Klima

Presset på Amazonas aukar

Årets klimatoppmøte i Brasil skulle bli det viktigaste i historia. No vil den brasilianske kongressen opne for å hogge ned meir av regnskogen.

Globalt var tapet av regnskog større enn nokon gong tidlegare i fjor. No kan avskoginga auke, også i Brasil - der den norske staten har bidratt med store summar til skogvern.
Publisert Sist oppdatert

Ytst aust i Amazonas, der den uendelege regnskogen møter Atlanterhavet, ligg Belém, den tolvte største byen i Brasil. Stort meir hadde det ikkje vore å seie om denne staden, hadde det ikkje vore for at han er omgjeven av kritisk truga atlanterhavsskog, og at han no i haust blir åstad for ei av årets viktigaste politiske hendingar: FNs klimatoppmøte.

Klimakonferansen blir ein prøvestein for president Lula da Silva og den brasilianske regjeringa. Då sosialisten Lula vann presidentvalet mot den dåverande presidenten Jair Bolsonaro frå ytre høgre i 2022, drog den nyvalde presidenten rett til klimatoppmøtet i Egypt og erklærte at Brasil var tilbake i det internasjonale klimaarbeidet.

– Vi må avslutte kappløpet mot botnen. Verda kan ikkje bergast mot klimaendringar utan at vi vernar Amazonas, sa Lula, og lova samstundes at miljøpolitikk ville få høgste prioritet.

Krona på verket skulle vere årets klimatoppmøte – og frå Belém, ved inngangen til Amazonas, skulle dei internasjonale delegatane sjå med eigne auge kor viktig regnskogen er for klimaet.

– Vi skal ha det beste klimatoppmøtet i historia, lova presidenten.

Låg internasjonal prioritet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement