Rekordinnvandring under Listhaug

Ja, Sylvi Listhaug har sendt ut rekordmange asylsøkjarar, men samstundes ligg innvandringa på rekordnivå. I år får truleg minst 20.000 frå den tredje verda opphald i Noreg.

Publisert

Lat oss for ein gong skuld sjå bort frå retorikken, lat oss berre sjå på resultata til regjeringa og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp). Ho har sjølv sagt at målet hennar er at Noreg skal hjelpa flest mogleg i nærområda og taka mot så få som råd er her heime. Så då vurderer vi henne og regjeringa ut frå det.

Sender dei ut

Lat oss byrja med eitt særs viktig område der suksessen har vore stor: Kampen mot dei som ikkje har lovleg opphald i Noreg av di dei anten er kriminelle eller har fått avist søknaden om lovleg opphald i Noreg.

Er det noko vi i vesle Noreg liker, så er det å verta sett av viktige utlendingar. Måndag den 7. august vart vi sett i Danmark, oppslaga var mange og store. Vi fekk vitjing av ei kvinne vi vagt hugsa ville riva gifteringar av traumatiserte kvinner og smykke av små born. Dama heitte Inger Støjberg, og har den same stillinga i Danmark som Listhaug har i Noreg. Men Støjberg kan ikkje vera like god i arbeidet sitt som Listhaug, for ho sa at ho var i Noreg for å læra av nett Listhaug. Og det ho ville læra, var korleis ein kunne senda folk ut av landet. Per hovud er Noreg nemleg Europa-meister i å senda folk ut og til heimlandet.

Det skulle kanskje berre mangla, for ein rapport som kom for to år sidan, synte at ei nokså vanleg løn i Politiets utlendingseining (PU), inkludert overtid og utanlandstillegg, er på 1,5 millionar. Og det var nett PU Støjberg ville møta. Ho og Listhaug drog til interneringsleiren og utlendingsfengselet Trandum ved Gardermoen. Der fekk Støjberg vita at PU berre i juli hadde sendt ut 461 personar, mellom desse 198 straffedømde.

«En av de tingene som jeg i høyeste grad skal ha med hjem herfra, er arbeidet med å sende asylsøkere med avslag og kriminelle ut av landet. Der er Norge bedre enn Danmark, og det skal vi lære av. Norge ligger helt i front i Europa, og derfor er vi mange som vender blikket mot Norge for å lære», sa Stjøberg om vi skal tru referata frå norsk presse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement