Sanden renn ut

Betong er ein stor klimasyndar, men kanskje ikkje så stor som vi trudde. Men den verste verknaden av betong er at han går ut over sandførekomstane i verda.

Ein av dei vanlegaste måtane å skaffa sand på er at sandskip seglar til eit elveutløp eller opp i elva og syg opp sand, som i Raudelva i Jinping i Kina.
Ein av dei vanlegaste måtane å skaffa sand på er at sandskip seglar til eit elveutløp eller opp i elva og syg opp sand, som i Raudelva i Jinping i Kina.
Publisert

Det vert kanskje litt mykje betong i avisa i dag, men alle som er ute og køyrer, kan ikkje unngå å sjå kor mange betongkonstruksjonar vi har fått her til lands. Sør om Otta, til dømes, på ein motorveg som ikkje nett er prega av stor trafikk, ser de særs mykje betong i bruene som skjer gjennom landskapet. Bruene er naudsynte, sidan dalen er smal og fjella høge. I tillegg kjem tunnelane, og dei skal det verta mange fleire av.

Berre i 2016 nytta Vegvesenet 500.000 tonn betong. Den nye standarden i Nasjonal transportplan (NTP) er at vi byggjer jarnbane og motorveg parallelt. Det gjer vi til Hamar, det skal vi gjera til Hønefoss, ja, ei rekkje stadar på det sentrale Austlandet. Jarnbane krev store mengder betong, mykje meir enn vegar. Det er berre å venja seg til det: Betongbruken skal rett opp, om vi skal taka NTP på alvor. To tredjedelar av CO2-utsleppa frå vegutbygging kjem frå stål og betong. Ny jarnbane er ein mykje verre klimasyndar.

Praktbetong

Men vi treng ikkje å fara ut på landsbygda for å sjå betongbruk. Byregjeringa i Oslo vil at folk skal bu tett, svært tett. I tillegg kjem alle dei store praktbygga, både i stateleg og kommunal regi. Nye praktbygg kjem opp, gamle vert ståande tomme. Går du gjennom det sentrale Oslo, går du samstundes gjennom både ei rivingstomt og ei byggjetomt. I 2006 sa ein rapport at nybygging av hus stod for 8 prosent av utsleppa i Noreg. Vi kan trygt gå ut ifrå at tala har gått opp sidan då, av di det vert bygt stadig meir. Betong er sjølvsagt ansvarleg for store delar av utsleppa her òg, men frakt til utbyggingstomter står for 25 prosent av tungtransporten i Noreg.

Men også kraftsatsinga, som til dømes vindturbinar, krev betong og anlegg. Etter at vi vart ferdige med dei store damutbyggingane, forsvann utsleppa frå kraftsektoren. Dei siste åra har utsleppa frå kraftforsyninga auka med heile 325 prosent, mykje på grunn av betongbruken. Men staten er den største syndaren, sidan politikarane på Stortinget set si ære i å få tunnelar og vegar og praktbygg overalt. Særleg store syndarar er austlendingane, sidan dei vil ha så mange nye og fine tog.

Promille

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement