre whisky enn desse, fråhaldet står sterkt i sjømannskyrkja. Her luktar framleis litt tobakk, kanskje til og med sigar, og edelt, for lengst forbode treverk. Ja, der har vi det, det er det det luktar: Ein onsdag ettermiddag i september luktar det gamal stordom i sjømannskyrkja i London.

Konge og kvarmann

Vi er på historisk grunn. Det kjennest der eg vert ståande aleine nokre sekund midt på golvet etter å ha kome inn i allrommet. Hit kom kong Haakon og resten av kongefamilien kvar søndag då dei var i London under andre verdskrigen. Det var viktig for alle, og bileta heng framleis på veggane. Ei lita jente som er med på eit bilete av dåverande kronprins Olav, kjem framleis hit til kyrkja om søndagane. Ho er ei godt vaksen kvinne no.

Men historia hadde ikkje vorte skriven om det berre var kongen som kom hit. Kyrkja står akkurat der ho står, på St. Olav’s Square i bydelen Rotherhithe rett sør for Themsen, og er så stor som ho er, fordi det var så mange heilt vanlege norske sjømenn som trong henne.

Den fyrste sjømannsgudstenesta vart halden i London i 1868, fire år etter at organisasjonen vart stifta i Bergen. I 1872 vart den fyrste norske kyrkja reist i byen, Ebenezerkyrkja, og ho vart raskt full. Mot slutten av fyrste verdskrigen sat det truleg minst 600 norske sjøfolk fast i London som fylgje av torpedering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement