Politikk
Skatteaukepartiet
Frp er det mest unike partiet vi har i Noreg, innan klima, olje, innvandring og økonomisk politikk.
Sylvi Listhaug melder frå Venstre-huska i Trandal, i bunad: «Jeg elsker Norge. God helg alle sammen!» I denne valkampen er det Frp mot resten, skriv Jon Hustad.
Foto: Twitter
Før vi byrjar på sjølve programmet til Framstegspartiet, bør vi hugsa ein enkel regel: Pengar er ikkje ressursar, og ressursar er i motsetnad til pengar avgrensa. Lat oss tenkja i oljefat, vi talar trass alt om Noreg, og gjera det veldig enkelt.
Vi har ei fotballbane. Det er fem oljefat på kvar banehalvdel. Kva skjer om ein ber fleire av oljefata frå den eine banehalvdelen over til den andre og nokre få liter med olje den andre vegen? Då får sjølvsagt den eine banehalvdelen mange fleire kaloriar, kWh og ressursar, og den andre halvdelen mykje mindre. Dei som har flest fat, kan brenna mykje meir enn dei som har mindre.
Dei siste to periodane har Frp hatt finansministeren, sett vekk frå no på slutten, då dei har signert budsjettavtalar. I alle desse åra har Frp bore store ressursar frå den eine banehalvdelen, privat sektor til den andre banehalvdelen, offentleg sektor. Nesten sju av ti oljefat står no på den offentlege banehalvdelen på Fastlands-Noreg og vert fordelte over offentlege budsjett. Det vert ikkje mykje marknadsøkonomi av slikt.
Omfordelinga inneber éin ting: Veljarane kjem i framtida til å få mykje større skatteaukar enn det låg an til å verta før Frp fekk makt. Ja, Frp har gjeve nokre avgiftslettar her og der, men dei må betalast attende. I framtida må veljarane betala mykje høgre eigendelar for alt mogleg det offentlege tilbyr, eller få dårlegare tenester eller overføra meir pengar til staten. Eller vi må finna massivt meir olje. Denne utviklinga har kome under eit parti som seier at «særnorske skatter bør avvikles».
Går ikkje
«Hovedmålet er sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep», skriv dei, men også for Frp-veljarar gjeld den enkle moralregelen: Ikkje høyr på kva dei seier, sjå på kva dei gjer. Berre for å ha sagt det med ein gong: Skatte- og avgiftspolitikken Frp seier dei vil ha, er umogleg om Frps program vert gjennomført.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.