JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Saman står gulrøtene sterkare

Å dyrke gulrot er kanskje ein individuell idrett, men produsentane treng ein klubb å trene med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5592
20220930
5592
20220930

Alle vil vi at det skal produserast mat der vi bur. Ja, for det er ikkje berre i Noreg vi er stolte av matprodusentane våre og helst vil ete mat produsert i vårt eige land. I dei aller fleste land tenker folk på same måte, og alle meiner nok at matproduksjonen deira er den beste i heile verda og difor verd å betale litt ekstra for.

I det minste tenker vi slik i gode tider. Så fort maten byrjar å koste meir enn lommeboka rommar, byrjar prinsipp å vike. Desto viktigare vert det at vi har system som tek vare på matvareprodusentane våre – for mat må vi ha, og det å kunne produsere så mykje som mogleg av han sjølv har ikkje vorte mindre viktig det siste året.

Så korleis står det til? Jau, no kan vi sitte på Facebook og sjå på at digre kassar med gulrøter rotnar, fordi straumprisane er så høge at det ikkje løner seg for bonden å ha dei på straumdrivne kjølelager.

Det er på tide å gråte over tapte gulrøter – og det er på tide å sjå langt etter årsaka: Kvifor er det tapte gulrøter vi grin over, og ikkje, slik ordtaket seier, spilt mjølk?

Mjølk med mottaksplikt

Sjølvsagt slit mjølkebøndene òg med straumprisane. Mjølkerobotar brukar straum, fôringsautomatar brukar straum, og rundballehentande traktorar brukar diesel. Men mjølkebøndene har noko gulrotbøndene ikkje har: Dei har Tine, eit samvirke med mottaksplikt.

Tine, kjøtkollegaen Nortura og kornsamvirket Felleskjøpet vert med rette kritisert ofte og mykje, men nettopp i dag skal vi legge denne kritikken til side og berre sjå på kva det betyr for norsk mattryggleik at dei finst – gjennom å sjå på alternativet: Den delen av norsk matproduksjon alle meiner vi må satse på framover, både for å få opp sjølvforsyningsgraden og for å betre klimafotavtrykk og lønsemd i næringa skal det dyrkast meir frukt og grønt i Noreg.

Og det skal ein altså gjere heilt på privaten. I store delar av frukt- og grøntproduksjonen i Noreg – inkludert gulrot- og laukprodusentane på Jæren som no har varsla at dei vil late avlinga rotne – er det kvar bonde for seg sjølv. Kvar bonde tingar med kjeder og grossistar om leveringskontraktar, om rabattar, mengder og leveringstidspunkt, og kvar bonde er ansvarleg for ikkje berre å dyrke og hauste, men også å lagre og ofte detaljpakke og levere produkta til grossisten.

Godt i gode tider

Den norske grønsakbonden er med andre ord ein ekte sjølvstendig næringsdrivande. I det minste sett bort frå at han ikkje fritt kan setje opp prisane. Både målprisar og maksprisar er fastsette anten gjennom jordbruksavtalen eller gjennom prisfastsetjing i det som heiter Grøntprodusentenes Samarbeidsråd.

Likevel har denne driftsmetoden gjeve gode resultat for enkeltprodusentar i gode tider: Har du hatt høve til å drive stort og is i magen til å investere, har du kunna bli ein av dei matprodusentane med best utbytte både per arealeining og per arbeidstime.

Heilt til no. Heilt til utgifter ein ikkje kan kutte i, vert så høge at ein ikkje klarer å handtere dei. Då kan ein fort kjenne seg liten og åleine på ein heilt annan måte enn ein som veit at uansett om dieselen og straumen er dyr, så kjem mjølkebilen kvar tredje dag og tømmer tanken og køyrer han til meieriet, der mjølka vert omsett til ost, smør og rømme som vert køyrd ut i butikkane og selde.

Misforstå meg rett – ein merkar auka kostnader om ein er del av eit landsdekkande samvirke òg. Men eg trur Tine vil klare seg lenger enn eigarane av gulrotkassane på Jæren.

Samvirke verkar ikkje

Men Gartnerhallen har då framleis SA – for samvirke – hengande på namnet sitt i Brønnøysundregistera? Jau, men der Tine og Nortura tek imot, foredlar og sel vidare, er ikkje Gartnerhallen særleg mykje meir enn ein medlemsorganisasjon med rett til å ekskludere produsentar frå tilgang til kjedegrossistane.

90 prosent av leveransane via Gartnerhallen går til Bama – som er eigd av Norgesgruppen og Rema. Skal ein levere til Coop, har dei sin eigen produsentorganisasjon i Nordgrønt ANS. Og kva side står dei på? Lat oss sjå kva fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland, sa til Sogn Avis då det faktiske produsentsamvirket Sogn Frukt og Grønt SA opna nytt pakkeri i sommar: «Med mindre einingar vil Bama og Gartnerhallen diktera alt. Når ein har dette anlegget, er forhandlingane meir jambyrdige.»

Eit førebilete i Sogn

Sogn Frukt og Grønt SA – ein fusjon av Lærdal Grønt og Sognefrukt – bør elles verte eit førebilete for kva retning norsk frukt- og grøntproduksjon skal ta gjennom dyrare tider. Aller mest fordi dei syner at det går an å vere både stor og liten samstundes: Anlegget er stort, det største i landet, og skal handtere over 5000 tonn råstoff årleg. Inn kjem alt frå gulrot og eple til kål og quinoa, og ut går ferdig lagra, ferdig pakka og prisa produkt. Men råstoffet, og eigarskapen, står over 150 lokale produsentar for. Nokre er store, sjølvsagt er dei det, men nokre er også små, og ingen kunne klart seg like godt utan dei andre. Ved å slå seg saman i eit samvirke har dei felles lagerutgifter og felles pakking, og dei bygger ei felles merkevare som dei marknadsfører og sel i marknaden.

Er det ikkje nettopp dette norsk landbruk har vore god på i alle år? Då er det vel her vi må byrje å bygge ein robust frukt- og grøntproduksjon: med reelle produsentsamvirke som sørger for at alle som kan, anten dei er små eller store, får produsere og levere gulrot og lauk, eple og raudbetar – og der dei møter både gode og dårlege tider saman.

Siri Helle er agronom, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis