JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Togspelet til regjeringa

Regjeringa har lova at ho vil prøve å sikre Noreg unntak frå delar av EUs jernbaneregelverk. Det er det ikkje sikkert ho verken får eller treng.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Solberg-regjeringa har sett passasjertrafikken med tog ut på anbod og sleppt britiske Go-Ahead til på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanene.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

11965
20211224
11965
20211224

EU-direktiv

eva@dagogtid.no

Det ser ut til å vere kvar ny regjerings lodd å skryte av at ho skal vere meir aktiv og meir offensiv enn den førre i å vareta norske interesser andsynes EU – utan at det har ført til dei store synlege resultata for folk flest.

Meir offensiv varetaking av norske interesser vart flagga av den fyrste raudgrøne regjeringa i Soria Moria-erklæringa frå 2005 og av Høgre og Frp i Sundvolden-plattforma frå 2013. I Jeløya-plattforma frå 2018 varsla Høgre, Venstre og Frp at dei ville auke norsk påverknad over avgjerder som påverkar Noregs interesser.

Den nye regjeringa av Arbeidarpartiet og Senterpartiet dreg på litt til og skriv i Hurdalsplattforma at ho – i tillegg til å «forsvare norske interesser overfor EU» og bruke «handlingsrommet i EØS-avtalen» aktivt – vil prøve å «sikre Norge unntak» frå delar av eit regelverk som er teke inn i EØS-avtalen og dermed alt gjeld for Noreg.

Raudt og SV ønskjer at regjeringa skal gå endå meir offensivt ut og ta initiativ til å trekkje heile regelverket frå EØS-avtalen. Det forslaget fekk ikkje fleirtal då det var oppe i Stortinget måndag denne veka, men regjeringspartia opna for at det vart «lagt ved protokollen», som det heiter. Det kan omsetjast til at Stortinget ikkje gjev tilslutning til forslaget, men signaliserer at det heller ikkje er heilt negativt innstilt til det.

Imot innføring

Regelverket det er ønske om å vrake eller sikre Noreg unntak frå delar av, er EUs fjerde jernbanepakke – ei samling av EU-lovverk som set felles standardar og reglar for jernbanedrift i heile EU og EØS.

Politisk er ønska forståelege:

Både Ap og Sp er imot konkurranseutsetjing av persontransport på tog, som den fjerde jernbanepakken gjer til hovudregel. Då spørsmålet om norsk tilslutning til EU-regelverket var oppe i Stortinget i juni i år, røysta begge partia imot, saman med SV, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne. EU-regelverket ville gjere «høyreregjeringas jernbanereform med anbudsutsettelser (...) obligatorisk», meinte dei.

Jernbanepakken vart vedteken med 44 mot 42 røyster.

Ap, Sp og SV protesterte òg då Solberg-regjeringa følgde opp stortingsvedtaket og formelt tok regelverket inn i EØS-avtalen i slutten av september. Då hadde Stortinget fått eit nytt fleirtal, som var imot innlemminga.

Når pakken no er del av EØS-avtalen, er Noreg folkerettsleg forplikta til å gjennomføre regelverket i nasjonal rett.

Er det då mogleg å skaffe seg unntak i ettertid?

Ingen angrerett

Juridisk er det mogleg å gje unntak.

Finn Arnesen, som er professor i europarett ved Universitetet i Oslo, seier at EU og dei tre Efta-landa i EØS, som er Noreg, Island og Liechtenstein, kan verte samde om tilpassingar i rettsaktene som er tekne inn i EØS-avtalen.

– Her er det rettsleg sett temmeleg vide rammer, og det er fornuftig å gå i dialog om det ein ser som vanskeleg, seier han.

Arnesen har vanskeleg for å sjå at Island eller Liechtenstein skulle ha tunge innvendingar mot å gje Noreg unntak frå jernbanepakken. Spørsmålet er kva EU går med på, og om Noreg eventuelt må gje noko på andre område for å få dei ønskte unntaka, seier han.

For Noreg kan ikkje gå ut einsidig. Det understrekar Halvard Haukeland Fredriksen, som er professor i juss ved Universitetet i Bergen.

– Bordet fangar når Noreg har inngått avtalen. Seier EU nei, kan ikkje Noreg gjere noko. Det finst ingen einsidig angrerett i EØS-avtalen, så jernbanepakken kan ikkje takast ut att utan at EU går med på det, seier han.

– Så den såkalla reservasjonsretten i EØS-avtalen gjeld ikkje?

– Nei, han gjeld ikkje når regelverket fyrst er teke inn i EØS-avtalen, seier Fredriksen.

