JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Særinteressene ser ut til å vinna

I 2017 gjekk 86 prosent av verdiskapinga i industrien til arbeidarane. I oppdrettsnæringa var talet 20 prosent.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oppdrettslaks er verdas mest effektive husdyr. På berre 17 månader veks dei frå 200 gram til seks og eit halvt kilo. Dei tek opp mykje meir protein enn alle husdyr på land. Her frå Senja.

Foto: Tere Bendiksby / NTB scanpix

12759
20191108

Havbruks­skatteutvalet

Oppdrettsnæringa har ein ekstraprofitt på om lag 20 milliardar kroner i året utover normal avkasting.

Eit utval føreslår at næringa skal få ein ekstraskatt på overskot på 40 prosent. Det vil gje ei ekstrainntekt for det offentlege på sju milliardar i eit vanleg år.

Eit fleirtal av partia og NHO, LO og KS er imot framlegget.

Oppdrettsnæringa

jon@dagogtid.no

Alle som har sett amerikanske krimseriar, kjenner til omgrepet DOA, som står for dead on arrival. «Død ved framkomst», kan vi kanskje seia på norsk. Det same kan vi seia om NOU 2019:18 Skattlegging av havbruksvirksomhet. Lobbyistane vann, både Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Venstre har alle vedtak om at lakseoppdrettsnæringa ikkje skal få grunnrenteskatt.

Dette er nytt i norsk soge. Tradisjonen har vore at ein ventar på NOU-ar før partia tek stilling til kva dei skal meina om framlegga til dei som lagar NOU-en.

Det stoggar ikkje der. Arbeidarpartiet har to medlemar i utvalet, ein ordførar og ein frå LO. Ordføraren representerer KS og har bakgrunn frå oppdrettsnæringa. Båe utgjer saman med NHO eit mindretal som er mot ein grunnrenteskatt, og det sjølv om fleirtalet vil setja han så lågt som 40 prosent med fullt frådrag. Det er nesten som ein kan ha regjeringa mistenkt for å ville skapa ein breiast mogleg konstellasjon som er mot grunnrente på oppdrettslaks. Men der er vi altså: NOU-en ser ut til å vera sjanselaus sjølv om framlegga i han kunne ha gjeve fellesskapen 7 milliardar ekstra skattekroner per år, og det utan at det ville ha gått ut over investeringsviljen i næringa, som NHO, LO og KS av litt uklare grunnar påstår at grunnrenteskatt gjer.

Rik ungdom

Lat oss likevel sjå på kva utvalet seier og kvifor. Gustav Magnar Witzøe vert ikkje nemnd av utvalet, berre selskapet han eig aksjar i. I vinter kåra det amerikanske økonomimagasinet Forbes han til verdas rikaste mann under 30 år. Far hans kontrollerer oppdrettsselskapet Salmar ASA, som held til på vesle Frøya. Faren kontrollerer aksjane som gjev røysterett, sonen mykje av b-aksjane, som representerer verdiane. Konstruksjonen er vanleg mellom dei verkeleg rike. Stein Erik Hagen har til dømes overført alle verdiane gjennom b-aksjar til døtrene, som held til i Sveits. Dimed unngår familien den særnorske formueskatten.

Unge Witzøe ser ikkje ut til å ha ei aktiv rolle i Salmar, sjølv om Forbes seier han er god for 26 milliardar kroner. D2-magasinet til Dagens Næringsliv kunne i mars fortelja at Witzøe no skulle flytta til New York for å satsa på ein modellkarriere der. «Det er fint på Frøya og i Trondheim. Men det er jo ikke akkurat her det skjer», sa Witzøe.

Men korleis kan vesle Frøya med under 5000 innbyggjarar vera utgangspunkt for ein så stor formue? Salmar er verdt 49 milliardar. Og i heile Noreg er det berre tilsett 8000 menneske samla i oppdrettsnæringa. I industrien fekk arbeidarane 86 prosent av verdiskapinga i løn i 2017, i oppdrettnæringa fekk arbeidarane 20 prosent. Svaret er grunnrente. Og denne renta får i stor grad slike som John Fredriksen, amerikanske fond som Jupiter, Vanguard og BlackRock, og Mitsubishi, som eig heile Cermaq Group AS. Noreg har perfekte tilhøve for oppdrettslaks. Vi var i tillegg den nasjonen som utvikla teknologien og kompetansen som gjorde oppdrett mogleg, og selskap noterte på Oslo Børs kontrollerer oppdrettsselskap i alle landa som kan driva med lakseoppdrett, hovudsakleg Chile, Canada, Færøyane, Skottland og Noreg.

Avgrensa ressurs

Grunnrente er, som vi har skrive tidlegare, ein avgrensa naturressurs, som olje, kraft eller tomtegrunn, som gjev superprofitt av di etterspurnaden er mykje større enn kostnaden ved å gje tilbodet. Dette er profitt staten kan skattleggja høgt av di grunnrenta ikkje er mobil, og av di avkastinga er så høg at om grunnrenteskatten er rett innretta, stiller investorar likevel opp med pengar. Kjell Inge Røkke har pøst massivt med pengar inn i Nordsjøen og er Noregs mest formuande mann trass i at de den samla skatten på olje og gass er 78 prosent.

At oppdrettsnæringa er mot ein grunnrenteskatt, er kanskje ikkje uventa. Eigarane tener godt på den låge skatten. John Fredriksen er storaksjonær i Mowi, det største oppdrettselskapet på Oslo Børs. Mellom 2014 og 2019 utbetalte selskapet over 26 milliardar i utbyte. Men at bransjen hevdar at dei ikkje haustar ei grunnrente, er likevel eigna til å forundra: «I havbruksnæringen er det heller ikke noen ’grunnrente’ å skattlegge. Næringen finansierer selv smolten, fôrer selv opp laksen og står for alle innsatsfaktorene», skreiv til dømes Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i Sjømat Norge, seinast no tysdag i Dagens Næringsliv.

Grunnrente er ein kombinasjon av orda «grunn» og «rente». Også ein investor i attraktiv tomtegrunn, som til dømes Aker Brygge, stiller opp med både gravemaskiner og bygningsmaterialar. Men det er grunnen som er attraktiv og gjev meirverdi. Investorar i norsk oppdrett har fått avgrensa offentleg grunn gjennom konsesjonar som er evigvarande. Vatnet over grunnen er det som gjer lakseproduksjonen mogleg. Også investorane sjølve meiner i røynda at det er grunnrente i norsk oppdrett. Lakseløyva har tradisjonelt vorte delte ut gratis, men i 2018 gjennomførte regjeringa endeleg ein auksjon av nye oppdrettsløyve.

I 2018 vart det selt 1,3 millionar tonn med laks og aure til ein verdi på vel 67 milliardar kroner. Dei nye løyva som vart selde på auksjon, representerte ein auka kapasitet på 15.000 tonn. Oppdrettselskapa var viljuge til å betala 3 milliardar kroner for ein heilt marginal auke i kapasitet. Om alle havområde kunne ha vore nytta til lakseoppdrett, vil ingen ha betalt noko særleg for grunnen. Lobbyorganisasjonen til oppdrettarane seier altså éin ting, medan investorane i næringa gjer det stikk motsette.

For mykje pengar

Men nett denne auksjonen har indirekte skapt problem for utvalet. For ikkje berre føreslår dei ein grunnrenteskatt på 40 prosent – dei føreslår òg at pengane som vert reiste gjennom auksjonar i framtida, skal gå inn i ein fondstruktur lik den vi har for Oljefondet. I 2018 selde òg staten løyve til fastpris, samla gav auksjonen og fastprissalet inntekter på 4 milliardar. 3,2 milliardar av desse kronene gjekk til kommunesektoren og berre 800 millionar til staten.

Inntektene frå komande sal vil truleg òg verta store. Utvalet gjer framlegg om at avkastinga på desse pengane gjennom fondering skal delast likt mellom norske kommunar. Ein kommune som Asker har til dømes ein skatteinngang på 160 prosent av gjennomsnittet, men så vert mykje av overskotet samla i ein stor pott og fordelt jamt utover. Men dei som no får store ekstrainntekter gjennom auksjonane, er ikkje interesserte i å dela slik.

Dei beste og største områda for framtidig oppdrett ligg i Nord-Noreg. Ein del kommunar nordpå kan dimed verta særs rike. Kystkommunane er nær sagt sjølvsagt mot framlegga til utvalet, og symptomatisk nok gjekk avisa Nordlys straks ut mot NOU-en då han vart lagd fram måndag denne veka: «Nå er det havbruksnæringen som skal legges inn i folden. Tanken ser ut til å være å skjerpe skatten på næringsliv i distriktene, for å finansiere skattelette på finansmiljøer, eiendomsspekulanter og annet næringsliv i byene.» (Under Solberg-regjeringa har skatt på eigedom og finans gått opp, red. merk.) «Vi er på ingen måte motstandere av å skattlegge lakseoppdretternes super-profitt. Snarere tvert imot. Men vi mener inntektene må komme distriktene til gode, ikke sluses inn i statskassen», skriv Nordlys.

Lite inntekter

Problemet er berre at korkje staten eller kommunane til no har fått særleg med inntekter frå oppdrettsnæringa. Utvalet syner, mellom anna med hjelp frå Statistisk sentralbyrå (SSB), at løyva som har gått til næringa, knapt har vorte prissette: «Basert på beregninger fra ulike kilder er det sannsynlig at markedsverdien av dagens tillatelseskapasitet er i størrelsesorden 200 mrd. kroner. Til sammenligning utgjør de samlede beløpene som næringen har betalt til det offentlige, 6,8 mrd. 2019-kroner, det vil si om lag 3 pst. av verdien på tillatelsene.»

Ein grunnrenteskatt vil vera eit høve til å henta attende litt av dei verdiane som investorane har fått, men sidan utvalet går inn for ein så låg skatt som 40 prosent, vil det i framtida likevel vera slik at auksjonar av løyve vil gje store verdiar, men rett nok ikkje så store som i 2018. Utvalet argumenter for at framlegget deira er distriktsvenleg. For om det kjem ein grunnrenteskatt på toppen av auksjonsprisen, vil løyva gå ned i pris sidan kjøparane må kalkulera inn ein grunnrenteskatt. Dimed, seier utvalet, kan lokale investorar, sidan dei ikkje må skaffa så mykje kapital, konkurrera med slike som vert finansierte av Fredriksen og Wall Street.

Manglar legitimitet

Men utvalet ser altså ikkje ut til å ha særleg legitimitet. Den juridiske og økonomiske ekspertisen i utvalet, som vert leidd av professor i samfunnsøkonomi Karen Helene Ulltveit-Moe ved Universitetet i Oslo, er heilt samstemde. Dei føreslår det alle lærebøker seier ein skal gjera: Skattlegg grunnrenta og superprofitt, set ekstrapengar som auksjonar gjev, inn i eit fond, fordel avkastinga tynt utover heile velferdsstaten, men gje akkurat nok ekstrapengar til dei stadane som får oppdrettsanlegg, til at dei vil gje nye løyve. I tillegg vil dei fjerna såkalla vridande bruttoavgifter. Dei vil at næringa skal verta mest mogleg effektiv og gje ekstrainntekter som kjem alle i Noreg til gode. Men mindretalet i utvalet, som er representantar for oppdrettsnæringa, Ap, NHO og LO, er altså imot.

Det er kan henda naturleg at det vart slik. For fleirtalet kjemper mot historia. Då oljenæringa etablerte seg i Noreg, visste alle at olje og gass gav superprofitt og grunnrente. Dessutan var oljenæringa langt til havs og på statleg grunn, ein grunn som regjeringa ved Jens Evensen hadde fått tak i gjennom internasjonale tingingar. Det heile sprang ut av internasjonale oljeselskap og regjeringa i Oslo. Sentralstaten hadde full kontroll. Slik er det ikkje med grunnrenta i oppdrettsnæringa, ho oppstod lenge etter at næringa vart etablert. Ja, staten finansierte forsking på laksestamma i Sunndal og ulike forskingsstasjonar rundt omkring i kommunane, men den same staten tenkte ikkje då at det skulle verta ei av Noregs viktigaste inntektskjelder med stor grunnrente. For dei fyrste åra var det ikkje særleg stor profitt i næringa som var tenkt, som utvalet skriv, som ei «attåtnæring» for grunneigarar og bønder i Bygde-Noreg.

Arbeidsintensiv

Dessutan var næringa arbeidsintensiv dei fyrste åra. I 1980-åra gjekk 70 prosent av verdiskapinga til arbeidarane, som no berre får 20 prosent. Men med konsolideringa som særleg John Fredriksen stod i spissen for, vart næringa kapitalintensiv og særs effektiv, noko som i seg sjølv er bra for norsk økonomi. Ho gav etter kvart få lokale arbeidsplassar, men gjennom eigedomsskatt og no auksjonar har kommunar som har næringa, fått ein del ekstrainntekter, i tillegg til det investorane har fått. Gjennom dei snart femti åra som har gått sidan den fyrste smolten vart sett ut, har det med andre ord bygt seg opp ein del særinteresser det er vanskeleg å kjempa mot.

Innanfor samfunnsteori skil ein mellom intensive og ekstensive interesser. Når laksenæringa i 2016 hadde ein driftsmargin på 36 prosent og ei avkasting på den totale kapitalen på 33,9 prosent, seier det seg sjølv at dei som eig denne kapitalen, er viljuge til å finansiera særs mange lobbyistar. Når kommunane med nye anlegg får 3,2 milliardar for å leiga ut grunn, seier det òg i seg sjølv at dei er lite lystne på å gje frå seg så store inntekter. NHO på si side representerer eigarane av anlegga, LO dei lågtlønte og mange importerte arbeidarane på anlegga. Dimed står fleirtalet i utvalet andsynes intensive særinteresser. Dei som derimot vil tena på det utvalet føreslår, er alle dei som ikkje eig oppdrettsselskap eller representerer slike selskap, eller for den del kjem frå distriktskommunar med lakseoppdrett. Men desse har ikkje ei særleg stor interesse for tematikken. Dei har såkalla ekstensive interesser.

Ekstensive interesser taper som regel mot intensive interesser. Oppdrettsnæringa er truleg for etablert til at Stortinget vil gjera noko før felleskassa er litt tommare enn no.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei fyrste åra var det ikkje særleg stor profitt i næringa som var tenkt, som utvalet skriv, som ei «attåtnæring» for grunneigarar og bønder i Bygde-Noreg.

«Tanken ser ut til å være å skjerpe skatten på næringsliv i distriktene, for å finansiere skattelette på finansmiljøer, eiendomsspekulanter og annet næringsliv i byene.»

Avisa Nordlys på leiarplass

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis