Kommentar

Nato i skvis

Utan felles interesser og eit felles verdigrunnlag blir det vanskeleg med eit stabilt transatlantisk samarbeid.
  

A warship passes by houses on the day of a military exercise with hundreds of troops from several European NATO members in the Arctic Ocean in Nuuk, Greenland, Monday, Sept. 15, 2025. (AP Photo/Ebrahim Noroozi)
Eit krigsskip seglar forbi Nuuk på Grønland under ei Nato-øving i 2025.
Publisert Sist oppdatert

«USA må eige Grønland for å forsvare det. Du kan ikkje forsvare eit land du berre har ein avtale med.» Dette sa den amerikanske presidenten i endå ei spontan utsegn førre veke.

Med dette rauk Natos artikkel 5, som seier at medlemslanda pliktar å forsvare kvarandre basert nettopp på avtale, og slett ikkje på eigarskap.

Nato er faktisk i ei eksistensiell krise, meiner mange, men ikkje berre på grunn av grønlandssaka og den trumpianske tendensen til å prate laust. Forsvarsalliansen har ikkje lenger ein felles fiende. Det gjer den felles samtalen om strategi, planlegging og kommandostruktur vanskeleg.

I prinsippet er Russland framleis Fienden, men i praksis har den haldninga Trump-regjeringa har til Russlands president Vladimir Putin og Ukraina-krigen, sådd stor tvil om USA deler denne oppfatninga og vil handle i samsvar med dette.

Ny form for Nato

I dag er det korkje felles interesser eller eit felles verdigrunnlag for eit solid og stabilt transatlantisk forhold. Dette var hovudkonklusjonen på eit seminar som nyleg vart arrangert av ei utradisjonell tankesmie i Washington, Quincy Institute for Responsible Statecraft. I larmen av ein oppheita diskusjon om Trump er det uklart kor representativt seminaret er. Men liknande samtalar kan ein høyre i andre kritisk-liberale amerikanske fagmiljø.

Europearane tek feil dersom dei trur at MAGA og det større omrisset av ein trumpiansk utanrikspolitikk er eit forbigåande fenomen, blei det sagt. Europa må difor – men også ut frå eigeninteresse – gjere seg mindre militært avhengig av USA. Kanskje sjokkterapi i form av reduksjon av amerikanske styrkar i Europa må til.

Problemet er at så lenge Europa tvilar på eiga evne til å handtere tilhøvet til Russland, lener dei seg tungt på USA. Men Trump-regjeringa har inga tru på Europa. Det har dei vore tydelege på fleire gonger. Den nasjonale tryggingsstrategien som kom ut i desember, spådde til og med «sivilisatorisk utsletting» i Europa.

Endringar i Natos struktur vil difor tvinge seg fram, meinte deltakarane.

Ikkje første gongen

Det vil i så fall ikkje bli første gongen Nato endrar seg.

Trugsmålet frå aust var grunnlaget for at alliansen vart danna i 1949, og limet som hindra meir enn små sprekkar i samhaldet under heile den kalde krigen. Då dette tok slutt med Berlinmurens fall 40 år seinare, viste alliansen teikn på ei gryande eksistensiell krise. Medlemslanda byrja sjølve å stille spørsmål ved Natos funksjon og nytteverdi.

Tvilen var forbigåande. Sterke krefter på begge sider av Atlanterhavet lanserte i staden eit mykje breiare strategisk konsept enn det snevre fokuset på forsvar av territoria til medlemslanda, slik det var definert i den opphavlege pakta. Alliansen skulle bidra til FNs globale oppgåve om å redusere konflikt og fremje fred. Identiteten til fienden ville dermed variere, og det geografiske operasjonsområdet måtte utvidast.

«Out of area or out of business»

«Ut frå heimeområdet eller ute av drift» blei det overhengande temaet for strategisk nytenking i Natos hovudkvarter like ved Brussel.

Det første skrittet kom i 1999, då Nato intervenerte i Kosovo-krisa ved å bombe Beograd (utan FN-mandat), og deretter ved å utplassere ein Nato-styrke i Kosovo (med FN-mandat).

Det andre skrittet førte alliansen lenger bort frå det heimlege altlanterhavsområdet. I 2003 tok Nato kommandoen for den internasjonale stabiliseringsstyrken i Afghanistan (ISAF). Oppdraget var solid forankra i FN.

Den offisielle felles fienden i Afghanistan var «internasjonal terrorisme». Uoffisielt sa mange at Nato måtte engasjere seg eller bli sett på sidelinja av heilt andre årsaker. Opptakten til USAs krig mot Irak på same tida hadde lagt press på det transatlantiske forholdet. Europeiske land som ikkje støtta invasjonen til Bush-regjeringa, men som satsa tungt på Nato for eige forsvar, såg at Afghanistan gjorde det mogleg å vise at alliansen framleis var relevant, og at dei ville bidra.

Som den offentlege utgreiinga om Noregs rolle i Afghanistan viser, var denne vurderinga viktig for Noreg.

Global partnarskap i skvis

Natos horisont blei stadig større. Då Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i 2024, kunne han vise til nyskapt partnarskap i fleire delar av verda. I Stillehavsregionen og det som ein gong blei kalla Det fjerne austen, hadde Nato inngått avtalar med Japan, Korea (Sør), Australia og New Zealand. Offisielt var samarbeidet ikkje retta mot ein felles fiende, men i bakgrunnen kunne ein ane ein amerikansk peikefinger retta mot Kina.

Ein global partnarskap som eigentleg maskerer ei Vesten-mot-resten-tenking, passar dårleg inn i dagens skiftande verdsorden prega av rivaliseringa mellom tre stormakter, framveksten av nye statlege grupperingar og eit Nato i strid med seg sjølv.

Nokre europeiske partnarar ser likevel at konflikten med USA kan gje nye moglegheiter. I Frankrike og Storbritannia snakkar dei om å sende ein Nato-styrke til Grønland. Kanskje kan dette både stogge Trump og for ei stund gi alliansen ein ny giv.