Politikk

Partiet utan misjon

KrF vil vera grenselaus i nestekjærleiken. Mest grenselause er dei i pengebruken.

Ei tid var, og ei tid vart. KrF heldt digitalt landsmøte den siste helga i mai. Partileiinga sat på Hotel Bristol. Det er lenge sidan landsmøta vart haldne på stadar utan skjenkeløyve. Her sit nestleiar Olaug Bollestad og leiar Kjell Ingolf Ropstad.
Ei tid var, og ei tid vart. KrF heldt digitalt landsmøte den siste helga i mai. Partileiinga sat på Hotel Bristol. Det er lenge sidan landsmøta vart haldne på stadar utan skjenkeløyve. Her sit nestleiar Olaug Bollestad og leiar Kjell Ingolf Ropstad.
Publisert

Å få tak i den vedtekne versjonen av KrFs program synte seg å vera vanskeleg. I skrivande stund er det ein månad sidan landsmøtet var ferdig, men noko vedteke program finst ikkje på det store internettet. Men etter fire forsøk på telefon fekk eg endeleg tilsendt eit Word-dokument. For å seia det slik: Det verkar ikkje som KrF er veldig offensive før valkampen.

Elles kan ein telja teikn når ein får oversendt eit program i Word. KrFs program er på vel 239.000 teikn med mellomrom. Det er ei bok, det. I huset åt Gud er det mange rom, og endå fleire ord. KrF ha vil «ha et særlig fokus på landbruk, skogbruk, fiskeri og havbruk som distriktsbaserte næringer med stort vekstpotensial basert på bærekraftig utnyttelse av fornybare ressurser». Eit særleg fokus, finst det eit usærleg fokus?

Fleire fattige?

Dessutan kjenner dei framtida: «Menneskeheten står overfor store utfordringer i årene som kommer: Antallet fattige i verden øker, og det blir større forskjeller mellom fattige og rike.»

Setninga står heilt i starten på programmet. Og eg spør meg sjølv: Kvifor skriv dei slikt? Jau, skriv Verdsbanken, «tala for ekstrem fattigdom gjekk opp i 2020», men, legg dei til, det skjedde på grunn av covid-19, og, ikkje minst, tala på verkeleg fattige gjekk opp «for fyrste gong på 20 år». Fyrste gong, der, altså. FNs tal er heilt klare: Målt i både absolutte og ikkje minst relative tal har fattigdomen i verda gått dramatisk ned. Ser vi på absolutt fattigdom, altså at ein lever på eksistensminimum, var talet i 1990 1,9 milliardar menneske, i 2008 1,2 milliardar og i 2015 734 millionar.

Jau, særleg i Vesten aukar skilnaden på dei som har minst, og dei som har mest. Det er fleire grunnar til dette, men det handlar i hovudsak om at eit par promille på toppen av inntektspyramiden, særleg etter finanskrisa, har fått høve til å stikka av. Vi treng ikkje å gå inn på dei uheldige sidene ved pengetrykkinga til dei store sentralbankane, men det vi verkeleg treng å vita, er at med unntak av no under covid-19, der dei vestlege nedstengingane har fått stygge konsekvensar for den fattige delen av verda, er vår historiske periode prega av ein utruleg nedgang i talet på fattige. Snikkarlærlingen frå Nasaret tok kan henda feil i utsegna om at dei fattige vil vi alltid ha mellom oss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement