JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Spionen som berre skulle på julehandel

Frode Berg har fått mykje velfortent sympati, trass i at historia hans ikkje heng saman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12483
20201224
12483
20201224

Lytt til artikkelen:

Kva ville du tenkt om ein du kjende, ein du godt visste var i den militære etterretningstenesta, bad deg gjere han ei teneste i Russland? Som å reise til St. Petersburg for å kjøpe ein datamaskin av ein bestemt type med kyrillisk tastatur? Jau, det må då vere ganske uskuldig, det kan umogleg vere ulovleg. Ein betalt tur. Kvifor ikkje?

Kva om han neste gong bad deg om å ta med tusenvis av euro, som du skulle leggje i ein konvolutt og poste i ei russisk postkasse? Ville du no blitt mistenksam, eller trudd norsk E-teneste ikkje fekk tak i frimerke? Kva om du i tillegg sit på russiske hotellrom med plasthanskar for ikkje å etterlate fingeravtrykk mens du gjer klar konvoluttane som skal postast? Ville det kanskje ringt ei bjølle?

Ikkje det, nei? Men om du måtte ta med minnekort fulle av bilete til Russland, og fleire personar frå norsk E-teneste gav deg detaljert opplæring om korleis du skulle sende koda meldingar, ut frå teksten på ei bestemt side i ei digital bok (Den store krigen), nett som i ein spionroman frå 70-åra? Og om E-tenesta betalte alle reiser og opphald på luksushotell, pluss løn. Og du fekk same oppdrag ut frå same mønster, igjen og igjen i fleire år, på reiser til Moskva og St. Petersburg, og der du mange gonger reiste frå Kirkenes til Oslo for å få meir opplæring av militær etterretning?

No må det vere på høg tid at det demrar for deg kva bransje du har hamna i?

Nesten alle, la oss seie 99 prosent, ville skjønt opplegget etter den første reisa. Her er eg i ferd med å bli rekruttert, eller rote meg inn i noko som kan gi meg store problem. Eventuelt: Eg får vere spion, og eg vil ha denne spenninga og kjensla av å vere viktig inn i livet mitt.

Frode Berg hadde, etter fleire tiår som offiser og grenseinspektør i grenseområda i Sør-Varanger, betre føresetnader enn 99,99 prosent av alle nordmenn til å skjøne kva han sa ja til. Likevel, etter at han blei arrestert i Moskva 5. desember 2017, og etter at han kom heim i fjor haust, har han konsekvent framstilt seg som «manipulert», «lurt», «bedratt», «pressa», «dolka i ryggen», «ført bak lyset» og så bortetter. Som regel får Berg presentere slike påstandar utan journalistisk motstand.

Då Frode Berg blei arrestert, fekk han naturleg nok mykje sympati. Her såg det ut som om slemme russarar utan respekt for rettstryggleik hadde arrestert ein uskuldig nordmann. I Kirkenes blei det raskt starta ein folkeaksjon: «Få Frode hjem».

Det viste seg snart at saka langt frå var så enkel. Berg blei som første nordmann dømd for spionasje i Russland, etter at han og E-tenesta var lurte i ei felle av russisk kontraspionasje.

I november i fjor var han heime i Noreg att etter å ha blitt benåda av Putin og utlevert som del av ein russisk-litauisk avtale om spionutveksling.

Saka har naturleg nok fått enormt mykje merksemd i media, og det er enno ingen ende i sikte. I løpet av dei siste par månadene har til dømes NRK-journalisten Morten Jentoft kome med boka I grenseland. Ein NRK-podkast med tittelen Agent Frode Berg blei lansert nokre veker etterpå. (Jentoft er også involvert i den.)

I Jentofts bok går Bergs forståing av eiga rolle fram og tilbake, litt som flo og fjøre. På den tredje turen som kurer har han skjønt kva som går føre seg, gir Jentoft klart inntrykk av. Men så har han liksom ikkje det likevel på dei neste turane. Berg held fram at E-tenesta ikkje hadde orientert han om detaljar i operasjonen han var med på, som dreidde seg om å få løyndomar ut frå militære ubåtverft ved Kvitsjøen. Ja, det er rart med det, korleis hemmelege tenester har slik ein hang til hemmeleghald. Sjølvsagt fortalde dei ikkje Berg at dei trudde dei hadde rekruttert ein russisk spion i Arkhangelsk.

Berg ber oss tru at han ikkje skjønte at han var i ferd med å bli agent. Det er faktisk ei fornærming mot folks intelligens.

Ingen journalist har vore meir sentral i å definere Berg-historia enn Morten Jentoft. Han dekte saka for NRK mens Berg sat fengsla i Moskva og etter at han kom heim att.

Rett nok var Jentofts tid som russlandskorrespondent over i august 2018. Men då gjekk han i gang med ein NRK-dokumentar om saka, som han heldt fram med å dekkje for NRK, etter at han hadde fått ein avtale med Berg og kona om å skrive den «offisielle» boka. Det var til dømes Jentoft som fekk intervjue Berg i ein halv time på NRK då Berg var klar til å snakke til det norske folket (29. november 2019). Jentoft stod òg venta på flyplassen i Kirkenes då Berg kom heim to dagar seinare, for å intervjue han for Dagsrevyen.

Jentoft skriv i etterordet at boka er blitt til «i tett samarbeid med Frode Berg», sjølv om det «er mine formuleringer og vurderinger som i siste hånd er kommet på trykk». NRK-journalisten fekk eksklusiv tilgang på all dokumentasjon, inkludert dagbøkene både Berg og kona skreiv i perioden han sat fengsla, og eit tett og nært samarbeid med Bergs advokatar Brynjulf Risnes og Ilja Novikov.

Samarbeidet mellom Jentoft og Berg har vore basert på tillit, skriv Jentoft. Slik tillit er aldri gratis. Om Jentoft – i rolla som NRK-journalist – hadde gjort noko som Berg ikkje likte, kunne samarbeidet mellom dei to vore over.

Jentoft, som er ein dyktig og erfaren journalist, er nok klar over dette problemet. Når han skriv at det er viktig for han å få fram at det er hans vurderingar og formuleringar som har kome på trykk «i siste hånd», ser eg for meg ein forhandlingssituasjon mellom han og Berg.

Etter mitt syn burde ikkje journalistar, spesielt frå statskanalen, dekkje saka og samstundes skrive bok i samarbeid med dei sentrale aktørane. Det oppstår for mange prinsipielle og konkrete problem rundt omsyn og bindingar som blir skapte.

Ikkje at Jentoft alltid framstiller Berg som sympatisk. Til dømes meinte Berg det blei feil å feire 75-årsjubileet for frigjeringa av Finnmark når han sjølv sat fengsla i Moskva.

E-tenesta var i kontakt med Berg då han jobba ved Grensekommissariatet, mange år før han blei rekruttert. Dei ville ha Berg til å ta bilete av bestemte motiv på turar over grensa. Berg seier han sa nei, men tok likevel med seg kameraet etterretningstenesta «prakka på han». Han seier han ikkje tok nokon bilete. Skarpe oppdrag for etterretninga passa ikkje med stillinga han var i, der det skulle byggjast tillit, og det kunne vere farleg for han sjølv. (Berg i intervju med Jentoft på NRK, 29. november 2019.)

Då Berg som pensjonist i 2014 blei bedt om å gjere mykje skarpare og agentaktige oppdrag i Russland, skjønte han ikkje lenger kva det innebar? Dette ser ut som etterpåklokskap frå Bergs side. Han tok oppdraga, med fare for å bli arrestert, og han risikerte å skape problem for det mellomfolkelege samarbeidet han var sterkt involvert i, eller til og med setje russarar han samarbeidde med på begge sider av grensa, i fare.

Han var uroa sjølv. Det fortalde han til journalisten og venen Trine Hamran i 2017. Ho åtvara Berg i klare ordelag: Han kunne skade det grenseoverskridande arbeidet han var involvert i, og det kunne gå ut over russarar om han blei avslørt. Hamran blei boikotta av familien til Berg, og Berg sjølv skulle helst sett at boka ho skreiv, blei stoppa, kjem det fram i Jentofts bok.

Jentoft trekkjer rett konklusjon i si bok når han skriv: «Men i dette lå også en innrømmelse av at han skjønte alvoret i det han hadde sagt ja til. Det var ikke noen uskyldige små tjenester for Peik det dreide seg om. Det var skarpe oppdrag der han visste at han ville bli stående alene om noe skjedde og at det kunne få store konsekvenser også for familien.»

Her heng konklusjonane til Jentoft logisk saman med informasjonen som kjem fram elles. Det er ikkje alltid tilfellet, som når Berg vil ha både i pose og sekk. Han skjønte ikkje kva han gjorde, men han gjorde det fordi han som militær er van med å følgje ordre. Han trudde alt var ganske uskuldig. Kvifor kravde han då løn frå E-tenesta for dagane han var borte på oppdrag? I Moskva var han svært nervøs kvar gong han skulle poste brev. Han var livredd for å bli oppdaga. Fordi han skjønte at å gjere slike oppdrag for E-tenesta i Russland medfører ein risiko.

Berg visste kva han gjorde, men fråskriv seg nesten alt ansvar for eigne handlingar.

Vi freistar å lære barna våre å ta ansvar for det dei gjer. Det burde ikkje vere for mykje å krevje det same av pensjonerte offiserar. Berg har sikkert rett i at han ønskte å kome ut av agentverksemda sommaren 2017, mens leiken enno var god, nettopp fordi han visste at det han gjorde, ikkje harmonerte med russiske lover.

For å sitere Rune Rafaelsen, ordførar i Kirkenes: «Det er lov å si nei.»

Det er å lett å skjøne at Berg klandra E-tenesta då han sat fengsla, redd og åleine i Lefortovo-fengselet i Moskva (åleine, bortsett frå dei ofte interessante enkeltpersonane han delte celle med). Alle skjøner at den norske E-tenesta har tabba seg ut. Dei blei grundig lurte av russarane, og saka blei ein triumf for russisk kontraspionasje. Berg burde av fleire årsaker ikkje vore brukt. Men trass alt: Norske styresmakter gjorde alt dei kunne for å få Berg heim, og dei lukkast etter «berre» to år.

Å spionere på andre land går ofte gale. Her var det mykje som gjekk gale, og som står fram som kritikkverdig. La oss håpe det får reelle konsekvensar og fører til ein oppvask. Det får vi aldri fullt greie på, sidan dei hemmelege tenestene aldri kommenterer noko som helst.

Ein ting som blei klart i avhøyra av Berg: Russarane har urovekkjande detaljert kjennskap til kva E-tenesta driv med i Sør-Varanger. Dei hemmelege tenestene lever her ikkje opp til namnet.

Saka har alt kosta staten mange titals millionar, E-tenesta har tapt prestisje, og dette har skapt problem i forholdet mellom Noreg og Russland. Og det er enno uklart kva Litauen fekk, eller skal få, for at dei tok Frode Berg med då dei og Russland utveksla spionar.

For folk sørfrå er det kanskje litt fjernt korleis det er ved grensa til Russland. Eg kjenner godt til det, for eg voks opp rett utanfor Kirkenes, i eit bustadfelt der alle jobba i E-tenesta med signaletterretning (SIGNINT). Det er ein litt annan jobb enn verksemda til Peik, som rekrutterte Berg. Dei driv med HUMINT. Men forholda er små, og alle som er interesserte, kan peike ut Peik på gata i Kirkenes.

USA bygde opp og kontrollerte signaletterretninga der jarnteppet hadde den nordlegaste enden i den kalde krigen. Eg trur nok amerikanarane har ein finger med i spelet også når det gjeld Frode Bergs oppdrag rundt dei russiske ubåtverfta, og Jentoft er inne på det same.

Frode Berg snakka om økonomisk erstatning med det same han kom heim att. Han fekk 4 millionar kroner, og staten tok alle utgifter til advokatar i Noreg og Russland. Kona fekk òg refundert alle kostnader. I tillegg gav staten 300.000 til medierådgivarar. Råda til Berg ser ikkje ut til å ha vore: «Ta det roleg no, Frode. Nyt fridomen, ver glad for at du er heime saman med familien, prøv å byggje opp ny tillit blant gamle vener, ta litt ansvar. Sei ja til nokre få intervju, ligg elles lågt og ta tida til hjelp, så går dette bra.»

PR-strategien som faktisk blei følgd, har vore mykje meir aggressiv og problematisk. Frode Berg har ved hjelp av utvalde media prøvd å hamre inn ein versjon som skurrar kraftig.

Då Berg skulle møte gamle vener og samarbeidspartnarar i Kirkenes for første gong etter at han kom heim att, stilte han med eit haleheng av pressefolk. Dramaturgien i PR-kampanjen skulle vere: endeleg heime, sjå det rørande gjensynet. Nokre nekta å opne, andre sprang og gøymde seg.

Filmrettane har garantert vore diskuterte. Det er berre å grue seg. I hovudet kan eg høyre den skumle bakgrunnsmusikken når Berg snik seg rundt i Moskvas mørke gater for å poste ein konvolutt, mens han blir skygga av folk med oppbretta krage. Og sjå for meg at auga til skodespelaren blir zooma inn idet ein arrestert Berg endeleg blir klar over at han har vore spion, i røynda fleire år for seint, men sikkert tidsnok i filmen eller TV-serien.

Saka om Frode Berg seier kanskje mykje om dagens Noreg. Kodeord er inkompetanse, ansvarsfråskriving, dobbeltroller, stakkarsleggjering og eigen PR-mann betalt av staten, mens fakta taler eit stadig meir utydeleg og irrelevant språk.

Morten A. Strøkses

Morten A. Strøkses er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis