JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sjefane er løns-
vinnarar i staten

Leiarane som er omfatta av leiarlønssystemet i staten, fekk ein lønsvekst på 4,8 prosent i fjor. Det er meir enn dobbelt så mykje som vanlege tilsette får både i privat og offentleg sektor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nav-direktør Sigrun Elisabeth Vågeng har høgast løn av leiarane i staten.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

3636
20171201
3636
20171201

Statsløner

vidar@dagogtid.no

Personaldirektøren i staten, Gisle Norheim, karakteriserer leiarlønsveksten i staten som «uheldig» og har mana departementa til å vise måtehald i 2017. Han strekar under kor viktig det er at statlege toppleiarar ikkje vedvarande får høgare lønsvekst enn arbeidstakargrupper elles.

Ein del av forklaringa på lønsveksten til leiarane i staten er effekten av politireforma, som gav færre og større politidistrikt og vesentleg høgare løn til dei politimeistrane som vart sitjande att. Fleire av politimeistrane har fått ein lønsauke på 200.000–300.000 kroner.

Store skilnadar

Dag og Tid har gått gjennom lønsutviklinga frå 2015 til 2016 i dei einskilde departementa og etatane som sorterer under dei. Det viser store skilnadar. To departement leia av Frp-statsrådar skil seg ut med særleg sterk lønsauke til leiarane. Det gjeld Olje- og energidepartementet med ein gjennomsnittleg leiarlønsauke på 87.572 kroner – eller 6,8 prosent – i fjor. Her er forklaringa i hovudsak at Elisabeth Berge kom tilbake som departementsråd frå permisjon med ei løn 226.000 meir enn vikaren. Dernest kjem Samferdsledepartementet der leiarane fekk ein lønsauke på 84.059 kroner – 6,4 prosent – i snitt. Hovudforklaringa her er at direktøren for styringsstaben i Vegdirektoratet og regionvegsjefane fekk ein lønsauke på 150.000–200.000 kroner. Det svarar til inntil 16 prosent.

Kulturdepartementet har ein auke på 66.941 kroner, eller 5,5 prosent, Kommunal- og moderniseringsdepartementet ein lønsvekst på 54.346 kroner, som utgjer 4,5 prosent, og Forsvarsdepartementet ein lønsvekst på 52.677 kroner, eller 4,2 prosent. Statsministerens kontor ligg klart over norma med ein gjennomsnittleg lønsauke på 48.157 kroner, som svarar til 3,4 prosent. Norma var 2,4 prosent.

Gullkanta

Særleg gullkanta var fjoråret for direktøren i Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK), Wenche Nistad. Ho fekk ein lønsauke på 205.000 kroner, som tilsvarar 14,7 prosent. Luftfartsdirektør Stein Erik Nodeland fekk også ein solid lønsauke: 160.000 kroner. Det utgjer ein auke på 12,1 prosent, og løna kom opp i 1.482.000 kroner.

Best betalt var i fjor, som året før, Nav-direktøren, Sigrun Elisabeth Vågeng, med ei årsløn på 1.850.000 kroner. Ho fekk ingen lønsauke i fjor.

Enkelte nytilsette får klart meir i løn enn den dei erstatta. Hanne Bjurstrøm som overtok som likestillings- og diskrimineringsombod etter Sunniva Ørstavik, hadde ved årsskiftet 1,2 millionar i løn, 101.000 kroner meir enn forgjengaren. Det er også døme på at nytilsette leiarar får betydeleg mindre i løn enn den som forlèt stillinga.

Uroa

– At leiarane i staten får slike lønstillegg som vi no høyrer om, gjer ikkje situasjonen enklare inn i tariffoppgjeret i staten til våren, seier leiaren i LO Stat, Egil André Aas.

– Eg er uroa over at staten ikkje får kontroll over utviklinga. Medlemene våre og andre merkar seg sjølvsagt at kravet om moderasjon openbert ikkje gjeld alle. I yttarste konsekvens kan det truge frontfagsmodellen i lønnsoppgjera, seier Aas.

Dei best betalte i leiarlønssystemet var ved årsskiftet:

Nav-direktør
Sigrun Elisabeth Vågeng 1.850.000

Regjeringsråd
Anne Nafstad Lyftingsmo 1.758.192

Vegdirektør
Terje Moe Gustavsen 1.739.000

Finansråd
Hans Henrik Scheel 1.730.000

NTNU-rektor
Gunnar Bovim
1.698.000

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg er uroa over at staten ikkje får kontroll over
utviklinga.

Egil André Aas, leiar i LO Stat

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis