Politikk

Senterpartiet er attende!

Det verkelege Senterpartiet er tilbake, uhindra av samfunnsøkonomi og reinvaska for tidlegare regjeringsdeltaking. Partiet går blankskura inn i valkampen.

Den tyngste kanonen i Sp er Marit Arnstad. Ho har leia programarbeidet.
Den tyngste kanonen i Sp er Marit Arnstad. Ho har leia programarbeidet.
Publisert Sist oppdatert

«Vi tror på Norge», er Høgres motto for neste stortingsperiode. «Vi tror på hele Norge», er mottoet til Senterpartiet. Ja, det er ein artig nyanseskilnad der. Det er med ein viss optimisme eg byrjar lesinga av det endelege programutkastet til Sp, for arbeidet har vore leia av Marit Arnstad. Ho har faktisk ikkje vore heiltidspolitikar gjennom heile sitt vaksne liv, ho har vore med i styret til Statoil og har arbeidd som advokat. Slike, liker eg å tru, er prega av realisme og kan rekna, sjølv om det rett nok ikkje er reknekunne vi tenkjer på når vi tenkjer Statoil.

Fyrst eit lite oppfriskingskurs i samfunnsøkonomi. I samfunnsøkonomi plar ein ikkje snakka om pengar, ein snakkar om ressursar. Om ti innbyggjarar på ei isolert øy nyttar store runde steinar som valuta, vert ikkje øysamfunnet dobbelt så rikt om dei finn dobbelt så mange steinar. Om dei derimot produserer det dei konsumerer, dobbelt så fort, ja, så er dei dobbelt så velståande eller kan halvera arbeidstida.

Lat oss seia at innbyggjarane på øya vår i hovudsak produserer banan og svinekjøt, sidan det er favorittmaten. Så får dei av ein eller annan grunn kontakt med eit anna øysamfunn som produserer det same, og kan byrja med samhandel. Det syner seg at samfunnet vårt er best på svinekjøt, medan det andre er best på banan. Det er verkeleg godt nytt. For då kan samfunnet vårt konsentrera seg om gris, medan den andre øya kan konsentrera seg om banan. Opnar dei to opp for full samhandel og total spesialisering, ja, så sit båe øyane att med både mykje meir banan og mykje meir svinekjøt.

samhandling

Sånn. Då treng vi ikkje vita så mykje meir. Det er i hovudsak to kjelder til auka velstand: betra produktivitet og samhandel basert på spesialisering. Om du høyrer ein seia at vi må subsidiera ei næring for å skapa fleire arbeidsplassar, vit at samfunnsøkonomane då vil ropa høgt: Vi treng ikkje meir subsidiering av fleire arbeidsplassar, vi treng betre utnytting av dei ressursane vi har! Om ei kommersiell næring treng subsidiar for å konkurrera, øydar vi ressursar!

Når det er sagt: Heilt sidan Stoltenberg gjekk av, har norske politikarar slutta å snakka om samfunnsøkonomi. Hywind Tampen-prosjektet kostar, som nemnt ofte i Dag og Tid, 5 milliardar kronar og skal gje havvind til Equinor. Skattebetalarane finansierer 4,85 milliardar gjennom direkte subsidiar og skattesystemet. Pengane kan vi rekna som tapte. Stoltenberg les neppe norske statsbudsjett lenger, eller for den del norske partiprogram. Alle menneske har strategiar for å verna den psykiske helsa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement