Leiar
Grunn til pessimisme
«Det siste klimatoppmøtet, som vart avslutta i Brasil sist veke, endra lite.»
Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva helsar på den spanske statsministeren Pedro Sanchez. Fleire andre var også tilstades under «familiefotoet» i forkant av klimatoppmøtet i Brasil.
Adriano Machado
«Klimatrugsmålet veks, viljen til utsleppskutt minkar.» Sitatet er frå ei sak her i avisa om klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika i 2011. Den setninga står seg diverre like godt i dag, 14 år etter.
Det siste klimatoppmøtet, som vart avslutta i Brasil sist veke, endra lite. Deltakarlanda vart rett nok samde om å auka innsatsen for å halda den globale oppvarminga under 1,5 gradar, slik at vi unngår dei verste konsekvensane av klimaendringane. Men for å få det til trengst det ifylgje Rio-avtalen «raske og vedvarande reduksjonar i utsleppa». Trur vi på det?
Då skal du vera optimist. Få klimaforskarar har tru på at dette er mogleg eller realistisk. Verda er så full av ulike interesser at klimasaka vert prioritert ned til fordel for kortsiktige, akutte mål. I somme land blir klimatiltak til og med direkte motarbeidde. Trump-regjeringa er erklærte motstandarar av klimapolitikk.
Det mest positive EUs klimakommissær får seg til å seia etter toppmøtet i Brasil, er at «det peikar i rett retning». Det seier sitt. Det er som om klimasaka har mista kraft og framdrift, og folk mistar trua på at det nyttar. Det er skummelt, for det er ei formidabel oppgåve vi står andsynes.
Som dåverande Cicero-direktør Knut H. Alfsen sa til Dag og Tid i 2011: «Så godt som alle land må bli samde om ein klimaavtale. Dette er allmenningens tragedie, der ingen tener på å gå først og gjere det rette.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.