Særinteressene ser ut til å vinna

I 2017 gjekk 86 prosent av verdiskapinga i industrien til arbeidarane. I oppdrettsnæringa var talet 20 prosent.

Oppdrettslaks er verdas mest effektive husdyr. På berre 17 månader veks dei frå 200 gram til seks og eit halvt kilo. Dei tek opp mykje meir protein enn alle husdyr på land. Her frå Senja.
Oppdrettslaks er verdas mest effektive husdyr. På berre 17 månader veks dei frå 200 gram til seks og eit halvt kilo. Dei tek opp mykje meir protein enn alle husdyr på land. Her frå Senja.
Publisert

Alle som har sett amerikanske krimseriar, kjenner til omgrepet DOA, som står for dead on arrival. «Død ved framkomst», kan vi kanskje seia på norsk. Det same kan vi seia om NOU 2019:18 Skattlegging av havbruksvirksomhet. Lobbyistane vann, både Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Venstre har alle vedtak om at lakseoppdrettsnæringa ikkje skal få grunnrenteskatt.

Dette er nytt i norsk soge. Tradisjonen har vore at ein ventar på NOU-ar før partia tek stilling til kva dei skal meina om framlegga til dei som lagar NOU-en.

Det stoggar ikkje der. Arbeidarpartiet har to medlemar i utvalet, ein ordførar og ein frå LO. Ordføraren representerer KS og har bakgrunn frå oppdrettsnæringa. Båe utgjer saman med NHO eit mindretal som er mot ein grunnrenteskatt, og det sjølv om fleirtalet vil setja han så lågt som 40 prosent med fullt frådrag. Det er nesten som ein kan ha regjeringa mistenkt for å ville skapa ein breiast mogleg konstellasjon som er mot grunnrente på oppdrettslaks. Men der er vi altså: NOU-en ser ut til å vera sjanselaus sjølv om framlegga i han kunne ha gjeve fellesskapen 7 milliardar ekstra skattekroner per år, og det utan at det ville ha gått ut over investeringsviljen i næringa, som NHO, LO og KS av litt uklare grunnar påstår at grunnrenteskatt gjer.

Rik ungdom

Lat oss likevel sjå på kva utvalet seier og kvifor. Gustav Magnar Witzøe vert ikkje nemnd av utvalet, berre selskapet han eig aksjar i. I vinter kåra det amerikanske økonomimagasinet Forbes han til verdas rikaste mann under 30 år. Far hans kontrollerer oppdrettsselskapet Salmar ASA, som held til på vesle Frøya. Faren kontrollerer aksjane som gjev røysterett, sonen mykje av b-aksjane, som representerer verdiane. Konstruksjonen er vanleg mellom dei verkeleg rike. Stein Erik Hagen har til dømes overført alle verdiane gjennom b-aksjar til døtrene, som held til i Sveits. Dimed unngår familien den særnorske formueskatten.

Unge Witzøe ser ikkje ut til å ha ei aktiv rolle i Salmar, sjølv om Forbes seier han er god for 26 milliardar kroner. D2-magasinet til Dagens Næringsliv kunne i mars fortelja at Witzøe no skulle flytta til New York for å satsa på ein modellkarriere der. «Det er fint på Frøya og i Trondheim. Men det er jo ikke akkurat her det skjer», sa Witzøe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement