Den nye offentlege nettstaden Spillsnakk skal hjelpe speleavhengige, melde NRK førre veke.
Slik kan du sjå ut i nettspelet World of Warcraft. Biletet er teke under Comic Con i 2009.
Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix
Læraren teiknar ein Richters skala på tavla. Året er 2008, og vi har geografi. Men fingrane til to gutar i klassen går for fort over tastaturet til at eg heilt stolar på at dei skriv stil om jordskjelv.
– N00b, Mone, kviskrar ein av dei når han merkar blikket mitt over kanten på den berbare PC-en.
«Eg har ikkje peiling», tyder ordet, og det har han heilt rett i. Dei to gutane spelar World of Warcraft. Men eg har nett høyrt ei vandrehistorie om ei jente som vart så avhengig av å spele, at ho vart psykotisk. Då er det kanskje greitt å ikkje ha peiling, tenkjer eg.
I dag har ruspoliklinikken på Universitetssykehuset Nord-Norge ansvaret for å hjelpe både rusavhengige og speleavhengige. Dei har lansert ein ny hjelpenettstad, ikkje berre for dataspelavhengige, men for pengespelavhengige òg. For jamvel om inntoget til World of Warcraft gav tusenvis av norske foreldre panikk tidleg på 2000-talet, vart ingen av dei gamle klassekameratane mine psykotiske. Det er i dag verre med eksponeringa for pengespel.
Vi er nemleg eksponerte for å bruke pengar på spel alt før vi er gamle nok til å nytte ein mobiltelefon. Vi får spørsmål om å kjøpe skattekister som skal hjelpe oss å vinne, lenge før vi har lært å handtere valuta. Og sjølv om talet på speleavhengige gjekk kraftig ned etter at speleautomatane på butikkane vart forbodne i 2007, aukar talet stadig. Speleavhengige utgjer nesten helvta av alle avhengige i landet.
I London i 2015 går eg nedover Tottenham Court Road. Eg skal på standup, og snakkar med ein vilkårleg londonbuar.
Vi har nett passert ein spelehall, og han vil vite om eg skal vitje ein slik i løpet av ferien min. Eg kan framleis sjå neonskilta flimre når eg blunkar.
– Det har eg ikkje tenkt på. Eg trur ikkje vi har slike i Noreg, svarar eg.
Han trur ikkje sine eigne øyre.
Men sjølv om den jamne nordmannen ikkje går på kasino for å spele bort pengar, deltek over 80 prosent av det norske folket i pengespel, har Aftenposten rekna ut. Og lotteritilsynet jobbar på spreng for å tette alle smotthol frå internasjonale ulovlege spelselskap.
– Eg vil spele fruktspelet! seier tanteungen og peikar på mobilen min.
Vi er attende i notida. Eg dobbeltsjekkar at han ikkje kan kjøpe noko utan passord. I 2015 tapte ein far 60.000 kroner på at tiåringen i huset hadde kjøpt virtuelle spelepengar, ifølgje VG.
Deretter slår eg på TV-en, og treffer på tre nettkasinoreklamar etter kvarandre.
– Spel no, og få dei første innskota gratis! seier stemma.
Mone Celin Skrede er
journalist i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Speleavhengige utgjer
nesten helvta av alle
avhengige i landet.
Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.