Politikk
Stadig auka oljeinvesteringar, stadig meir grunnrente
Spådomane om at norsk oljenæring går over, vert støtt skubba ut i framtida. Oljepakken til Stortinget har forlengt henne endå meir. Slik vi ligg an no, vert pakken særs lønsam.
Stortinget oppmodar oljenæringa om heller å investera meir no enn over fleire år.
Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB
Oljepakken var det store samtaletemaet mellom dei herskande klassene på førsumaren. Oljenæringa dreiv ein sterk lobbykampanje for å få Stortinget til å redusera den såkalla balanseprisen dei måtte ha for å investera. Oljenæringa fekk ikkje veldig mykje sympati.
Ei nær samla hovudstadspresse var mot å gje næringa det ho ville ha. Politisk redaktør i Aftenposten Kjetil B. Aldstadheim kalla framlegget «Den svarte krisepakken». Han hevda at: «Endringene kan gjøre prosjekter som ikke er lønnsomme for samfunnet, likevel lønnsomme for oljeselskapene å gjennomføre.» Hans Mjelva i Bergens Tidende, på Vestlandet av alle stadar, meinte på si side at oljepakken «kan fort bli ei sovepute for leverandørindustrien». «Oljenæringa brukar koronakrisa til å presse gjennom ei radikal skatteendring (…) Det bør stoppast», meinte han.
Både Mjelva og Alstadheim og ein samla klimalobby meinte at Oljepakken vil føra til ein forlengd oljealder og manglande omstilling til det grøne skiftet. Fleirtalet på Stortinget meinte på si side at det viktige no var å berga arbeidsplassar langs kysten, og å berga leverandørindustrien var å berga kompetanse som i framtida kunne nyttast til å utvikla klimavenleg teknologi. «Man kan ikke stille krav til en død hest», sa Jonas Gahr Støre. «Hvis det ikke er aktivitet, så mister vi jobber, folk mister inntekt og lokalsamfunn blir rammet. Hvis det ikke er aktivitet i industrien, kan vi heller ikke stille krav til den. Det er det vi skal gjøre når vi skal møte klimautfordringene.»
Frustrasjon
Også i ettertid har mange uttrykt frustrasjon. Den dyktige og høgt betalte forretningsadvokaten Knut Bergo skreiv i Advokatbladet rett før jol: «Dette er ikke vanlige skattelettelser, det er grunnrenten for fellesskapets olje som pøses tilbake i industrien. Det ble snakket om 150 milliarder i året. Hvor mye det blir, avhenger blant annet av hva Olje- og energidepartementet godkjenner av nye prosjekter.»
150 milliardar i året vert det nok ikkje. Finansdepartementet meiner at det samla skattetapet for staten kan verta 8 milliardar dei åra pakken skal vara. Det store grepet i oljepakken var å gje oljenæringa rett til avskriva alt med ein gong og ikkje over fleire år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.