JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Rekordinnvandring under Listhaug

Ja, Sylvi Listhaug har sendt ut rekordmange asylsøkjarar, men samstundes ligg innvandringa på rekordnivå. I år får truleg minst 20.000 frå den tredje verda opphald i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9928
20170901
9928
20170901

Innvandring

Jon@dagogtid.no

Lat oss for ein gong skuld sjå bort frå retorikken, lat oss berre sjå på resultata til regjeringa og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp). Ho har sjølv sagt at målet hennar er at Noreg skal hjelpa flest mogleg i nærområda og taka mot så få som råd er her heime. Så då vurderer vi henne og regjeringa ut frå det.

Sender dei ut

Lat oss byrja med eitt særs viktig område der suksessen har vore stor: Kampen mot dei som ikkje har lovleg opphald i Noreg av di dei anten er kriminelle eller har fått avist søknaden om lovleg opphald i Noreg.

Er det noko vi i vesle Noreg liker, så er det å verta sett av viktige utlendingar. Måndag den 7. august vart vi sett i Danmark, oppslaga var mange og store. Vi fekk vitjing av ei kvinne vi vagt hugsa ville riva gifteringar av traumatiserte kvinner og smykke av små born. Dama heitte Inger Støjberg, og har den same stillinga i Danmark som Listhaug har i Noreg. Men Støjberg kan ikkje vera like god i arbeidet sitt som Listhaug, for ho sa at ho var i Noreg for å læra av nett Listhaug. Og det ho ville læra, var korleis ein kunne senda folk ut av landet. Per hovud er Noreg nemleg Europa-meister i å senda folk ut og til heimlandet.

Det skulle kanskje berre mangla, for ein rapport som kom for to år sidan, synte at ei nokså vanleg løn i Politiets utlendingseining (PU), inkludert overtid og utanlandstillegg, er på 1,5 millionar. Og det var nett PU Støjberg ville møta. Ho og Listhaug drog til interneringsleiren og utlendingsfengselet Trandum ved Gardermoen. Der fekk Støjberg vita at PU berre i juli hadde sendt ut 461 personar, mellom desse 198 straffedømde.

«En av de tingene som jeg i høyeste grad skal ha med hjem herfra, er arbeidet med å sende asylsøkere med avslag og kriminelle ut av landet. Der er Norge bedre enn Danmark, og det skal vi lære av. Norge ligger helt i front i Europa, og derfor er vi mange som vender blikket mot Norge for å lære», sa Stjøberg om vi skal tru referata frå norsk presse.

Mykje pengar

Mange utsendingar handlar sjølvsagt om pengebruk. Som Siv Jensen sa ved framlegginga av statsbudsjettet for 2017: «Regjeringen opprettholder et høyt måltall for tvangsreturer på innvandringsfeltet, og øker innsatsen for frivillige returer. Regjeringen følger samtidig opp integreringsmeldingen. Et strengt regelverk, rask retur og vellykket integrering er nødvendig for å trygge det norske velferdssamfunnet.»

Men det handlar ikkje berre om ekstraløyvingar. I 2009 fekk justisminister Knut Storberget (Ap) gjennomført ei regelendring for asylsøkjarar mellom 16 og 18 år. Dei kunne, om det var trygt, sendast attende til heimlandet når dei fylte 18 år, vedtok Stortinget. Men dette regelverket vart ikkje strengt praktisert. Listhaug har skjerpa inn praktiseringa, og i tillegg opna asylkompromisset i Stortinget opp for at ein i auka grad skal kunne senda folk attende til trygge soner i heimlandet. Før innskjerpinga fekk så godt som alle born som kom åleine til Noreg frå Afghanistan, opphald. Dei siste tala viser at over 70 prosent av asylantborna som har kome derifrå, ikkje har fått permanent opphald.

Returnerer born

Dessutan returnerer vi born også, så sant det er med familie eller om familie ventar heime i Kabul. I fyrste halvår 2016 sende vi 30 born til Kabul. Danmark, Sverige og Finland sende null. Men så har då også Høgsteretten sagt at det er lov å senda born attende til Afghanistan. Noreg har truleg den strengaste returpolitikken for born spesielt og ulovlege innvandrarar generelt i Europa.

Kor mange sender så Noreg ut samla sett? I 2015, midt under den største asylkrisa i norsk soge, då 31.150 personar kom til landet, sette PU ny rekord i utsendingar: 7825 vart transporterte ut, ein oppgang på 8 prosent frå året før. Dermed meir enn oppfylte PU målet til regjeringa, som var 7800. Det var fyrste gong PU makta måltalet, og dimed auka Listhaug talet til 9000 både for 2016 og 2017. I 2016 kan ein kanskje seia at PU derimot feila, dei fekk ut 8078, ein oppgang på berre 5 prosent frå året før, og i fyrste halvår i år har dei kome ned i 3000 tvangsutsendingar. Men som leiaren av PU sa til VG då Støjberg var på vitjing: «Antallet som blir returnert har sammenheng med hvor få som kommer.» Listhaug har på si side gratulert PU med «en fantastisk utført jobb».

Dei kriminelle

Men så var det dei kriminelle: Kva hindrar dei i å koma attende etter utvising og uttransport? For også Noreg er med i Schengen. Der har Listhaug eit anna verkty som grannelanda misunner oss. Noko av det fyrste Frp fekk vedteke etter tingingar med støttepartia hausten 2013, var å heva straffa for ulovleg innreise. Og alt 16 dagar etter at den nye strafferåma var sett i verk, vart ein afghansk tobakksseljar dømd til eitt års fengsel for ulovleg innreise. Politiet har vore nokså ivrige til å nytta paragrafen om ulovleg innreise etter bortvising, og domstolane har lagt seg på ei straff på eitt år. Dimed er det truleg også relativt få som vert verande i Noreg eller prøver å reisa inn att. Men her kan mørketala likevel vera store.

Det trur rett nok ikkje PU. Den 24. juli kom dei med ein rapport der dei konkluderer med at dei som forsvinn frå asylmottak eller kjend adresse i Noreg, av di dei anten har fått avslag eller forstår at dei får avslag, ikkje vert verande i Noreg. PU har fylgt nøye ei gruppe på 751 personar som kom til Noreg mellom 2011 og 2016. Berre 3 prosent av desse er framleis i Noreg, trur PU.

Og når Noreg returnerer så mange, berre gjev mellombels vern for ordinære asylsøkjarar, og Russland, Tyrkia, Balkan-landa og – snart – Libya stenger grensene, kjem det få asylsøkjarar til Noreg. I fyrste halvår i år kom berre 1114 ordinære asylsøkjarar hit, ein nedgang på om lag ein tredjedel frå rekordlåge 2016.

Men alt som har vorte sagt til no i denne artikkelen, er berre halve soga. Sanninga er at asylsøkjartala går opp med 40 prosent frå i fjor, og heile denne auken vert representert av menneske som er garantert opphald i Noreg. For Listhaug og regjeringa har inngått ein avtale med EU om relokalisering av asylsøkjarar som har kome til Italia og Hellas. Vi har lova EU å henta 1500 eritrearar og syrarar i 2017; alle skal få opphald. Vi har halde alle avtalar. Noreg er eitt av berre tre EØS-land som har relokalisert alle vi sa vi skulle relokalisera.

Familieinnvandring

I tillegg kjem kvoteflyktningane. I år skal vi henta 3120. Om vi seier at 2000 ordinære asylsøkjarar får opphald i år, pluss dei 1500 frå Hellas og Italia, pluss kvoteflyktningane, er vi oppe i 6620. Men vi kan vera ekstra konservative og seia at talet vert 6000. Då byrjar det å likna eit normalår med innvandring frå den tredje verda. Men diverre for Listhaug stoggar det heller ikkje der: For alle eritrearane og syrarane er stort sett menn i sin beste alder. Mange har familie, særleg mellom syrarane.

Familieinnvandring er ikkje ein sentral del av det internasjonale menneskerettsregimet, og litt enkelt sagt eit felt mottakarlandet kan regulera nokså sterkt sjølv, seier Lovavdelinga i Justisdepartementet. Det gjer ikkje Noreg i særleg sterk grad. Dei sju fyrste månadane i år tok vi mot 8413 familieinnvandrarar frå den tredje verda. Eritrea og Syria låg på topp med høvesvis 946 og 1540. Om noko, skal truleg desse tala auka utover hausten, for, syner statistikken frå UDI, særleg syrarane har så langt henta relativt få. Av 9075 som kom i 2015 og har fått opphaldsløyve, har gjennomsnittstalet per person vore på 0,36 i henting av familie. Det er langt under det vanlege gjennomsnittet, særleg sett i lys av at ein gjennomsnittsfamilie i Syria får 2,9 born.

Eit nokså konservativt overslag tilseier at 15.000 familieinnvandrarar kjem til Noreg i år. Dimed er vi oppe i over 20.000 innvandrarar frå den tredje verda. Det svarar til over ein tredjedel av talet på fødslar i Noreg. Sidan fødselsoverskotet i Noreg er på veg ned grunna låge fertilitetstal, er innvandring frå den tredje verda også i 2017 den store drivaren av folketalsveksten. Og slik vil det truleg halda fram i mange år framover om regelverket ikkje vert endra. Ein tredjedel av dei som har kome gjennom familieinnvandring i år, er born, som i sin tur vil henta nye familiemedlemmer frå heimlandet. Di større gruppa som alt er her, er, di større vert familieinnvandringa. Kvart år dei siste 15 åra har familieinnvandring vore ei større kjelde til innvandring enn flukt. Slik var det også i rekordåret 2015 (sjå graf).

No kan det rett nok vera at det neste år vert litt lægre familieinnvandring, og det av to grunnar: For det første har regjeringa sett opp gebyret for å søkja til 8000 kroner for vaksne. Det er litt pengar. For det andre har Listhaug fått Stortinget med på å setja ned den automatiske grensa frå når du får opphaldsløyve til du kan søkja om å henta familie, frå eitt år til seks månader. Søkjer du etter seks månader no, må du ikkje berre betala 8000 kroner, du må også per dato dokumentera at du tener 305.200 kroner i året.

Lønskravet har Stortinget sagt at Listhaug må setja ned til 252.472 kroner. Og desse krava gjeld ikkje for kvoteflyktningar, som i motsetnad til vanlege asylsøkjarar også får permanent opphald frå dag éin. I tillegg kjem det at når det vert færre asylsøkjarar, vert det etter kvart færre som skal ha familieinnvandring grunna asyl. Men den lange trenden med familieinnvandring er likevel aukande.

Ja, regjeringa, og dimed Listhaug, har fått gjennom ein del innstramingar, og dei har auka returane, men om vi ser på dei reine tala, er det ingen tvil om at 2017 vert eit av dei åra i norsk soge med høgst innvandring frå den tredje verda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om vi ser på dei reine tala, er det ingen tvil om

at 2017 vert eit av dei åra i norsk soge

med høgst innvandring frå den tredje verda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis