JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Pride – eit barometer for fridom

Trass i homofobien gjekk tusenvis i pridetog i Kyiv i fjor haust. Nokre hundre motdemonstrantar klarte ikkje å øydeleggje festen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå pridemarkeringa i Sarajevo i fjor. I år har dei enno ikkje fått avklart om lokale styresmakter vil sørgje for tryggleiken til deltakarane.

Foto: AP / NTB

6026
20220617
6026
20220617

Eg er på pridefilmvising i Banja Luka i Bosnia-Hercegovina. Ein av ungdomane innanfor har eit lite flagg på innerlomma. Utanfor lokalet var det ikkje noko skilt, og heller ikkje noko regnbogeflagg.

– Dei som vil kome på arrangementet, veit vegen, men vi treng ikkje gjere det enklare for meiningsmotstandarar å finne fram, seier arrangøren kort då eg spør.

I Banja Luka, som ligg i Republika Srpska, blir det ikkje nokon parade. Sjølve filmvisinga var i eit fråflytta industriområde. Mellom øydelagde bygningar fann vi i regnet til slutt fram til fabrikklokalet der organisasjonen Ghetto viser ein film av Dana Budisavlevic. Her konfronterer ho familien med kvifor dei reagerte så sterkt då ho fortalde at ho var forelska i ei jente.

Tryggingstiltak

Filmframsyninga var eit av fleire arrangement rundt om i landet som opptakt til Pride Sarajevo. Framleis er det folk i statsapparatet som krev at arrangøren sjølv betalar for tryggingstiltaka på arrangementet. I fjor tok lokale styresmakter i Sarajevo store delar av dei ekstra utgiftene for trygging, men ein har enno ingen garanti for at det same vil hende i år. Mykje står i stampe i landet. Det går også utover pridemarkeringa.

Andre stader der vi har menneskerettshus, er det å fremje likeverd endå farlegare. I år er det ti år sidan folk frå ulike sosiale grupper kom saman for å delta i ein mangfaldsmarsj i hovudstaden Jerevan i Armenia. Deltakarane blei angripne før dei fekk starta marsjen. Politiet klarte ikkje å hindre valden.

Sidan har ingen våga å arrangere nokon ny marsj. I staden dreg folk til nabolandet Georgia. I fjor måtte pride avlysast i Tbilisi etter at høgreekstreme gjekk til åtak. 20 journalistar blei skadde. Også kontoret til pride og menneskerettshuset i Tbilisi blei råka. Innanriksdepartementet hadde i førekant sagt rett ut at dei ikkje kunne garantere tryggleiken, medan statsministeren kalla heile markeringa for «uakseptabel for ein stor del av samfunnet». Den georgiske ortodokse kyrkja organiserte på førehand offentleg bøn mot pride. Slik var autoritetar med på å sende ut signal som gjorde valden mogleg. I år blir det ikkje nokon parade i gatene i Tbilisi.

Heksejakt

I Putins tale til folket 24. februar, der han forsvarte kvifor «spesialoperasjonen» mot Ukraina måtte starte, brukte han tid på korleis Vesten har underminert såkalla tradisjonelle verdiar. I Russland er homofile rettar, feminisme og multikulturalisme ikkje berre identifiserte som i strid med russiske verdiar, men som eit eksistensielt trugsmål mot nasjonen. Dei som er mest utsette, er dei som forsvarar homofiles rett til ikkje å bli diskriminerte og kvinners rett til oppreising.

Vald i heimen er ikkje lenger kriminalisert i Russland. I 2013 kom lova som gjorde det ulovleg å spreie propaganda om homofili overfor mindreårige. Lova sender signal om at vald og hets mot homofile og dei som forsvarar seksuelle minoritetar, er innanfor. I 2017 avdekte gravejournalist Elena Milashyna frå Novaja Gazeta at Kadyrov-administrasjonen i Tsjetsjenia dreiv med heksejakt på homofile.

Verda vakna og fordømde åtaka. Men Kadyrov opererer ikkje åleine. Han sit på Putins nåde, der frykt og kontroll som viktigaste styringsverktøy har vore tolerert. I 2019 blei den 26 år gamle russiske kunstnaren Yulia Tsvetkova arrestert for å ha teikna kvinnekroppar. Prosjektet var retta mot ungdom for å gje dei meir kunnskap om kvinnekroppen og skeiv kjærleik. Ho måtte sitte i husarrest tiltalt for «produksjon og spreiing av pornografisk materiale», ifølge Amnesty Norge.

Homofobi

Globalt gjer russiske styresmaktar det dei kan for å svekke det internasjonale systemet og ideen om at alle menneske er likeverdige. Tankegodset smittar over på andre autoritære leiarar. Vi ser det i Polen, der dei no har såkalla homofrie soner.

Også i Ukraina er homofobi utbreidd. Ifølge ei sosial uavhengig spørjeundersøking frå hausten 2021 hadde 47 prosent eit negativt syn på homofile. Partnarorganisasjonen vår, Zmina, som har overvaka åtak på menneskerettsforkjemparar dei siste åra, har vist at dei som kjempar for likeverd for seksuelle minoritetar, er blant dei mest utsette for åtak.

Sjølv under krigen er ikkje dei som står i front for mangfald, freda. I midten av april blei Olena Shevchenko, leiaren av organisasjonen Insight, angripen med peparspray i Lviv medan ho stabla humanitært utstyr til kvinner og barn inn i ein buss. Olena har likevel halde fram med den humanitære innsatsen.

Trass i homofobien gjekk tusenvis i pride i Kyivs gater hausten 2021. Nokre hundre motdemonstrantar klarte ikkje å øydeleggje festen. I motsetning til i nabolanda har Zelenskiy gått ut mot den hatefulle retorikken og sagt at vi alle lever i eit ope samfunn, der vi kan velje seksuell orientering. Slik sett er han ein av få leiarar i regionen som ikkje tek avstand frå homofile. Aleksandr Lukasjenka leier i homofobe utsegn med frasen: «Det er betre å vera diktator enn homo.»

På rett veg i Europa

På same tid som pride går av stabelen i Oslo til helga, går ukrainarar i parade i Warszawa. For pride har dette året vore eit symbol på at fridomen ikkje kan takast for gitt. Homoaktivistar i Ukraina fryktar russisk okkupasjon som andre ukrainarar, men kanskje endå meir fordi dei veit kva for undertrykking som ventar dei.

Trass alt går det rett veg i Europa. Foreininga Fri understrekar at det er berre få år sidan folk som deltok i pride i Latvia, blei kasta bæsj på. No marsjerer dei ope. Som i Bosnia-Hercegovina har prideorganisasjonar overalt blitt gode til å drive grasrotarbeid over heile landet. Slik sett kan filmvisinga i eit nedlagt fabrikklokale med 20 deltakarar i utkanten av Banja Luka, likevel sest på som ein siger.

Ane Tusvik Bonde er seniorrådgivar i Human Rights House Foundation.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Globalt gjer russiske styresmaktar det dei kan for å svekke det internasjonale systemet og ideen om at alle menneske er like.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis