Reportasje
Jafet Lindebergs saloon
Dredge No. 7 er eit monster i solnedgang, ståande fast for all tid i den enorme grava det sjølv har grave. Dette er keisaren blant dei mange gullriggane i og rundt Nome, Alaska.
Teltbyen skyt opp på «The Golden Beach», sommaren 1900. Da stod huset til Jafet Lindeberg allereie der, i andre enden av Nome, usynleg på bildet. Det er tatt av dei norskætta brørne Lomen, som bygde opp eit fantastisk fotoarkiv og mangt anna i Nome.
Slik er historia om dei legendariske gullrusha til Klondike og Nome: Først kom kvite menn i hopetal med hakke og spade. Så kom gullriggane og gjorde jobben til fem tusen gullgravarar. Sjølv dei minste riggane var store som hus.
Dredge No. 7 har ein lang stålkjeft med nesten hundre enorme tenner; digre skuffer som åt seg gjennom tundraen. Inni kroppen og gjennom halen på monsteret vart mikroskopiske mengder gull skilt frå mastodontiske mengder paydirt med ristande rister og fossande vatn. Bak Dredge No. 7 kom den gjennomrista, gulltomme tundrajorda ut som ei kolossal potetrand, parallelt med mange andre render.
Gullets landskap.
Det finst mange gonger meir metall i fem etasjar høge Dredge No. 7 enn det som er funne av gull i Nome gjennom 127 år. Likevel skapte det gullet millionærar og ein by i øydemarka.
Eg ser ned på lommeuret i handa mi.
Segerstrom & Hagen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.