Barnehagar

Reknestykket som ikkje går opp

Barnehagar landet rundt slit med bemanninga. Det vert etter alt å døme verre framover. 

Barn har lovfesta rett på barnehageplass, men i Tromsø kommune står 72 barn utan ein plass i august.
Publisert Sist oppdatert

Denne veka fortalde NRK om foreldreparet Anna Dranovskava og Erlend Gabrielsen i Tromsø som nyleg har fått brev frå kommunen om at sonen deira ikkje kjem til å få barnehageplassen han etter loven har krav på frå august av.

Årsaka er at Tromsø kommune ikkje har barnehagetilsette nok til å gje guten eit forsvarleg og trygt pedagogisk barnehagetilbod. Kommunen manglar både assistentar, fagarbeidarar og pedagogar og har difor sendt avslag på søknad om barnehageplass til i alt 72 barn.

Seksjonsleiaren for barnehage i Tromsø kommune, Berit Vassmyr, fortalde at kommunen måtte bryte ein av to lovparagrafar: Anten den som gjev rett til barnehageplass for dei aller fleste barn i løpet av det året dei fyller eitt år, eller den såkalla bemanningsnorma, som seier at det skal vere minst éin tilsett per tre barn når barna er under tre år, og éin tilsett per seks barn for barna som er over tre år.

Problemstillinga gjeld ikkje berre for Tromsø. I april melde Alta kommune at kommunen, for fyrste gong sidan retten til barnehageplass vart innført i 2009, ikkje kjem til å klare å innfri retten for alle barn denne hausten. Og det er fleire som slit med bemanningssituasjonen.

Fleire regelbrot

I tillegg til bemanningsnorma skal barnehagane etter loven ha minst éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement