– Religiøse krefter står bak
– Det verkar som splittinga mellom homovenlege og homofiendtlege land vert stadig større.
Her vert russiske homoaktivistar beskytta av politiet etter at motdemonstrantar gjekk til åtak på dei under ein demonstrasjon i St. Petersburg.
Foto: Dmitry Lovetsky / NTB scanpix
Det seier Pål Vegard Hagesæther. Han har vitja seks land der vilkåra for homofile er vanskelege, og reisene har gått til Russland, India, Uganda, Iran, Tyrkia og Jamaica. I boka Skeivt ut fortel han om møte med «skeive» i desse landa.
– Kvifor eit slikt bokprosjekt?
– Eg registrerte at det stadig kom nyhende om ekteskapslover og nye rettar for homofile i vestlege land, men samstundes gjekk det i negativ lei i andre land. Eg ville vita meir om kvifor dei ikkje lét seg påverka av det som skjedde i resten av verda.
– Kvifor valde du desse seks landa?
– Det var land som hadde opplevd konkrete tilbakeslag og undertrykking, men det finst også land som eg valde bort av di dei var for farlege eller for vanskelege å reisa til som journalist.
– Risikerte du noko?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.