Få unntak

Verken Arnesen eller Fredriksen kjenner til at det tidlegare er forhandla fram unntak frå regelverk som alt har vorte del av EØS-avtalen.

Det gjer heller ikkje Ulf Sverdrup, som er direktør ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), men han seier det har skjedd nokre få gonger at Efta-land har fått varige unntak frå eit regelverk før det formelt er teke inn i EØS-avtalen.

– Men då handlar det som regel om land med geografiske forhold som gjer regelverket irrelevant, som jernbaneregelverk på Island eller reglar om sjøtransport i Liechtenstein. Det kan òg vere at regelverk skaper så store problem for nokre land at dei får lengre overgangstid, men slike unntak er òg vanskelege å få til. Hovudmålet med EØS-avtalen er jo at regelverket skal vere likt for landa, seier han.

Sverdrup var sekretariatsleiar for det offentlege utvalet som i 2012 la fram Europautredningen, ei 911-siders utgreiing om Noregs forhold til EU. Der går det fram at Noreg samla sett er gjeve få unntak frå EU-regelverk.

– På dei fleste område ønskjer ikkje Noreg unntak, og på dei områda Noreg har ønskt unntak, har det synt seg vanskeleg, skriv utvalet.

Noreg har til dømes ikkje vorte samd med EU om å få behalde den særnorske bankinnskotsgarantien på 2 millionar kroner per innskytar per bank, sjølv om norske regjeringar har arbeidd aktivt for å få det til sidan 2008. Som ein følgje er EUs bankinnskotsdirektiv, som set ein lågare innskotsgaranti enn Noreg, framleis ikkje teke inn i EØS-avtalen, skriv Finansdepartementet på sine nettsider. I denne saka er diskusjonen med EU ikkje over.

– Ikkje uvanleg

Sverdrup understrekar at den generelle utviklinga i EU går mot meir og meir einskapleg gjennomføring av regelverk, noko både brexit og handteringa av det som går føre seg i Polen, no illustrerer.

– Det handlar om å verne EU og den indre marknaden, men det handlar òg om at avvik og unntak for nokre land kan skape problem for andre. Det er det som er greia med bankinnskotsgarantien òg. Ein såg under finanskrisa at pengar kan flyte frå eit land til eit anna når reglane ikkje er like. Det å få unntak for å verne om eigne økonomiske interesser, er nok òg vanskeleg, seier han.

Men sjølv om det generelt er vanskeleg å få unntak, er det ikkje uvanleg at gjennomføringa av eit EU-regelverk varierer mellom land, understrekar han.

– Det har vi særleg sett i samband med koronakrisa, som òg har ført til at det er gjeve større høve til å bruke nasjonale støtteordningar, seier han.

Ikkje imot godkjenning

Det regjeringa konkret ønskjer unntak frå i den fjerde jernbanepakken, er fyrst og fremst konkurranseutsetjinga av persontogtrafikken, seier statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) i Utanriksdepartementet.

– Vi meiner konkurranse og oppsplitting ikkje er rette verkemiddel for eit betre jernbanetilbod i Noreg, svarar han i e-post til Dag og Tid.

Jernbanepakken inneber òg mellom anna å gjere dei tekniske standardane for togsett rundt om i Europa likare, slik at eit togsett lettare kan brukast i fleire land. Jernbaneselskap som før har måtta søkje lisensar og sertifikat i kvart enkelt land, skal no kunne få slike for heile EU- og EØS-området frå EUs overordna jernbanebyrå. Denne samordninga er regjeringa altså ikkje imot.

Finst unntak

I november avlyste regjeringa den pågåande konkurransen om persontogtilbodet på Østfoldbanen, Gjøvikbanen og lokaltoga på strekninga Spikkestad–Lillestrøm og Stabekk–Ski, og ho gjorde det klart at heller ikkje persontrafikken på InterCity-tog og lokaltog på Austlandet kjem til å verte konkurranseutsett dei komande åra, slik togtilboda sør, vest og nord i landet vart det under Erna Solberg.

Avlysinga er lov fordi overgangsreglar i den fjerde jernbanepakken gjer det mogleg med direktetildeling av kontraktar fram til slutten av 2023.

Men EU-regelverket opnar for direktetildelingar også etter det, mellom anna dersom det gjev betre kvalitet på tenestene eller er meir kostnadseffektivt jamført med tidlegare tildelte kontraktar, har utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) fortalt Stortinget.

– Kvifor treng Noreg fleire unntak?

– Det er fyrst etter ein nærare gjennomgang av unntaka som ligg i regelverket, at vi vil kunne sjå om vi vil trenge fleire eller meir omfattande unntak. Men det må vi kome tilbake til, seier Petersson.

– Tilgjeving før løyve

Stein Reegård, som er tidlegare sjeføkonom og no seniorrådgjevar i LO, meiner Noreg kan klare å unngå meir konkurranseutsetjing av persontogtrafikken utan å be om «høgtideleg unntak» frå EU.

Han seier det i praksis er stort spelerom for nasjonale omsyn og nasjonale prioriteringar i EØS, og at det generelt er lettare å få tilgjeving enn løyve.

– I denne saka er det òg fort slik at ytre mas på regjeringa snevrar inn handlingsrommet fordi dei europeiske styresmaktene kan kjenne seg pressa til å presisere forhold dei ikkje trong å ha ei så stram handtering av, seier han.

Reegård har sidan 2017 jobba med å sjå på korleis handlingsrommet i EØS-avtalen vert brukt.

Han var òg LOs representant i utvalet som i 2016 og 2017 vurderte konkurransevilkåra for offentlege og private aktørar under EØS-avtalen. Utvalet gjekk inn for omfattande endringar i måten det offentlege driv næringsverksemd på, men Reegård tok dissens på hovudkonklusjonen fordi han meinte EØS-avtalen gav større handlingsrom enn det utvalet la til grunn. Ettertida har gjeve han rett, dei omfattande endringane er ikkje gjennomførte.

– Eg trur det er viktig å forstå at EØS-praksis ofte er ei blanding av reglar og prosess. Gode løysingar får vi når politikarane går inn i og trenar på saker, framfor å overlate dei til å verte dominerte av jussen, seier han.

Stort handlingsrom meiner han òg det er i jernbanepakken.

– Ein kan, som samferdselsminister Hareide gjorde, seie at det er rom for avvik frå hovudregelen når det gjeld kravet om konkurranseutsetjing. Noreg er tynt busett, har avgrensa med jernbane og har ofte berre eitt spor å køyre på. Det er trekk som openbert kan tilseie andre løysingar enn i eit tett folka Europa der landa har mykje potensiell grenseoverskridande trafikk, seier han.

Endra retorikk

Kan hende vurderer regjeringa det på same måte som Reegård. I alle fall har retorikken endra seg frå regjeringserklæringa, der det vart lova å «så raskt som mulig gå i dialog med EU med mål om å sikre Norge unntak», til at regjeringa no skal «sjå om vi vil trenge» fleire unntak.

Regjeringas syn på den fjerde jernbanepakken har så langt vorte «presentert fra norsk side» i to møte med EU, eitt med EUs utanriksteneste og eitt med EU-kommisjonens komité for jernbanesaker, ifølgje Petersson. Begge møta var på embetspersonsnivå. Saka var ifølgje Utanriksdepartementet ikkje oppe i Anniken Huitfeldts fyrste møte i EØS-rådet, som er det øvste samarbeidsorganet mellom EU og Noreg, Island og Liechtenstein, i november.

EU-kommisjonen har ikkje fått nokon førespurnad om dialog om spørsmålet frå norsk side enno, men «forstår at det går føre seg interne diskusjonar i Noreg om enkelte aspekt ved implementeringa av fjerde jernbanepakke». Det skriv ei kjelde i EU-kommisjonen til Dag og Tid.

– Dersom og når ein slik førespurnad kjem, vil vi vere klare til å handsame han og hjelpe EØS-Efta-statar med omsyn til eventuelle spørsmål når det gjeld tolking og bruk av reglane, skriv kjelda.

Petersson seier regjeringa har fått konstruktiv tilbakemelding frå kommisjonen om å sjå nærare på saka saman, og at det òg er fleire EU-land som er opptekne av temaet.

– Kor raskt ventar de at ein kan kome i gang med forhandlingar om unntak?

– Som nemnt skal vi no kartleggje handlingsrom og unntakshøve innanfor regelverket, og vurdere om dei kan brukast for norske forhold. Dersom det syner seg at vi kan få gjennomført politikken vår ved å utnytte unntakshøve og handlingsrom i regelverket til fulle, vil det ikkje utan vidare vere behov for å gå til EU og EØS-Efta-partnarane våre for å sikre fleire unntak, seier Petersson.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Seier EU nei, kan ikkje Noreg gjere noko.

Halvard Haukeland Fredriksen, jussprofessor ved Universitetet i Bergen

– Det vil ikkje utan vidare vere behov for (...) å sikre fleire unntak.

Eivind Vad Petersson (Ap),
statssekretær i UD

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis