Politikk
Hunden bit seg i halen
Same korleis vi snur og vender på det, vert den amerikanske valkampen i år om den amerikanske høgsteretten. Eit framlegg frå Franklin D. Roosevelt kan på ny verta aktuelt.
Ruth Bader Ginsburg har vorte eit ikon for den amerikanske venstresida. No har døden hennar gjort dei amerikanske kulturkrigen endå hardare.
Foto: Elizabeth Frantz / Reuters / NTB
Etter at grunnlovsforsamlinga av 1787 var ferdig, gjekk Benjamin Franklin ut av Independence Hall i Philadelphia, og kona til ordføraren i byen kom bort til han. «Kva har vi fått, doktor? Ein republikk eller eit monarki?» Franklin såg bort på henne og smilte: «Ein republikk, om de kan makta å halda på han.» Svaret hadde mange lag, og sitatet er eit av dei mest kjende i amerikansk soge. Kvar gong republikken er i krise, vert spørsmålet stilt: Kjem republikken til å overleva? Sjeldan har spørsmålet vorte stilt oftare enn no. Sist fredag tok kulturkrigen endå ei vending til det verre. Ruth Bader Ginsburg, ein venstreorientert domar i Høgsteretten, døydde i ein alder av 87. Donald Trump og Senatet har no høve til å utnemna ein konservativ høgsterettsdomar.
Det er no 47 år sidan Høgsteretten i Roe mot Wade-domen sa at ingen delstat hadde lov til å nekta kvinner abort før fosteret var levedyktig utanfor mors liv. I praksis vart det eit påbod om ei abortgrense på mellom 21 og 24 veker etter at graviditeten byrja. Men ein del delstatar har endå meir liberale regime, og tilhengjarane av desse regima veit å provosera konservative som meiner at det amerikanske abortregimet er for mildt. I fjor innførte delstaten New York er regime som sa at abort er lovleg etter 24. veke dersom det er fare for mors liv og helse eller at fosteret ikkje er levedyktig. Liv og helse er vage termar, men delstatsforsamlinga sette ikkje grenser og gav ikkje definisjonar. Dei overlèt tolkinga til helsepersonell og mødrene. Dette påstår motstandarane fører til at abort i New York i praksis er lovleg heilt fram til fødselen.
Abort er ikkje drap
I tillegg avkriminaliserte New York abort sjølv om fosteret er levedyktig. Tradisjonelt i USA har det vore slik at om ein drep eller skader ei kvinne slik at eit levedyktig foster ho ber på, døyr, skal ein tiltalast for drap. Det gjeld ikkje lenger i staten New York. Ein mann som drap ei gravid kvinne, vart ikkje tiltalt for dobbeldrap av påtalemakta. Dei sa at dei berre hadde heimel til å tiltala han for eitt drap. Då det nye regimet vart vedteke, gav guvernøren, Andrew Cuomo, ordre om at området der World Trade Center stod, og der minnesmerket no er, skulle lysast opp i rosa for å feira liberaliseringa. Handlinga roa ikkje ned kulturkrigen.
Tilhengjarar av det liberale regimet i New York og i andre statar seier at om Ginsburg vert erstatta av ein konservativ domar, kan regimet i New York verta ulovleg. Andre går lenger og seier at abort kjem til å vera heilt ulovleg over heile USA. Det siste skjer neppe, sidan det sjølv med ein ny konservativ medlem framleis er fleirtal for abort før levedyktig alder i domargruppa. Juristar vegrar seg dessutan mot å skapa heilt nye rettstilstandar utan basis i historia og sedvane.
Mykje kan verta endra
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.