Robotane er her. Kva gjer vi?

Vi treng visst ikkje frykte følgjene av kunstig intelligens, men bruken av han vil reise problem når det gjeld styring, lovregulering og etikk. Slik lyder bodskapen frå ein robotkonferanse i Bergen.

Svenske Fredrik Löfgren har bygd tretti robotar som tek seg av husarbeid i heimen hans. Desse kvalifiserer seg òg med dans i eit talentprogram på TV.
Svenske Fredrik Löfgren har bygd tretti robotar som tek seg av husarbeid i heimen hans. Desse kvalifiserer seg òg med dans i eit talentprogram på TV.
Publisert

«Det vil helst gå godt», meiner IKT-guru Torgeir Waterhouse. Direktøren for IKT-Norge fekk siste ordet på årets Christiekonferanse på Universitetet i Bergen og sytte for at den svært informative konferansen slutta i ein optimistisk tone. Sjølv om vi undervegs hadde fått høyre åtvaringar frå kompetente innleiarar, kom ingen rop om å dra i bremsane. Og gjennom selskapet Hell Robotics demonstrerte ungdommar frå Stjørdal at den yngre generasjonen alt er på full fart inn i den fjerde industrielle revolusjonen. Der er det robotikk og kunstig intelligens som tel.

Men svenske Fredrik Löfgren (26) har nok eit forsprang på dei. Han har bygd robotar sidan han var sju år gammal, og har no om lag tretti robotar som tek seg av det meste som skal gjerast i heimen. I framtida ser han føre seg at éin robot skal kunne gjere det dei tretti gjer i dag, og meir til. For vi har berre sett byrjinga på denne revolusjonen ennå.

Kan endre sivilisasjonen

No snakkar ein om «Weapons of Math Destruction» (altså algoritmar) og teknologisk singularitet. Det siste inneber at den teknologiske utviklinga kjem så langt – og det er visst berre eit spørsmål om tid – at ho blir irreversibel og ikkje lèt seg kontrollere, men vil i ytste konsekvens kunne endre den menneskelege sivilisasjonen.

Så kan vi i mellomtida smile over korleis roboten Elsa, som Löfgren hadde med seg til Bergen, i ein tidleg versjon tedde seg då ho deltok i VM i matlaging for robotar i 2014. Ho tok ein kvinneleg jurymedlem for å vere ei skjerefjøl, truleg fordi kvinna hadde lyse klede og fysisk var nokså brei. Men ei skjerefjøl skal jo liggje flat, ikkje stå oppreist. Så i frustrasjon (?) over ikkje å kunne leggje tomaten på fjøla, kylte Elsa han i kroppen på dama.

Det finst alt restaurantar i Kina og Japan der robotar står for matlaginga. Löfgren fortel at det blir arbeidd seriøst med å skape robotar som innan 2050 skal kunne vinne VM i fotball. Då vil dei vere fysisk på høgd med menneskelege motspelarar og taktisk overlegne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement