Ytringsfridom

Fryktar sjølvsensur

Eit samla norsk pressemiljø uroar seg over aukande press på presse- og ytringsfridommen i USA. Nyleg vart ein norsk gravejournalist nekta visum for å delta på eit kurs.

Fleire norske presseorganisasjonar har bede om eit møte med USAs ambassade for å diskutere pressefridom og tilgang for norske journalistar.
Publisert

Ei uro har den siste tida spreidd seg blant nordmenn som er opptekne av det frie ordet. Dei fryktar konsekvensane av det dei oppfattar som eit aukande press på presse- og ytringsfridommen i USA. Nyleg delte gravejournalisten Amund Trellevik ei personleg historie som har medverka til uroa. I eit debattinnlegg i Aftenposten skildrar han prosessen i den amerikanske ambassaden før han vart nekta visum til USA.

Trellevik skriv at han denne hausten skulle ha vitja mediehus, universitet og styresmakter i fleire amerikanske delstatar, som ledd i utvekslingsprogrammet International Visitor Leadership Program (IVLP). Diplomatar ved den amerikanske ambassaden nominerte han for nokre år sidan til å delta på kurset, som er tilrettelagt og betalt av amerikanske styresmakter.

Men visumprosessen gjekk ikkje som venta. I visumintervjuet fekk han berre eitt spørsmål: kva yrke han hadde. Så fekk han beskjed om å gjere alle kontoar i sosiale medium offentlege. Dei måtte kunne sjekkast. At aktiviteten i sosiale medium ikkje var fullt tilgjengeleg og synleg, kunne verte oppfatta som forsøk på å unngå eller skjule visse aktivitetar, fekk han vite.

Ved kursstart hadde Trellevik framleis ikkje fått svar på visumsøknaden. Til slutt fekk han passet i retur i ein konvolutt – utan visum eller forklaring.

Inga forklaring

Kvifor fekk ikkje Trellevik visum? Det veit korkje han eller Dag og Tid. Trellevik understrekar at han aldri har vorte arrestert, brukt narkotika eller vore involvert i kriminell aktivitet. Dermed kan han berre spekulere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement