Forteljingar om frykt – kvardagsliv i skuggen av krigen

Forvirra menn

I Russland har frykta for krig – og krigen i seg sjølv – blitt ein del av kvardagen. Det går ut over psyken.

Publisert Sist oppdatert

Kva skjer med eit samfunn når krigen tar slutt og tusenvis av soldatar vender heim frå fronten? Det har russarar spurt seg om lenge, og svaret er alt anna enn oppmuntrande: Det verkar uunngåeleg at dei har meir vald og redsel i vente.

Dette er ei skremmande, men ikkje ny utsikt. Stemninga krigen skaper, om ikkje prega av fysisk vald, så av den psykiske belastninga og uroa han fører med seg, byrja å slå rot lenge før den noverande konflikten oppstod. Kan hende byrja det for ti år sidan.

Krym og Donbas

Eg hugsar det tydeleg: Det var ein sommardag i 2014, få veker etter annekteringa av Krym og dei brutale kampane i Donbas. Eg sat på ein buss. Like ved meg sat ein ung mann med eit stort svart futteral. På eit tidspunkt byrja ein kar å mase; han kravde å sjå kva kofferten inneheldt. Den unge mannen sa det berre var eit kamerastativ, men den framande gav seg ikkje. Han byrja å rope.

– Du har vel med deg ein rakettkastar. Kanskje eit berbart luftvern. Du skal ta det med deg inn i Ukraina, ikkje sant?

Til slutt gav den unge mannen etter. Han opna futteralet og drog fram eit kamerastativ. Medpassasjeren vår braut saman og erkjende at han tok feil. Jamrande bad han om orsaking.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement