JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det skar seg for Infact og VG

VG nytta byrået Infact til meiningsmålingar. Dei bomma grovt på valet, som etter deira syn skulle hatt Jonas Gahr Støre som vinnar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3716
20170915

SAMTALEN

Knut Weberg

Fagsjef i Infact

AKTUELT

Infact og VG bomma i meiningsmålingane

3716
20170915

SAMTALEN

Knut Weberg

Fagsjef i Infact

AKTUELT

Infact og VG bomma i meiningsmålingane

jon@dagogtid.no

Ein av valets taparar vart Infact og dimed VG som nyttar byrået til meiningsmålingar. Konsekvent gjennom heile valkampen gav dei venstresida leiinga, og VG køyrde ei rekkje oppslag om at Arbeidarpartiet låg an til å vinna valet. Særleg dårleg var VG på Framstegspartiet og Høgre. Her er den siste målinga før valet: Ap 28, Høgre 21,5, Frp 12,6, Venstre 5,2, KrF 4,7, Sp 10,7, SV 8,1, MDG 4,4 og Raudt 3,3.

Resultatet: Ap 27,4, Høgre 25, Frp 15,2, Venstre 4,4, KrF 4,2, Sp 10,3, SV 6, MDG 3,2 og Raudt 2,4.

Knut Weberg er fagsjef i Infact.

– Korleis kunne de bomma såpass sterkt på dei blåblå?

– Det er spørsmålet. Vi har i grunnen ikkje endra metode frå andre val der vi har treft godt. Vi sit no på over 100.000 intervju og forskar. Det underlege er at intervjua er veldig konsistente og syner ein klar trend. No kikar vi på strukturane og aggregeringa av tala, og sjølvsagt på dei ulike vektvariablane. Men det er ingen tvil om at tala våre var for ulike dei endelege. Så no har vi sett i gang eit stort forskingsprosjekt.

– De nyttar robotoppringingar. Når eg får slike, legg eg på.

– Det er du ikkje åleine om, men det skjer òg med vanlege intervju. Eg veit ikkje om det skal gje seg store utslag. Tidlegare har vi ikkje sett at tala vert systematisk skeive grunne intervjumetoden, men det må vi òg sjå på denne gongen, sidan skilnaden vart så store. Men eg kjenner meg trygg på at vi skal makta å forska opp fram til årsaka.

– Nettstaden Polls of Polls og jusprofessor Johan Giertsen som driv sida, har vore skeptisk til Infact. Han seier at de har hatt 90 prosent frammøte som utgangpunkt?

– Det er nok ikkje enkelt. Det kjem an på kva variabel ein snakkar om, og om ein snakkar om denne gongen eller førre val. Vi har teke ut dei som ikkje røysta førre gong og ikkje har tenkt å røysta neste gong. Desse er mindre viljuge til å svara på politiske målingar, enn dei som røyster er. Vi har ikkje gjort noko nytt på dette feltet, og vi har tidlegare ikkje sett at metoden vår der har gjeve skeive utslag. Men ja, det er mogleg at vi må vekte opp denne gruppa.

– Eg kjem frå ei bygd der det er 20 prosent lægre valdeltaking ved kommuneval enn ved storingsval. Likevel vekta det mot kommunevalet i 2015 i staden for stortingsvalet i 2013. Var det eit mistak?

– Det er òg noko vi vurderer. Tidlegare har vi fått best presisjon ved å vekta mot det valet som ligg nærast. Men ja, også her kan det vera at vi må endra, det spørs om stortingsval mot stortingsval er best. Eg må diverre skuffa deg og seia at vi ikkje har alle svara no. No er det testing av ei rekkje hypotesar som står for døra.

– Saman med Norsk regnesentral bomma de mest av alle. Er det vondt å sjå at merkevara vert skada av bommerten?

– Ja. Vi er skuffa. Det er ei såkalla dynamisk verksemd vi driv. Vi arbeider heile tida for å betra presisjonen. Då er vi sjølvsagt lei oss for at vi denne gongen vart uvanleg upresise.

– Har de fagfolk som reknar?

– Ja, han som gjer det, er både siviløkonom og statistikar. Han har drive med dette i 16 år, og har jamt treft godt. Men sjølve utrekninga er ikkje komplisert, det er meir eit spørsmål om korleis ein vel å gjera det. Vi har lagt vekt på at empirien skal styra oss. Vala våre er empirisk veldokumenterte. Vi har no alle desse tusen intervjua, og vi skal finna ut kva som gjev høgst presisjon, og om dette valet hadde noko uvanleg ved seg. Men igjen: Denne gongen feila vi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vala våre er
empirisk veldokumenterte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis