Politikk

Stadig større stat

Nasjonalbudsjettet for neste år er lite grunngjeve. Ting kan tyda på at det viktigaste styringsdokumentet vi har, er åt å verta partipolitisk.

Finansminister Siv Jensen (Frp) på veg til å møta media etter at ho hadde lagt fram statsbudsjettet måndag denne veka.
Finansminister Siv Jensen (Frp) på veg til å møta media etter at ho hadde lagt fram statsbudsjettet måndag denne veka.
Publisert

Det var andre tider før. Vi som lever i Oslo-bobla, plar ofte gå forbi Det Norske Teatret, som før var eit praktbygg, men som no står fram som ein smågut mellom alle dei nye offentlege praktbygga staten og kommunen har bygd og byggjer i Oslo. Det var Einar Førde som etter tiår med lobbykamp frå nynorskingane skaffa finansieringa då han var kyrkje- og undervisingsminister. Førde visste sjølvsagt at Finansdepartementet ville seia nei til eit så stort bygg for ei så marginal gruppe. Difor gav han noko i byte. I møte med den ferske finansministeren Ulf Sand gjekk Førde med på at studentane skulle betale rente på studielånet i studietida, noko Finansdepartementet hadde ynskt heilt sidan Lånekassa vart innført. Det var ein rein taktisk manøver frå Førde si side. Han rekna med at den nye statsministeren Gro Harlem Brundtland ikkje vil leggja seg ut med ei så stor veljargruppe som studentane trass alt var.

På dag éin med budsjettingingar gjekk finansieringa av Det Norske Teatret med støtte av Sand gjennom i regjeringskonferansen. Men då dag to kom og Gro fekk vita at Førde og Sand ville ha renter på studielåna, vart ho irritert og kalla det heile usosialt. På veg ut dulta Førde Sand i sida og sa med eit flir: «Du har mykje å læra.» I dag er det fire gonger så mange studentar som det var på Førdes tid. Finansdepartementet har gjeve opp kampen. Alle studentane er finansierte av det offentlege, og ingen betaler renter på studielån i studietida. Det nye nasjonalmuseet, som berre arkitektar kan lika, har så langt kosta seks milliardar. Neste år får museet nye pengar, mellom anna «3 mill. kroner forbeholdt dataspill».

Borgarleg

I alle høve: Eit naturleg spørsmål, sidan vi for fyrste gong på aldri så lenge har fått ei borgarleg fleirtalsregjering, er om vi har fått eit borgarleg budsjett. Har vi fått eit budsjett som er godt grunngjeve og basert på atterhald i utgifter? Det kjem sjølvsagt an på augo som ser. Det som er nokså klårt i det nokså uklåre norske politiske terrenget, er at få regjeringar har vore så borgarlege – om borgarleg tyder sparsemd og effektiv pengebruk – som den fyrste Stoltenberg-regjeringa (2000–2001). Stoltenberg byrja på pensjonsreforma og innførte handlingsregelen som fekk tverrpolitisk støtte i Stortinget. Regelen sa at vi berre kunne nytta realavkastinga av Oljefondet, og at det ekstra handlingsrommet som oljepengane gav oss, skulle nyttast til vekstfremjande kunnskap, infrastruktur og skattelette. Særleg skattelette som betra konkurransekrafta til næringslivet og fekk fleire i arbeid, var viktig.

I dagens politiske venstreretorikk tyder det vedtaket «skattelette til dei som har mest frå før», sidan næringslivet vert ått av dei som har kapital. Men om vi seier at skattelette er borgarleg, bør vi kunna sjå ein trend der regjeringa Solberg gjev meir skattelette enn gjennomsnittet av norske regjeringar. Ein slik trend er vanskeleg å sjå. Sidan Stoltenberg fekk vedteke handlingsregelen i 2001 med tverrpolitisk støtte i Stortinget, har trenden vore at 89 prosent av det ekstra handlingsrommet Oljefondet har gjeve oss, har gått til utgiftsauke. Vi er suverent det landet i EØS som har auka dei offentlege utgiftene mest sidan tusenårsskiftet. 11 prosent har gått til skattelette.

Ligg på trend

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement