Proletariatet vann
I år er det 30 år sidan verdas rikaste fotballsystem, Premier League, vart skapt.
Slik ser han ut, den fyrste engelske spelaren som fekk ei vekeløn på 10.000 pund. Her har John Barnes signert for Newcastle i 1997. No er gjennomsnittsløna i Premier League 60.000 pund.
Foto: Owen Humphreys / AP / NTB
Samtalen
Kjetil Kåre Haugen
professor i fotballøkonomi
Aktuell
30 år sidan Premier League tok til
Samtalen
Kjetil Kåre Haugen
professor i fotballøkonomi
Aktuell
30 år sidan Premier League tok til
jon@dagogtid.no
Den 25. mars 1980 døydde ein slaktar brått i Manchester. Han heitte Louis Edwards. Son hans, Martin, som òg arbeidde i slaktarforretninga, arva nokre aksjar faren eigde. Aksjane var i fotballklubben Manchester United, som faren kontrollerte.
Taksten på aksjane vart sett til to millionar pund. Det var framleis ikkje lov å ha lønte direktørar og styremedlemer i britisk fotball, men i 1982 gjekk fotballforbundet, FA, med på at styra kunne betala ein direktør. Edwards tok stillinga sjølv. Han løyvde seg ei årsløn på 30.000 pund, som var omtrent det dei beste spelarane i klubben fekk i året.
På NRK ligg det no ein dokumentarserie om korleis Premier League kom til i 1992. Det var etter initiativ frå Rupert Murdoch, som seinare, i 1998, kjøpte aksjane til Edwards og klubben for 623 millionar pund, men Murdoch måtte gje attende aksjane til Edwards, sidan det britiske konkurransetilsynet sa nei til oppkjøpet.
Kjetil Kåre Haugen er professor i fotballøkonomi ved Høgskolen i Molde.
– Kvifor fekk vi Premier League?
– Det enkle svaret er satellittfjernsyn. Det gav høve til å selja fjernsynssignal til individ og nye fjernsynsselskap. Det opna for at ein kunne tappa den betalingsviljen som heile tida hadde vore der, men som var avgrensa av geografi og kapasitet. Det var ikkje lett å sjå fotball i ein by langt vekke eller i eit land endå lenger vekke. Eg trur forklaringa er så enkel. Premier League vart skapt på grunn av teknologiutvikling.
– Men det vart ikkje til at folk berre såg på kampar. Sky sende kvar dag, sjølv når det ikkje var kampar?
– Ja, og nesten samstundes fekk vi internett. Ein kunne no skaffa seg informasjon, ikkje berre via kampar, men gjennom intervju, dokumentarar og videoklipp. Alt dette gjødsla grunnen for ein endå større vilje til å betala for alt som handla om fotball.
– Men det handla vel òg litt om at ein del folk hadde vorte så nervøse at dei ikkje våga å gå på fotballkamp lenger, at dei heller vilje sitja trygt og godt heime?
– Ja, England hadde denne hooligan-perioden, og den gjorde det kanskje meir freistande å sitja heime. Men sant å seia trur eg ikkje folk var så nervøse for å gå på kamp. Ja, alt bråket gjorde det kanskje mindre freistande for småbarnsfamiliar å gå på kamp, men det gjorde i grunnen ikkje barnefamiliar før Premier League heller. Men alt tilbodet på fjernsyn gjorde etter kvart fotballen populær hjå nye demografiske grupper. No går kvinner også på fotballkamp. Det gjorde dei aldri før. Det heile har vorte ein stadig større sirkel, meir merksemd fører til meir folk som igjen fører til meir merksemd.
– I serien er det eit lite klipp frå eit gamalt intervju med den tidlegare eigaren av Tottenham, Alan Sugar. Han klagar over at alle desse nye pengane har hamna rett i lommene på spelarane?
– Det har han rett i. Spelarane stikk av garde med pengane. Det er ein del av spelet. Når den som vinn, tener såpass mykje betre enn den som vert nummer to, vert det heilt avgjerande å skaffa seg dei beste spelarane. Å vera med i Champions League er mykje meir lønsamt enn det ein tener i dei fleste heimlege ligaane. Då betaler ein for mykje for dei beste. Ja, eigarane både i Premier League og andre seriar kunne nok ha tenkt seg å samarbeida for slik å halda både prisane og lønene nede, men det vert for freistande for kvar enkelt klubbeigar å kjøpa den og den spelaren. Difor får vi ikkje balanse. Når den eine betaler mykje, må den andre gjera det same. Det er den enkle forklaringa på kvifor pengane hamnar hjå spelarane.
– Det er då ikkje slik kapitalismen skal fungera?
– Nei, men i fotballen er det slik. Proletariatet har gjennomført ein revolusjon. Det er ikkje eigarane som tener dei store pengane, det er det arbeidarane som gjer.
– Men russarar og sjeikar gjer det ikkje betre?
– Tja. Alle pengane handlar om at etterspurnaden er der. Ja, nye eigarar kan nytta for mykje pengar på kort sikt, men grunnen til at dei sprøyter inn pengar, er at dei vonar på profitt der framme. Og det er ikkje ein dum tanke, sidan inntektene berre går ein veg: opp. Jau, desse sjeikane driv på med litt påfuglåtferd, den eine sjeiken vil ha ein betre klubb ein grannesjeiken. Men stort sett er investeringane i dei store klubbane fornuftige. Realiteten er at det er særs få klubbar som går konkurs. Eg trur faktisk fotball er ein bransje som har lægre konkursnivå enn nesten alle andre bransjar.
– Av di kvar enkelt av oss er viljug til å betala endå meir?
– Ja, den underliggjande betalingsviljen er enorm. Berre sjekk kor mykje du er viljug til å betala i året for å få sett det du vil sjå på fjernsyn. Eg vert ikkje forundra om vi snart er så langt at vi kan betala for éin omgang her og den andre omgangen der. Utviklinga går i den retninga. Vi ser no hoppveka på to ulike kanalar. Kanalmekling kjem til å verta ei stor ny næring. Vi kjem til å måtta betala for å få eit enklast mogleg tilbod, slik at vi får sett alt vi vil sjå.
– Og dimed får Erling Braut Haaland endå betre betalt?
– Det finst ikkje ein formel for å skapa superstjerner. Om det hadde vore mogleg å trena fram slike, ville lønningane vore mykje lægre. Ja, ein kan laga gode spelarar gjennom gode opplegg, men for dei aller beste handlar det om uvanlege talent. Dimed kan Haaland taka seg utruleg godt betalt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vert ikkje forundra om vi snart kan betala for éin omgang her og ein annan der.
Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement