– Sannsynlegvis er han ferdig

Éin ting ligg fast, uheldig seksuelle åtferd er eit fast element i britisk politikk.

Onsdag denne veka prøvde Boris Johnson å forsvare seg i spørjetimen i Underhuset. Ein del vi meina at det ikkje gjekk så godt.
Onsdag denne veka prøvde Boris Johnson å forsvare seg i spørjetimen i Underhuset. Ein del vi meina at det ikkje gjekk så godt.
Publisert

Den siste skuldinga mot Boris Johnson, som så ofte før i britisk soge, handlar om ekspansiv seksuell åtferd. Ei rekkje parlamentsmedlemar (MP-ar) for Det konservative partiet, the Tories, har vorte avslørte for uheldig seksuell åtferd. Det er i og for seg ikkje noko nytt. Men Boris Johnson fekk utnemnt ein ny assisterande innpiskar i Underhuset, Chris Pincher, som i fylla for nokre år sidan greip to menn i skrittet. Pincher har gått av.

Problemet er berre at Johnson hardnakka har hevda at han ikkje kjende til at Pincher hadde gjort det han gjorde før han fekk stillinga. Ein tidlegare sjefbyråkrat, Simon McDonald, sa tysdag at Johnson vart orientert om åtferda til Pincher alt i 2019. Johnson hevdar han ikkje hugsar det. Same dag gjekk helseminister Sajid Javid og finansminister Rishi Sunak av. Dei meiner Johnson har loge fleire gonger.

Atle Libæk Wold er professor i britiske studiar ved Universitetet i Oslo og vart intervjua onsdag.

– Trur du han er ferdig?

– Det er sannsynleg, men det kan taka ei stund om han tviheld på posisjonen.

– Men etter regelverket til MP-gruppa til toryane er han freda i eit år av di han overlevde den førre mistillitsvoteringa i gruppa mot han?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement