JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Då noregsmerket vart rive ned

– Johaugsaka kan ikkje samanliknast med saka mot sprintaren Justin Gatlin, seier Kristian Gundersen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
18 månader fekk ho, og gret gjorde ho. Her er Therese Johaug på veg ut etter pressekonferansen ho heldt etter å ha fått dopingdomen frå Idrettens voldgiftsrett (CAS).

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

4146
20170825

SAMTALEN

Kristian
Gundersen

Biologiprofessor ved Universitetet i Oslo

Aktuelt

Dopingdomen mot Therese Johaug

jon@dagogtid.no

Therese Johaug-saka er gåva som berre gjev for pressa, men denne veka kom det som truleg er den endelege domen: Ho må vera utanfor idretten i 18 månader. Kristian Gundersen er biolog, og ein av verdas fremste forskarar på muskelminne. Han har påvist at effekten av anabole steroid kan vera nær livslang.

– Er vi prega av dobbeltmoral her i Noreg? På den eine sida heiar vi på Therese Johaug, på den andre sida buar vi mot Justin Gatlin, som vann 100-meteren i London?

– No er ikkje eg nokon etikar eller jurist, eg er dopingforskar på den biologiske sida. Men dei to representerer to ulike saker. Gatlin har medvite dopa seg på eit vis som gjev ein presentasjonsfremjande effekt. Vi har forska på muskelminne og funne at den prestasjonsfremjande effekten av å taka anabole steroid, truleg heng i svært lenge. Om du tek steroida og på grunn av dette får svært store musklar, kan du truleg i år etter år på ny trena opp desse musklane og få svært rask effekt av trening, ein effekt dei som ikkje har teke steroid, ikkje får.

– Og der er ikkje Johaug?

– Nei. Her har retten lagt til grunn at ho ikkje har teke salva for å forbetre prestasjonsevna. Dei målte nivåa var også for låge til å fremja prestasjon. Retten trur heller ikkje at ho medvite har teke salva. Det er andre saker som betre kan samanliknast med Gatlin.

– Men i domen står det at retten finn det «svært overraskande» at ein så røynd internasjonal topputøvar ikkje sjekka salva sjølv. Det verkar ikkje som dei heilt trur på henne heller?

– Domen er i samsvar med tidlegare praksis, og den praksisen er streng. Grunnen til at straffene vert så harde og provbøra snudd, er nettopp at ein ikkje kan vita sikkert når ein finn ulovlege stoff i blodet. Berre Johaug veit sikkert kva ho gjorde. Og som vi veit: Så godt som ingen vedgår at dei har dopa seg. Og ja, det er ei merkeleg historie at både Johaug og idrettslækjaren hennar, som båe var så røynde, gjer ein så opplagd blunder samstundes. Men straffa er i samsvar med at ho handla uaktsamt ved å nytta salva.

– På Netflix er det nett lagt ut ein dokumentar om ein amerikansk amatørsyklist som samarbeider med ein russisk doplækjar. Gong etter gong vert han testa, gong etter gong vert han ikkje teken. Er det ein umogleg kamp?

– Vi fekk ein illustrasjon på kor vanskeleg kampen mot doping er i VM i friidrett i Sør-Korea. Då vart utøvarane spurde anonymt. 30 prosent vedgjekk at dei nytta dop, berre 2 prosent av Wadas dopingprøver var positive. Det er så mange måtar å lura systemet på for dei som veit korleis det skal verta gjort, og det er ein av grunnane til at ein slår så hardt til mot mindre funn.

– Men det er òg slik at utøvarar som dopar seg ofte, har med seg vanlege medisinar som inneheld spor av til dømes anabole steroid. Då kan dei seia at dei fekk det i seg ved eit mistak.

– Johaug er ikkje dømd for det. Men ja, ein kan tima dopingbruk svært presist for å minska risikoen for å verta teken. Dei som likevel vert tekne, har ofte prøvd seg med fantasifulle bortforklaringar.

– Trass i kampen mot doping syklar syklistane nesten like snøgt som Armstrong. Det vert sett verdsrekord etter verdsrekord i nesten alle idrettar. Er det ikkje rart at vi nordmenn hevdar oss såpass godt?

– Generelt finst det gode statistiske prov på at det framleis går føre seg mykje doping i idrettsverda, men det kan ein ikkje overføra til einskildindivid. Mange hugsar den svenske dokumentarfilmen om blodverdiar hjå langrennseliten, ein film NRK ikkje viste. I 1990-åra hadde ein eit hemoglobinnivå utøvarane ikkje kunne liggja over. Og nei, det gjorde dei heller ikkje. Stort sett alle låg ein tiandedel under. Ei rekkje idrettsbiologar og lækjarar berre rista på hovudet av funna, dei var ikkje biologisk sannsynelege. Vi skal vera varsame med å tru at vi er heilt snøkvite her til lands.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Så låge nivå som Johaug hadde, kan i teorien vera halen på ein

dopingbruk.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis