Leiar
For mange reglar og direktiv
Eit sentralt tema for årets statsbudsjett er korleis ein skal betra økonomien i kommunane. Eller rettare sagt korleis ein kan hindra at han vert verre enn han alt er.
Stadig fleire kommunar slit med sterk kostnadsvekst og auka gjeld. Resultatet er kutt i helsetenestene, samanslåing og nedlegging av skular og barnehagar. Oppi alt dette har kommunane vanskar med å få tak i kvalifisert arbeidskraft, samstundes som talet på eldre pleietrengande aukar.
Staten må difor bidra med meir pengar. Då kjem ein vanskeleg unna at det samla skattenivået må opp. Men i tillegg må staten bidra til at kommunane kan få ned unødvendige utgifter.
Vi skulle gjerne sett ein grundig gjennomgang av kva reglar og forskrifter som kunne vore neddempa og endra litt utan at vi hadde teke skade av det. Dei mange krava til rapportering tek tid og kostar pengar for både byråkratiet og innbyggjarane i kommunen.
Vi bør kunna ha ei meir praktisk og pragmatisk tilnærming til visse reglar og forskrifter. Vi må kunna godta at alt ikkje treng vera like strigla. Må alle skulebygg innfri alle Tek 17-krava 100 prosent? Om ikkje ventilasjonsanlegget er topp moderne, er det kanskje godt nok om ein opnar eit vindauge i ny og ne og det berre er sju elevar i klasserommet?
Kan det vera at ulempene vert større om ein må leggja ned skulen og elevane må ta buss for å koma på nyskulen? Var ikkje også leikeområda betre og friare ved gamleskulen? Og må den nye sykkelstien vera like brei og fin overalt? Det må verta meir rom for å nytta sunn fornuft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.