Raudt

Raudt er ikkje ei politisk parti, det er eit testlaboratorium.

Partileiaren i Raudt talar til landsmøtet. Spørsmålet er om han får særleg taletid i valkampen.
Partileiaren i Raudt talar til landsmøtet. Spørsmålet er om han får særleg taletid i valkampen.
Publisert

Under førre valkamp for Stortinget vart Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt, spurd om kva land i verda som var det beste samfunnet han kunne tenkja seg. Var det Venezuela? Nei. Cuba? Nei. Sverige? Nei. Nord-Korea? Nei. Svaret var Noreg. Men no har det gått fire nye år, og Noreg har vore i stort forfall. Ikkje minst kjem det fram i partiprogrammets kapittel 9, som har fått tittelen «Kvinnefrigjøring», i kapittel 10, som har fått tittelen «Antirasisme, innvandring og minoritetspolitikk» og i kapittel 11, «Skeiv politikk». For å seia det slik: Er du kvit mann som tener gjennomsnittleg eller litt betre, så er du eit problem. Det skal vi koma attende til.

Den andre setninga i arbeidsprogrammet til Raudt er denne: «De økonomiske forskjellene i Norge er klasseforskjeller. Årsaken til klasseforskjellene er at det store flertallet lønnsarbeidere skaper verdiene, mens et lite mindretall av eiere bestemmer og sikrer seg alle overskuddene.» Lat oss gå inn på heimesidene til Finansdepartementet: Marginalskatten, som kjem med éin gong om du når gjennomsnittsinntekt i Noreg, er 49,9 prosent for næringsinntekt og 46,6 prosent for utbyte; overskotsskatten er på si side 24 prosent, og i tillegg kjem formueskatten på 0,7 prosent av det du eig over 1,4 millionar.

Har du overskot, eig litt og tek ut utbyte, går over halvparten av overskota til staten. Nyttar du i tillegg noko av desse pengane på forbruk, så skal staten ha moms og særavgifter. Nyttar du til dømes noko av overskotspengane på bil som går på bensin, tek staten over 90 prosent av det du nyttar på turen gjennom bompengar og bensin og bilavgifter. Likevel skriv altså Raudt at «et lite mindretal av eiere bestemmer og sikrer seg alle overskuddene». Og no har eg ikkje ein gong nemnt at staten og kommunane eig over ein tredjedel av alt som er notert på Oslo Børs. Tek vi med næringslivet det offentlege eig utanom Børsen, snakkar vi om endå større tal.

Kort sagt: Det meste av overskot generert i Noreg av norske eigarar, hamnar i budsjetta til det offentlege. Avgrensar vi oss til oljenæringa, som er Noregs største næring, er skattenivået på éi krone forbrukt av ein som eig aksjar i norsk oljenæring, ein stad mellom 95 og 100 prosent. «Rasismen», skriv programkomiteen, «hindrer oss i å se hvem som egentlig tjener på dagens system». Kanskje det er rasismen som gjer at medlemane i Raudt ikkje ser at det er staten som tener på dagens system?

Kva med lesbiske?

Det fjerde avsnittet i programmet er dette: «Kvinnebevegelsen er viktig fordi kvinner taper dobbelt på det kapitalistiske systemet. Kvinner taper økonomisk ved at kvinner har lavere lønninger enn menn, og kvinner taper fordi det kapitalistiske systemet tjener på at kvinner er undertrykt som kjønn.» Kvinner i Noreg betaler under halvparten av det menn betaler i skatt og hentar ut rundt 75 prosent av pengane vi nyttar på velferd. Er dette diskriminering? Ei gruppe Raudt er særmerkt opptekne av som diskriminerte, er lesbiske. I den vestlege verda, og dette har det vorte forska på, tener lesbiske kvinner i gjennomsnitt nett det same som ein gjennomsnittsmann. Om Noreg og det kapitalistiske systemet er så diskriminerande, burde vel alle mennene som diskriminerer så mykje, ha diskriminert lesbiske kvinner ekstra sterkt, sidan desse kvinnene føretrekkjer andre kvinner og ikkje menn?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement