Klima

¿ Røyndomen trengjer seg på

EU har vedteke å verta klimanøytralt. Men kvar skal vi finna minerala vi treng for å få til det? Skal vi alle køyra elektrisk, til dømes, må batteriproduksjonen i verda auka 500 gonger.

GREEN DEAL? Før alle kan køyra elektrisk bil, trengst fleire gruver, som dette kopardagbrotet i Bingham Canyon i Utah i USA, som for tida er størst i verda i sitt slag.
GREEN DEAL? Før alle kan køyra elektrisk bil, trengst fleire gruver, som dette kopardagbrotet i Bingham Canyon i Utah i USA, som for tida er størst i verda i sitt slag.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Folketalet i verda nærmar seg i dag 8 milliardar, 6,5 milliardar av desse er ute av ekstrem fattigdom. Denne folketals- og velstandsauken er basert på éin ting og éin ting åleine: bruken av fossil energi. Den industrielle revolusjonen byrja i England og har i dei 200 åra etterpå breidd seg nesten over heile verda. Om du ser deg rundt der du sit, er det nesten ikkje den ting som ikkje byrja med at det ein eller annan stad vart nytta kol eller olje eller gass. Ja, til og med PC-en denne teksta er skriven på, er omkransa av hard plast.

Innan 30 år skal nesten all bruk av fossile kjelder bort, i det minste frå Europa. EU har bestemt seg for å verta netto karbonnøytral. Ja, vi kan kanskje nytta litt olje, men då skal utsleppa motsvarast av karbonfangst. Det er ein revolusjon som til og med er større enn den industrielle. På berre 30 år skal du og eg og nesten alle vi kjenner, verta karbonnøytrale. Det er nesten ikkje til å tru. Men alle EU-regjeringane, og for den del Noreg, har gjort dette vedtaket. Langt over halvparten av dei som bur i Noreg, skal, om politikarene våre får rett, få oppleva eit CO2-nøytralt Europa.

Gruvedrift?

Diverre er det noko som skurrar i EUs European Green Deal, som den siste klimastrategien deira vert kalla. Dei seier at dei skal, men dei seier ikkje korleis. Kor mykje vil dei grava, kor mykje areal har dei tenkt å setja av? Det svarar ikkje EU på. Den absolutt viktigaste næringa for å få til ei grøn satsing er gruvenæringa. Det er den næringa som skal levera alt metallet, alle minerala og all den koparen vi skal senda den grøne krafta gjennom. Slik stoda er i dag, er verdas gruveindustri ikkje i nærleiken av å kunna produsera alt som skal leverast for at Europa skal verta klimanøytralt.

For det fyrste vil det krevja enormt med investeringar, billionar av euro må sprøytast inn i verdas gruveindustri for at vi skal verta grøne. Men nett gruveindustrien er eit mykje mislikt objekt for moderne investorar som vil verta grøne. Om de går inn på Oljefondets ekskluderingsliste, vil de finna fleire gruveselskap som Oljefondet nektar å investera i. Om du som arbeider i privat sektor, sjekkar kvar pensjonsselskapet ditt investerer, vil du oppdaga ei rekkje gruveselskap som pensjonsselskapa ikkje vil ha noko med å gjera. Alt av norsk innskotspensjon er i dag grønvaska og etisk korrekt. Og det som gjeld for Noreg, gjeld for mange av EU-landa òg. Om eit gruveselskap ynskjer å gjennomføra ein emisjon for å reisa ny kapital, til dømes i giganten Vale i Brasil, ja, så får truleg ikkje det selskapet pensjonskapital frå europeiske investorar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement