JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Rapport frå eit øyrike
i motvind

– Theresa Mays bærebjelke, at ho stod for fast leiarskap, er blitt ein tom frase, seier Jeremy C. Mitchell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Performers pose with puppet caricatures of Britain’s Prime Minister Theresa May, leader of the Liberal Democrat Party  Tim Farron and leader of the Labour Party  Jeremy Corbyn, in front of the Palace of Westminster in London, Britain June 8, 2017. REUTERS/Marko Djurica

MARKO DJURICA

8978
20170616
8978
20170616

Valet i Storbritannia vart eit val med absurde og paradoksale resultat. Dei konservative auka røystetalet med 6 prosent, 2,3 millionar fleire røyster, og fekk ein oppslutnad på over 42 prosent. Dette er eit resultat som overgår det Blair og Thatcher fekk til. Likevel fekk statsminister Theresa May færre mandat i Underhuset. Paradokset er at trass i ein elendig valkamp, fekk toryane større røystetilslutnad. Problemet var at dei var uheldige i fordelinga av mandat.

Labour tapte for tredje gong, men oppfører seg som om dei vann. Det kjem av at forventningane var så låge. Dei ligg framleis 50 mandat etter toryane. I Nord-Irland er alle moderate parti på den protestantiske og den katolske sida feia av bana til fordel for Sinn Fein og unionistane i Democratic Unionist Party (DUP) – eit konservativt parti som er motstandar mot abort og homofile ekteskap.

Tilbake står Theresa May med dramatisk svekt autoritet framfor brexitforhandlingane, nett det ho skreiv ut valet for å hindra. Finansministeren ho kasta ut, George Osborne, seier ho lever på lånt tid i ei dødscelle. I britisk politikk talar ein ikkje med sordin.

TOPARTISYSTEMET KJEM

Me spør difor ein som har følgt britisk politikk eit heilt liv, statsvitar Jeremy C. Mitchell, om det er mogleg å spora ein hovudtendens.

– Det ser ut til at landet er på veg attende til eit topartisystem. Det samla talet på røyster til Dei konservative og Labour har ikkje vore så stort sidan 1950-talet. Støtta til United Kingdom Independence Party (UKIP), det innvandringskritiske partiet, har falle saman og er no på berre 2 prosent. Veljarane deira meinte vel at føremålet med partiet – brexit – var oppnådd. Mange hadde venta at røystene deira ville bli overførte til toryane, men det ser ikkje ut til å ha skjedd. I dei fleste valkrinsar ser UKIP-røystene ut til å ha vorte delte mellom toryane og Labour nokolunde likt. Nigel Farage, den førre UKIP-leiaren, sa sjølv at ein stor del av arbeidarklasseveljarane hadde vendt attende til Labour, inspirerte av Corbyns tradisjonelle sosialistiske valmanifest.

Mitchell vil likevel ikkje trekke argumentet om topartitrenden for langt. Tendensen gjeld i fyrste rekke i England. Det kom andre resultat i Skottland, Wales og Nord-Irland. Når no Theresa May må samarbeide med dei nordirske unionistane (med ti plassar i Westminster), så ikkje gløym at dei er sosialkonservative: Dei er mot abort og homofile ekteskap, dei er for innvandring og opne grenser til Irland, dei er skeptiske til sparelina til dei konservative, dei trur ikkje på klimaendringar og det finst kreasjonistar blant dei. Dei vil ha ein svak brexit, ikkje – som May – ein hard.

KVA SKJER I NORD-IRLAND?

– Å sikra freden i Nord-Irland er sterkt avhengig av DUP, seier Mitchell.

– Men no er heile avtalen sett i spel fordi katolikkane ikkje ser med blide auge på eit parti som vert så nært knytt til den britiske regjeringa. Avtalen mellom May og DUP kjem difor med ein pris som kan bli høg for freden i Nord-Irland. Endar det heile med ein hard brexit, med grensesperringar mot republikken, vert konfliktnivået høgare. Koalisjonen me no ser forma seg, vert ikkje stabil. Mays bærebjelke, at ho stod for fast leiarskap, er blitt ein tom frase. Sant å seie minte det mange om retorikken og personkulten i autoritære regime. Ekstra pinleg vart dette då det vart klart at ho ikkje hadde nokon personlegdom å fylle talemåtane med. Tidlegare eksperiment med Tory- og DUP-koalisjonar har slutta nokså triste, til dømes under Labour-regjeringa til James Callaghan i 1976–79. Då kom dei stadig med krav som gjorde samarbeidet vanskeleg. Alliansen har aldri freista til gjentaking.

MEIR INNFLØKT

– Det synest som om andre skiljeliner enn det klassiske høgre–venstre har kome sterkare attende, som sentrum–periferi og alder, men ikkje kjønn?

– Ja, senter–utkant er blitt viktigare. Vi såg til dømes korleis dei konservative medvite zooma seg inn på dei nordengelske valkrinsane der det hadde vore eit sterkt brexitresultat, eller der UKIP stod sterkt i 2015, med eit tvitydig resultat.

Når det gjeld alder, seier Mitchell at Jeremy Corbyn lukkast med å mobilisere dei under 25.

– Tradisjonelt har dei vore sett på som meir venstreorienterte, men vanskelegare å få til å koma til urnene. Det var ikkje tilfelle denne gongen. Det var kødanning ved registreringskontora. og deltakinga var høg, noko som sikkert òg hadde samanheng med Corbyns ynske om å ta bort dei høge universitetsavgiftene. Gjennom å unngå den høgrevridde pressa unngjekk ungdomane også demoniseringa og sjikanen av Corbyn. Dei opererte meir på sosiale medium der biletet av Labour har vore meir positivt.

NYE SJANSAR I EUROPA

– Kvifor er ungdomen i Storbritannia så positive til EU, medan norsk venstreungdom stort sett er frosne fast i ein kritikk av EU som ei blokk med demokratisk underskot og kapitalistisk økonomi?

– Delvis fordi dei er mindre knytte til fortida. Dei har ikkje noko tilhøve til ord som «imperium» eller perioden då Storbritannia kunne bli sett på som ein verdsmakt. Akademiske utvekslingsprogram har auka kunn

skapen deira om europeiske tilhøve. Eg trur dei ser på «Europa» i meir kulturelle enn politiske og økonomiske termar. Dei ser på Europa som ein sum av akademiske og personlege opningar. Eg spurde dotter mi om dette, og ho sa at nett fordi ho var vakse opp som europear, ser ho ikkje på Europa som noko trugsmål, men som eit sett av nye sjansar. Fleirkulturen har òg bygd ned synet på eige land som særmerkt eller overlegent.

DEI SÆRMERKTE SKOTTANE

– I Skottland gjekk nasjonalistane i Scottish National Party (SNP) tilbake?

– Ja, men eg vil åtvara mot å overvurdere tilbakegangen. Før 2015 hadde dei seks parlamentsmedlemmer, no 35. I Skottland er dei framleis det største partiet. Før valet hadde dei 56 av 59 plassar i det skotske parlamentet, og det er klart at ein slik posisjon ikkje kunne haldast. Nicola Sturgeon, SNP-leiaren, dreiv heile kampanjen sin for å få til ei folkerøysting nr. 2 om å forlate Storbritannia. Ho vart møtt med unison motstand frå dei andre partia – Conservative, Labour og Libdem – som samla fekk fleire røyster enn SNP. Ho vart òg møtt med klager om dårleg politikk heime. SNP har trass alt styrt i fleire år no. Ei overraskande feilvurdering her av Sturgeon. Eit skotsk brot med Storbritannia er sett på vent. Kampanjen i Skottland var ein triumf for leiaren av dei konservative, Ruth Davidson. Men nok ein gong ser ein dei innfløkte skiljelinene: Davidson er tilhengjar av brexit, og vil såleis verta eit problem for May.

SOSIALISTISK RENESSANSE

– Me kjem ikkje utanom framgangen til retrososialisten Corbyn. For meg er programmet til Corbyn eit attersyn med gløymde år: nasjonalisering av jernbana og auka satsing på vegar, barnehagar, skule og den nasjonale helseorganisasjonen NHS. I det heile ei opprusting av offentleg sektor finansiert med auka skattar på høge inntekter, klassisk retro-Labour frå tida før Blair. Var det dette som appellerte?

– No må vi fyrst spørja kva som ville skjedd med han om kampanjen til toryane hadde vore meir kompetent, eller om programmet til Labour hadde vore undersøkt av skarpskodde økonomar.

I starten av kampanjen såg det ut til at May skulle få eit fleirtal på over 120.

– Valforskarveteranen ved Nuffield College, David Butler, sa at han aldri hadde sett eit så snøgt og djupt omskifte nokon gong. Og han har følgt alle val frå 1945. Dette fallet er enormt. May vart opplevd som opportunistisk og kald. Ho stilte ikkje opp på partileiardebattar, heldt seg til kontrollerte møte og var frå 2010 ansvarleg som innanriksminister for djupe kutt i politistyrkane. Det gjorde seg dårleg etter terroråtaka i Manchester og London.

Corbyn symboliserte år med frustrasjon etter «austerity», George Osbornes spareline, toryanes ekstreme fokus på offentlege budsjettunderskot.

– Han drog landet rundt, nærast som ei rockestjerne, og tala direkte til ungdomen – om framtidsvon, ikkje for dei få, men for dei mange. Og for styrkt offentleg sektor. Han gjekk fram med eit klassisk sosialistisk program, seier Mitchell til slutt.

Som David Butler alltid har sagt det: «Never predict!» No vert det liv i maktkorridorane. Historia til toryane er klar: Dei held seg aldri inne med taparar. Og til eit spørsmål vi ikkje har vore inne på her: brexit. Eg tippar at EU no ser sitt snitt til å gje britane ein endå dårlegare avtale enn det ein kunne tru før valet. Såleis har May tapt på to frontar.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved UiO og
Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Jeremy C. Mitchell (1941) skreiv doktorgrad om britisk valhistorie på Yale University med den norske statsvitaren Stein Rokkan som rettleiar. Han har undervist ved Jesus College i Oxford og ved The Open University.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det ser ut til at landet er på

veg attende til eit topartisys-

tem.

Jeremy C. Mitchell

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis