Politikk
Mot normalt er ikkje normalt
Styring og normalisering er stikkorda for å forstå tilbakegangen til Sp, meiner Johan Giertsen. – Maktar partiet igjen å koma seg over 10 prosent, er det eit særs godt val for Sp.
Det gjekk lenge verkeleg godt for Trygve Slagsvold Vedum og Senterpatriet, men så kom normaliseringseffekten og det manglande styringstillegget.
Foto: Javad Parsa / NTB
Strategien var klar. I tillegg til å vera distriktspartiet framfor noko, skulle Sp lokka veljarar over frå dei borgarleg, veljarar som i alle høve trudde at Erna Solberg kom til å tapa regjeringsmakta. Når Frp-veljarane i tillegg visste at Sylvi Listhaug ikkje ville inn i endå ei ny Solberg-regjering, sa det seg nesten sjølv: Sp skulle vera garantisten og bolverket mot SV, Raudt og MDG i ei Støre-regjering.
Strategien verka til han ikkje verka lenger. Marit Arnstad har gjort det klart at Sp berre samarbeider til venstre i budsjettpolitikken, og i tillegg vart Distrikts-Vedum gjort til Statsminister-Vedum. På toppen av det heile kom FNs klimapanel med ein ny rapport. Johan Giertsen analyserer tal på nettstaden Poll of Polls.
– Fyrst lyt eg få seia at denne trua mange norske kommentatorar har på at Sps nedgang på meiningsmålingane handlar om klima, den trua deler ikkje eg. Norske parti, når vi ser på lange tidsperiodar, ligg innanfor intervall. Ja, intervalla kan vera breie, men dei er der over tid. Det einaste partiet som har makta å bryta ut av eit slikt intervall og verta stort, er Frp. Normaliseringseffekten er sterk.
– Så du lit ikkje på at meiningsmålingar gjev eit rett bilete?
– For politiske kommentatorar er det på eit vis stortingsval heile tida, men for veljarane er det val berre kvart fjerde år. Dei byrjar å tenkja nøye etter kven dei vil røysta på i august før eit stortingsval. Om vi ser på valresultatet til Sp i 2013, var det 5,5 prosent. I 2017 makta dei nesten å dobla resultatet, til 10,3. Og i januar i år låg dei på 20 prosent på meiningsmålingane. Det vert mykje dobling på åtte år. Noko slikt har vi ikkje døme på i Noreg i etterkrigstida, anna enn for svært små parti. Normaliseringseffekten meiner eg er undervurdert eller ignorert av politiske kommetorar.
– Veljarane vert altså meir «normale» etter kvart som valet nærmar seg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.