Profet utan bodskap
Personlegdomen til Georg Johannesen var sterkare enn diktverka hans. Det førte til at forfattarskapen hans vart overvurdert.
Georg Johannesen fotografert i 1999 med ein stabel Rhetorica Norvegica.
Foto: Erik Johannesen / NTB
Få norske forfattarar er omspunne av fleire mytar enn bergensaren, politikaren, skribenten, lyrikaren, retorikklæraren og mediekjendisen Georg Johannesen (1931–2005). Han rådde over ei sjeldan sameining av sterk politisk lidenskap, høg språkleg evne og eit sterkt og einsidig intellekt.
Han var raus overfor dei han likte, og omsynslaus overfor dei han mislikte, og han var så sjølvsikker at han hadde forakt for all dialog og alle reglar for danna samtale. Han tenkte og skreiv i eit marxistisk klasseskjema, men delte menneska opp i «intelligente» og «dumme».
Polemisk kraft
I det norske litteratur- og mediemiljøet var han som ein rømd okse i ein porselensbutikk. Mange samla seg om han, for han var ein lojal, sterk og underhaldande ven. Få våga å utfordra han, for straffa var å verta personleg angripen eller offentleg uthengd med stor polemisk kraft.
Av den nyutkomne Innerst i hjertet har jeg min forstand, Alfred Fidjestøls velskrivne og underhaldande biografi om Georg Johannesen, går det fram at åtaket på Edvard Beyers norske litteraturhistorie i 1975 var ein «hemn» for at det nordiske fagmiljøet hadde avvist søknaden hans til ei utlyst stilling ved Nordisk institutt ved Universitetet i Oslo. Beyer oppfatta åtaket som tendensiøst og lite fagleg, men eg for min del har sans for dette åtaket på den gamle og tungt befesta faglege borga.
Forfattaren Finn Alnæs, som var hypernervøs, men like frittalande som Johannesen, forstyrra han ein gong i opplesinga av Tu Fu-attdiktingar på ein privatfest. Johannesen nytta den kinesiske poeten Tu Fu som råstoff til å skriva sine eigne dikt under hans namn, tufta på skandinaviske, engelske og tyske omsetjingar, og kunne ikkje kinesisk, noko Alnæs ironisk kommenterte, slik Fidjestøl fortel på grunnlag av ein roman av Ketil Bjørnstad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.