Kommentar
Putin vann også denne omgangen
Dei siste to vekene syner kor splitta og rådlaust Vesten er i møte med eit Putin-regime oppsett på vidare militær erobring.
Teikning: May Linn Clement
Det byrja med den såkalla 28-punktsplanen som torsdag i førre veke blei leken til den amerikanske nettstaden Axios: Ukraina skulle gje opp heile Donbas, medrekna rekkja av godt forsvarte byar som i praksis hindrar dei russiske styrkane frå å gå heile vegen mot elva Dnipro og Kyiv.
Ukraina måtte lova ikkje å bli medlem av Nato, og Nato måtte lova aldri å ta opp Ukraina som medlem. Når denne planen blei sett ut i livet, skulle USA få stikka fingrane sine i ein del av dei 300 milliardar dollarane i russiske verdiar som er nedfrosne i vestlege bankar.
Kva skulle Ukraina få til gjengjeld om landet gjekk med på dette? I praksis ingenting. Den ukrainske hæren skulle bli mykje mindre enn han er i dag, og tryggingsgarantiane frå Vesten var meir enn uklare. Landet ville bli lagt ope for fullstendig russisk erobring i ei ikkje altfor fjern framtid.
– Utakknemlege
Denne planen blei utforma – så langt det er mogleg å slå fast i skrivande stund – i fellesskap mellom den russiske utsendingen Kirill Dmitrijev, Donald Trumps ven Steve Witkoff og Trumps svigerson Jared Kushner i slutten av oktober. Då planen blei kjend gjennom den amerikanske nyhendenettstaden Axios, blei han følgd av ein tirade frå Trump sjølv om at ukrainarane ikkje hadde vore takknemlege for den amerikanske hjelpa dei alt hadde fått.
Dessutan var det slik, sa Trump, at president Volodymyr Zelenskyj hadde tida fram til Thanksgiving-dagen i USA til å godta planen. Om han ikkje godtok planen, kunne han gjerne halda fram kampen mot Russland på eiga hand, slo Trump fast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.