Helse
Prisen for omsorg
Om vi held fram med å betra standarden på norske helse- og omsorgssektor, må nesten halvparten av dei som arbeider, vera tilsette i sektoren. Det vert frykteleg dyrt, syner ein ny SSB-rapport.
Før var utblokking av årene til hjartet ein stor operasjon, no kan det ofte gjerast med eit lite inngrep via handleddet, og pasienten kan fara heim same dagen.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Då National Health Service (NHS) vart innført rett etter krigen, var ein av grunnane til at Labour våga å byrja med gratis helsehjelp over statsbudsjettet, at demografane og folkehelseekspertane sa at jau, utgiftene vert nokså høge nokre få år, men etter kvart som velferdsstaten vert bygd ut og folk får tilgang til helsehjelp, kjem kostnadene til å gå ned. Svaret på kvifor det måtte gå slik, verka den gongen innlysande: Den britiske folkehelsa kom til å verta mykje betre, og dimed ville folk ikkje ha den same trongen til omsorg, ålmennlækjarar og sjukehus som i dei fyrste år med gratis helsetenester.
Det same kunne ein tenkja seg galdt i Noreg. Med folketrygda i 1967 stod i grunnen velferdsstaten som vi kjenner han, ferdig utbygd i Noreg. Alle hadde rett på alderspensjon, alle hadde rett til sjukepengar og uføretrygd om det var trong for det. Dessutan var det ingen eigendel hjå lækjarar og på sjukehus. I tillegg var folk vaksinerte, og stort sett alle hadde tilgang til reint vatn og kunne grunnleggjande hygiene. Dei verste infeksjonssjukdomane var nær utrydda, og attpåtil hadde vi antibiotika.
Men kanskje endå viktigare: Vi hadde få gamle i Noreg, i mellomkrigstida vart det ikkje fødd særleg mange born her i landet. Noreg hadde ein ung folkesetnad, det skulle gå over 35 år før vi innsåg at det var trong for å stramma inn på pensjonssystemet, og folk flest lærte seg ordet eldrebylgje. Ja, då vi innførte folketrygda og meirverdiavgifta, snakka politikarane til og med om kva dei skulle gjera med det store overskotet folketrygda kom til å få dei komande tiåra, sidan gjennomsnittsnordmannen var så ung.
Tok feil
Det gjekk på same viset som i Storbritannia. I takt med at folkehelsa vart betre, gjekk utgiftene til velferdsstaten rett i vêret. Her skal vi ikkje snakka om uføretrygd, sjukepengar og AFP, men om utgiftene og ressursane som går til helse og omsorg.
Mellom 1970 og 2018 har utgiftene til helse og omsorg i Noreg gått opp 7,9 gonger målt i faste reelle kroner. Folk etterspør ikkje færre helse- og omsorgstenester når dei vert friskare og rikare, dei etterspør mykje, mykje meir. Tala er henta frå rapporten «Skatteregningen for helse- og omsorgsutgifter mot 2060» som Statistisk sentralbyrå (SSB) nyss har gjeve ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.