Datasenter
– Det finst ingen plan
Noreg får stadig fleire datasenter som konkurrerer om krafta. SV og Raudt ber om nasjonal koordinering av nye etableringar.
Googles datasenter utanfor Skien i Telemark skal stå klart i 2026.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Regjeringas strategi om at Noreg skal vere attraktivt for datasenteretableringar, ser ut til å lukkast. I 2020 var det 18 datasenter, i dag er det registrert 88 kommersielle datasenter i drift rundt om i landet, ifølgje Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Nkom.
Fleire nye prosjekt er under planlegging, og denne veka melde Europower at det no står 104 datasenter i nettkø, som er ni fleire enn for eit halvår sidan. Sjølv om ikkje alle desse skulle verte realiserte, er det tvillaust at straumbruken til datasenter kjem til å auke sterkt i åra framover.
NVE sine anslag frå i fjor sommar tilseier ei tredobling av straumbruken på seks år, frå 2,1 TWh i 2024 til 6 TWh i 2030. Det norske veritas (DNV) meiner på si side at datasentera kjem til å bruke 15 TWh innan 2040, som svarar til 7 prosent av samla norsk straumforbruk.
Dette er noko av bakgrunnen for forslaget om å innføre ei konsesjonsordning for etablering av datasenter, som no er til behandling i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Forslaget er lagt fram av SV, som ønskjer nasjonal koordinering av og kontroll med kor mange og kva for datasenter som vert etablerte, og kvar dei vert etablerte.
– I dag finst det ingen heilskapleg plan, og vi risikerer ei overetablering av datasenter i kvar krik og krok av landet. Samstundes vil datasentera, når dei er bygde ut, bruke enormt med kraft, føre til høgare straumprisar og kunne utkonkurrere andre delar av næringslivet, seier SV-nestleiar Lars Haltbrekken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.