JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ut og mate bendelorm

Høgres kraftige valframgang inneber nye rundar med privatisering. Kor går den norske velferdsstaten?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erna Solberg, på kakefest etter valgsigeren. Med henne som partileiar, har Høgre greidd å ufarleggjere det systemskiftet som velferdsprivatisering eigentleg inneber, meiner Linn Herning.

Foto: Emilie Holtet / NTB

14773
20230915
14773
20230915

Kommunevalet

redaksjonen@dagogtid.no

I mange kommunar, inkludert alle dei største byane, ligg det no an til ulike høgrekoalisjonar. På mange område vil ting fortsette som før, men på eitt felt går det eit klart prinsipielt og ideologisk skilje: profitt i velferd.

Der Ap dei siste åra fraus eller til og med reverserte privatisering og konkurranseutsetjing av velferdsoppgåver, vil Høgre no opne opp igjen. Det var eit av partiets fremste valkampsaker.

Historikaren Linn Herning har i snart 20 år arbeidd mot kommersialisering av velferd. Ho har skrive bøker om temaet, som Velferdsprofitørane (2015). Sidan 2017 har ho vore leiar av alliansen For velferdsstaten, med over 30 fagforbund og andre organisasjonar i ryggen. Dermed kan ein anta at det er dårleg stemning på kontoret etter valet.

– Ja, måndag var ein tung dag. Det er liten tvil om at det blir fart på både privatisering og kutt i den offentlege velferda, no når både Høyre og Frp får meir makt i Kommune-Noreg.

– Har privatisering av velferd vore ei god sak for Høgre?

– Eg trur ikkje privatisering er ei god valkampsak, men Høgre har greidd å ufarleggjere det systemskiftet som velferdsprivatisering eigentleg inneber. Det har vore mykje merksemd rundt svikt i eldreomsorga. Da kan slagord som «valfridom», «innovasjon» og «meir mangfald» høyrest bra ut. Men privatisering er ikkje løysinga, og Høgre lovar ein heil del dei ikkje kan halde. Som at privatiseringa ikkje skal gå ut over løns-, pensjons- eller arbeidsforholda til dei tilsette. Dette løftet kan dei umogleg halde.

– Fordi?

– Når ein vel marknad og konkurranse, må ein følgje marknadsreglane. Eg har svært lite tru på at det blir Høgre som utfordrar konkurransereglane i EØS-avtala eller grip inn i fridomen dei private selskapa har til å forhandle løn og pensjon.

– På meg verkar det som om svært mange, til dels også på tvers av blokkene, har lite sympati for privatisering av velferd. Likevel vinn det fram?

– Det er ei evig utfordring å få frem dei samfunnsmessige følgjene av privatiseringa. Det hjelper ikkje å ha eit klart standpunkt om du ikkje kan argumentere godt for det. Dessutan står ikkje Ap, eller Sp, for den saks skuld, fram som heilt gjennomtenkte i privatiseringsspørsmålet. For ofte blir dei inkonsekvente og overflatiske. Det manglar ei kraftfull forteljing om kvifor offentleg velferd er den beste løysinga. Her er vi mange som må gå i oss sjølve.

– Ein del av historia her er vel at Ap var ein pådrivar for privatisering og konkurranseutsetjing rundt år 2000, med Jens Stoltenberg som finans- og statsminister.

– Ja, Ap var på god veg til å godta forteljinga om marknadens velsigningar, også innan velferd. Heldigvis har dei fleste i Ap nå funne tilbake til trua på politikken.

– Det var Kristin Halvorsen som skapte boomen innan private barnehagar. Korleis skulle ho greidd å få så mange nye barnehagar så raskt på andre måtar?

– SV fekk gjennomslag for å bruke store statlege summar på barnehage. Frp fekk gjennom at pengane skulle gå til kommersielle, som også fekk eige eigedommane. Ein kunne ha late private byggje barnehagene, men behalde eigarskapen offentleg.

– Kor vil valresultatet merkast mest, og på kva måte, trur du?

– I byar og tettbygde område. Det er der dei store marknadene finst, og kommersielle aktørar søker alltid lønsame marknader. Distrikta kan bli ramma indirekte, ved at overetablering i lønsame marknader gjer det endå vanskelegare å få tak i folk i distrikta. Privatisering er ein sterk bidragsytar til sentralisering.

– Det har vore ei lang rekkje skandalar rundt sjukeheimar, manga av dei var privat drivne. Dette stogga eller reverserte privatiseringa?.

– Ja, alle kommunar som hadde sjukeheimar på anbod, har dei siste åra tatt dei tilbake i offentleg regi. Unntaket er høgrebastionane Asker og Bærum. Men det er stort sett berre med sjukeheimar trenden har snudd. Og samtidig har det gått føre seg ei dramatisk kommersialisering av tenester knytte til den såkalla «yngreomsorga», tenester retta mot utsette enkeltbrukarar. No skal sjukeheimar igjen på anbod, og mange kommunar vil nok òg innføre privat konkurranse for heimetenester, også innan barnevern, rusomsorg og psykiatri. Det vil truleg føre til at den offentlege ansvarsfråskrivinga overfor samfunnets aller mest utsette blir forsterka endå meir.

– Dei stadige skiftingane på dette politikkfeltet, der venstresida strammar inn, og høgresida opnar opp, må vel i seg sjølv vere ressurskrevjande?

– Eg er meir bekymra for at vi ikkje får stansa privatiseringa, enn at det krev ressursar å gjere det. Den verkeleg store sløsinga med ressursar skjer i privatiseringa. Transaksjonskostnadene knytte til anbodsrundar og oppfølging av kontraktar er høge. Pengar som skulle vore brukte i tenestene, forsvinn til privat profitt. Samtidig blir løningane pressa nedover, og ulikskapen i tilbodet aukar. For samfunnet er det dyrare over tid å privatisere enn å ta tenester tilbake i offentleg og ideell regi. Berre sjå til USA og helsevesenet der; det er rådyrt, og mange manglar heilt tilgang til livsviktig helsehjelp, seier Herning.

– Offentleg finansiert velferd gir betre og sikrare avkastning enn andre marknader. Det er berre derfor finansfolket flokkar til velferd, seier Linn Herning.

Foto: Eivind Volder Rutle

I media har det gjennom dei siste tiåra utvikla seg ein eigen sjanger innan næringslivsjournalistikken: oppslag om at private investorar eller gründerar har tent seg styrtrike gjennom offentleg finansiert velferd. Det er liksom ikkje måte på kor mange hundre millionar eller milliardar mange private greier å få ut, ofte på forbausande kort tid, ved å drive private velferdstenester til barn, eldre, flyktningar og andre. For ein utanforståande kan det sjå ut som om det er noko gale med systemet eller med modellane. Her driv offentleg drivne sjukeheimar på sparebluss. Så kjem private inn og tener store pengar på kort tid. Det er liksom noko som ikkje stemmer.

– Det er fire hovudgrunnar til at det er mogleg å tene mykje pengar på offentleg finansiert velferd. For det første er det store forskjellar i løn og pensjon for dei tilsette i offentlege og private tariffavtaler. Hugs at personalkostnader utgjer rundt 80 prosent av utgiftene. For det andre er velferdstenester notorisk vanskelege å måle og kontrollere, ettersom dei i hovudsak blir utførte av menneske i møte med andre menneske. At det er vanskeleg å kontrollere innhald og kvalitet, gjer at det er enkelt å kutte hjørne og få utteljing på botnlinja. For det tredje er desse tenestene vanskelege å prise, og aktørane kan ha eit stort informasjonsovertak og sterk forhandlingsmakt overfor det offentlege. I mange tilfelle betalar derfor det offentlege meir enn nødvendig. Det fjerde elementet er eigedom. I Noreg har dette særleg gjort seg gjeldande innan barnehage, der dei private aktørane eig offentleg finansierte barnehageeigedommar i stort omfang. I løpet av dei siste åra har til dømes dei store norske aktørane selt barnehageeigedommar til ein verdi av over 14 milliardar kroner.

– Kvifor er privat kapital så ivrig på velferdssektoren, det er alltid mykje politisk bråk rundt saka?

– Fordi det er store pengar å tene, så enkelt er det. Offentleg finansiert velferd gir rett og slett betre og sikrare avkastning enn andre marknader. Det er berre derfor finansfolket flokkar til velferd. Samtidig ser vi i årsrapportar og børsmeldingar at dei er svært opptatte av det dei kallar «politisk risiko». Men foreløpig verkar dei svært sjølvsikre på at dei skal få gjennomslag, mellom anna ved hjelp av lobbyisme. Det er alltid politikarane som vedtek om velferda skal opnast for kommersielle verksemder eller ikkje. Derfor vil det aldri bli mindre «politisk bråk», med mindre vi som forsvarer velferdsstaten mot kommersialisering, gir opp.

– Høgre og Frp seier i debattar at det er «ideologi» som ligg bak venstresidas aversjon mot velferdsprofitten. Men det er vel ein liberalistisk ideologi som talar her, sjølv om det blir framstilt som eit uttrykk for pragmatisme og sunn fornuft?

– Ja, og dette er ein av dei forteljingane som høgresida ikkje må få vinne fram med. Venstresidas «ideologi» ligg i sjølve formålet med offentleg finansierte velferdstenester, nemleg at velferd blir finansiert etter evne og fordelt etter behov. Den marknadsfundamentalismen som dagens høgreside står for, vil skape større ulikskap.

– Eit vanleg argument for det private er at det offentlege har godt av konkurranse, fordi det kan få fram nye måtar å gjere arbeidet på. Dei har vel eit poeng her?

– Eg trur ikkje at det er kommersiell eigarskap som gjev tenesteutvikling. Reell innovasjon i velferda blir skapt nedanfrå og gjennom samarbeid. Med kommersielle får vi òg forretningsløyndommar, der dei ofte held innovasjonen for seg sjølv.

Det går føre seg ein kamp om skildringa av røynda, og kampen går føre seg i språket. For velferdsstaten og andre organisasjonar har freista og delvis lykkast med å få klistra uttrykk som «velferdsprofitørar», «barnehagebaronar» og «bestemor på anbod» på denne utviklinga. Dette til høgresidas store irritasjon. For høgresida har jobba mykje med å utvikle eit arsenal av eufemismar rundt privatisering. Det er «dugnad», «valfridom», «auka mangfald», «innovasjon» og så bortetter. Vi veit kven som arbeider med å forme dette på venstresida, det er mellom anna Linn Herning. Men kven er det som sit og lagar språket og orda som systematisk blir nytta av høgrepolitikarar?

– NHO og Private Barnehagers Landsforbund har vore svært aktive når det gjeld å utvikle både språk og alternative kunnskapsgrunnlag. Og så får dei god hjelp frå næringslivsfinansierte Civita, pluss ein haug av PR-/lobbybyrå som jobbar i det skjulte. Dessutan er dette noko høgresida i heile den vestlege verda har jobba aktivt med i fleire tiår, så her har dei mange ressursar å trekkje på. Dessverre har ikkje innsatsen på sentrum–venstre-sida vore i nærleiken like stor og kraftfull, seier Herning.

– Investoren Kristian Adolfsen, som lenge har hatt årlege milliardoverskot på private asylmottak, barnehagar og anna skattefinansiert velferd, kallar motstand mot privat velferdsprofitt for «kommunisme».

– Motstand mot privatisering av velferd er eit forsvar for blandingsøkonomien, meir radikalt er det ikkje. Det finst område der marknadskreftene skal få råde, og sektorar der andre mekanismar og mål bør få råde.

– Innanfor barnevern blir halvparten av institusjonsplassane drivne av private, mesteparten av fem store kommersielle konsern eigde av utanlandske investerings- og oppkjøpsfond med adresse i skatteparadis.

– Ja, og akkurat her er det eit stort paradoks. Dei felta dei fleste er einige om er minst eigna for marknadsmekanismar, som barnevern og tenester til andre svært sårbare grupper, er i dag dei mest kommersialiserte. Heile det offentlege barnevernstilbodet er i dag organisert som ein kvasimarknad. Staten har med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) langt på veg flytta fokuset til kortsiktige og «fleksible» innkjøp etter bedriftsøkonomiske «just in time»-prinsipp. Dette gjev eit fragmentert marknadssystem der ingen tar ansvar for at desse barna treng eit heilskapleg og skreddarsydd tilbod. Regjeringa, og særleg barneminister Kjersti Toppe, er klar på at heile marknadsbarnevernet må avviklast. Dessverre møter dei massiv motstand frå kommersielle aktørar, men òg frå eige byråkrati.

– Korleis?

– Til dømes søkte vi og fekk innsyn i Bufdirs svar til regjeringas bestilling om avkommersialisering av barnevernet. Der kom det klart fram at Bufdir har vanskeleg for å sjå barnevern som noko anna enn ein marknad der lågast mogleg pris er det sentrale. I staden for å halde seg til regjeringas politikk brukar byråkratane tid på å finne argument for at det er for dyrt, og dermed umogleg å byggje opp offentleg kapasitet. Men barnevern er ei langsiktig investering i enkeltmenneske og samfunn. Eit dyrt barnevern kan vere god samfunnsøkonomi.

I mai i år gav For Velferdsstaten ut ein ny rapport om privatisering av velferd. Tittelen er Den internasjonale velferdsprofitten og bendelormøkonomien. Rapporten, som er ført i pennen av Cathrine Strindin Amundsen, freistar å kartleggje den internasjonale utviklinga på feltet i Sverige, Europa og USA.

Omgrepet «bendelormøkonomi» er meint å peike på ein tilstand der velferdskonserna et av pengesekken som skulle gått til offentleg velferd. Jo større denne sekken er, jo meir går til bendelormen. Om dei offentlege tilskota aukar, vil ikkje pengane automatisk gå til meir velferd og betre tenester. Det er altså ikkje sikkert at meir pengar hjelper, slik meir mat ikkje nødvendigvis hjelper ein pasient med bendelorm. For den fremste prioriteten til velferdskonserna er alltid, til sjuande og sist, å gje eigarane høgare forteneste.

– Bendelormbiletet er henta frå ein rapport gjeven ut av internasjonal fagrørsle (CICTAR på vegner av PSI), som skildrar erfaringane med kommersielle velferdsaktørar. Mange land er i ferd med å heilt miste kontrollen med dei offentleg finansierte velferdstenestene. Vi ser liknande tendensar i barnehagesektoren i Noreg. Reguleringane og finansieringssystemet gjer at kommunane har svært få høve til å styre tilbodet på ein tilpassa måte.

– Kan du seie noko generelt og kort om korleis denne utviklinga går i Europa og USA?

– Utviklinga går parallelt mot kutt i offentleg velferd og kommersialisering av tenestene, med stort innslag av rein finansiell spekulasjon. Resultatet er naturlig nok eit dårlegare velferdstilbod til folket som heilskap, og store forskjellar i tilbodet ut frå kor du bur, kva for velferdsbehov du har, og kor mykje du kan betale for ekstratenester. Samtidig sit nokre og håvar inn offentlege velferdskroner.

– Sverige synest å liggje i front av privatiseringa, mange av storkonserna som er inne på den norske marknaden, er internasjonale gigantar med svensk utspring, sjølv om dei kanskje har adresse i skatteparadis?

– Alle som ser grundig på kven som eig selskap innanfor privatiserte velferdstenester, vil finne det same. Store norske og internasjonale konsern, og ja, mange er opphavleg svenske, blir stadig meir dominerande. Internasjonale finans- og investeringsfond kjøper seg opp i desse og kontrollerer stadig meir. Små og ideelle aktørar blir færre. Også velferdstenesteutreiinga (NOU 2020:13) som blei levert til Solberg-regjeringa, slo fast dette.

– Det verker ikkje å vere enkelt å snu politikken når dei private konserna først har fått innpass.

– Heilt klart ikkje. Mange undervurderer nok den maktforskyvinga som kjem med privatisering av velferd. Når det står om milliardar, set ein meir enn gjerne av millionar til å drive med lobbyisme. Dessutan har vi i årevis utvikla byråkrati og kunnskapsmiljø som berre ser marknadsløysingar. Det er ei enorm oppgåve å snu ei samfunnsutvikling som gjer alt om til marknad.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis