Holocaust

«Jødar får ikkje lenger vere menneske»

Det er 83 år sidan 529 jødar vart deporterte frå Noreg på skipet «Donau» 26. november 1942. Veka før vart Einar Nathan og 20 andre jødar sende same vegen.

Publisert

Slik formulerte advokaten Einar Nathan det då han i 1938 skreiv om fem år med nazistane ved makta i Tyskland i det jødiske månadsbladet Hatikwoh: «Jødar får ikkje lenger vere menneske.» To år seinare vart Noreg invadert av Tyskland. Same hausten vart Nathan pågripen og sett inn i det tyske fengselet Møllergata 19.

På bileta frå kartotekkortet ser det nesten ut som han smiler. Ordet Jude er understreka med raudt. Men kva er det han har på seg? Er det ein slåbrok?

Nathan er ein av desse lagnadene som ikkje slepper taket. Han kom frå ei av dei eldste og mest distingverte norsk-jødiske slektene. Bestefaren Nathan Nachmann Nathan vart den fyrste forstandaren i Det Mosaiske Trossamfund i 1893. Faren John Nathan fylgde etter i rolla i 1898. Faren var gift med den danske pianisten og komponisten Mathilde Berendsen.

Einar Nathan vart fødd i 1886 og voks opp i ein kulturell heim. Han var ein av dei første – om ikkje den første – norske jøden som fekk ei akademisk utdanning. I 1904 tok han avsluttande eksamen som jurist ved Universitetet i Oslo.

Han etablerte seg seinare som advokat i Oslo. I 1926 vart han involvert i ei sensasjonell rettssak: Han vart skulda for heleri av sølvtøy. I tingretten vart han dømd til 45 dagar fengsel, og han vart frådømd løyvet til å drive som høgsterettsadvokat. Saka vart omtalt i aviser over heile landet. Då domen vart lesen opp, braut han saman. I fortviling utbraut han: «Dei kunne like godt ha sperra meg inne på livstid.»

Ein kunne ha skrive mykje om denne saka, «Nathan-saka», som ho vart kalla. Det vart trykt teikningar av Nathan i fleire av avisene. Dei vitnar om inngrodde antisemittiske fordomar mot jødar. Men ordet jøde vart sjeldan brukt i reportasjane; det låg mellom linene. Det var berre i avisene på venstresida den jødiske bakgrunnen hans kom tydeleg fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement