Kommentar
Scener frå ein pinleg debatt
Satirikarane fortvilar, for årets store norske kulturdebatt kom fiks ferdig parodiert.
Sløserikommisjonen del 2 – Viken på Drammen teater under Kulturytring Drammen. Festspillene i Bergen gav etter for presset og trekte seg.
Foto: Sløserikommisjonen
Det var politimeldingar, dusørar, grove skuldingar, blanke løgner, «personlege tragediar», lite gjennomtenkte utspel frå nasjonale kunstorganisasjonar, sjølvmarginalisering og krav om offerstatus.
Går det an å trekke ein lærdom ut av denne smørja? Det går iallfall an å gjere eit forsøk. Då må vi først gå mange år tilbake, til ei facebookside som kalla seg «Sløseriombudsmannen». Her blei det spreidd tips og nytt rundt det som blei sett på som sløsing med offentlege pengar. Den anonyme ombodsmannen fann nok å ta tak i, for den norske staten er som kjent lekk, og norsk kapitalisme dreier seg i stor grad om å finne og utnytte dei største hola.
Nokre gonger retta Sløseriombudsmannen blikket mot kulturlivet og kunstnarar også. Mange fekk millionar av offentlege kroner til prosjekt som det ikkje var vanskeleg å karikere, om det var det ein var ute etter, og det var Sløseriombudsmannen. Han såg på kunstprosjekta utan godvilje og kontekst.
Reaksjonane på den populære facebooksida var så sterke at mange kunstnarar meinte dei var blitt grovt trakasserte på grunn av Sløseriombudsmannens oppdateringar. Nokre hevda til og med at det var blitt sett fram alvorlege, ulovlege trugsmål mot dei. Det blei hevda at politiet hadde blitt kopla inn.
Harmen var derfor stor i delar av kunstmiljøet då det blei klart at scenekunstnaren Morten Traavik skulle lage ei oppsetting som involverte Sløseriombudsmannen. Framsyninga Sløserikommisjonen var eit work in progress. Ingen visste kva som kom. Men før nokon kjente innhaldet i oppsetjinga, starta delar av «det frie scenekunstmiljøet» ein kampanje mot teaterframsyninga.
Kjente ressurssterke folk frå norsk samfunnsliv hadde sagt ja til å delta i prosjektet, som ikkje er tradisjonelt teater, men meir liknar på eit debatterande talk show, skulle det vise seg. Vi snakkar her ikkje akkurat om kvite, nyliberale kunsthatarar, men om sterke, kritiske folk som Shabana Rehman og Mímir Kristjánsson (snart også på Stortinget).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.